Historisk arkiv

Fleire funn av ny dyresjukdom i Europa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mattilsynet melder om fleire funn av sjukdom forårsaka av Schmallenbergvirus i ulike land i Europa, og ber husdyrmiljøa vere årvakne.

Mattilsynet melder om fleire funn av sjukdom forårsaka av Schmallenbergvirus i ulike land i Europa, og ber husdyrmiljøa vere årvakne.

Sjukdom forårsaka av Schmallenbergvirus er nå påvist i Nederland, Belgia, Tyskland, Luxemburg, Frankrike, England og Italia. 

Sjølv om sjukdom forårsaka av dette viruset ikkje er påvist i Noreg, tilrår Veterinærinstituttet at det i Noreg blir gjennomført risikobasert overvaking av sjukdommen i den vektoraktive perioden av 2012.

- Erfaringa med Blåtunge syner at vi skal vere parate til å handtere nye dyresjukdommar, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Schmallenbergvirus har vist seg å vere årsak til aborter, daudfødsler og misdanningar hos storfe og småfe.

Kalver på beite

Schmallenbergvirus har vist seg å vere årsak til aborter, daudfødsler og misdanningar hos storfe og småfe. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)