Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

19.12.2007

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret innehelder artiklar om biovarmeanlegg, kompetansekurs for kommunal landbruksforvaltning, utleigehytter, spesialisert sauehald og ekspertisesenter for matnæringa i Rogaland.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret innehelder artiklar om biovarmeanlegg, kompetansekurs for kommunal landbruksforvaltning, utleigehytter, spesialisert sauehald og ekspertisesenter for matnæringa i Rogaland.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannens landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har lansert ei felles nyhetsteneste på nett. Tiltaket er et ledd i arbeidet med å videreutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil kome ut med eit nettbasert nyhetsbrev i halvåret. Denne gongen er det Rogaland sin tur som skriv om utviklinga i sauenæringa.

__________________________________

Flisa er på plass - kva med biovarmeanlegga?

Statsråd Meltveit-Kleppa opna nyleg Ryfylke Bioenergi AS i Hjelmeland. Det er det største produksjonsanlegget for flis på Vestlandet og kan i første omgang forsyna meir enn 3500 bustadhus med oppvarming og varmt vatn. No er det på tide å få på plass fleire biovarmeanlegg som kan gjera seg nytte av kvalitetsflisa frå Hjelmeland.

Rogaland har til no vore ein sinke i å ta i bruk fornybar energi. Mange har vegra seg for å bruka bioenergi med grunngjevinga om at tilgang på flis er så usikker i vårt fylke. No har skogeigarane gått føre og gjort sitt for at det skal vera enkelt å bruka bioenergi i store delar av Rogaland. Flisa er på plass. Men framleis er det altfor få bygg, både offentlege og private, som synest å vilja satsa på biovarmeanlegg.

Norwegian Wood er eit stort prosjekt i samband med Stavanger 2008 Europeisk kulturhovudstad. Formålet med prosjektet er større bruk av lokalt trevirke til moderne, urbant og miljøvennleg byggjeri. Eit av måla er å minimalisera energibruken og å nytta mest mogleg fornybar energi.

På ei prosjektsamling 11. desember der energibruk var hovudtema, kom det fram at ikkje eit einaste av byggjeprosjekta under Norwegian Wood per dato har bioenergi som hovudoppvarmingskjelde. Mange er faktisk prosjekterte med gass som oppvarming, i tillegg til ulike typar varmepumper. I enkelte prosjekt er det krav om vassboren oppvarming.

Vi må altså konstatera at sjølv i prosjekt som i særleg grad skal ta omsyn til miljøvennleg bygging og drift, er bioenergi framleis ikkje med i diskusjonen. Dette viser at det ofte er lang veg frå politikken på Stortinget til praktisk handling i kommunar og enkeltprosjekt.

Les meir hos:

Kvalitetsflis. Foto: Robijne Verstegen
Kvalitetsflis. Foto: Robijne Verstegen

Kompetansegivande kurs for tilsette i kommunal landbruksforvaltning

Landbruksforvaltninga i kommunane har ein viktig rolle som førstelinjeaktør i utøving av landbrukspolitikken. Det er difor vesentleg at kommunane har nødvendig kompetanse på alle fagfelt dei har ansvar for.

Fylkesmannen i Rogaland har saman med fylkesmennene i Hordaland, Aust-Agder og Vest-Agder utvikla eit modulbasert, kompetansegivande studium for tilsette i kommunal landbruksforvaltning i Rogaland, Hordaland, Vest-Agder og Aust-Agder. 

Vi legg opp til at kvart kurs/modul vil gi 10 studiepoeng. Kursa vil gå over eitt semester og blir avslutta med eksamen. 

Det første kurset i serien gjeld kulturlandskap - ”Forvaltning av kulturlandskap i endring”. Dette kurset blir arrangert i samarbeid med Universitet i Stavanger. Kurset startar opp våren 2008. Av tema som blir tatt opp under kurset kan nemnast:

Sau i kulturlandskap. Foto: FMLA i Rogaland
Sau i kulturlandskap. Foto: FMLA i Rogaland.

Til dette første kurset fekk vi 41 søkjarar til 30 studieplassar. Interessa for større kompetanse innan kulturlandskap er med andre ord stor. 

Neste kurs som er under planlegging, gjeld landbruksjuridiske emne, og det kurset skal gå hausten 2008. Dette kurset vil bli arrangert i samarbeid med Universitetet i Agder. Her blir det teke opp tema som:

  • Juridisk metode
  • Alminneleg forvaltningsrett
  • Konsesjonslova
  • Odelslova 
  • Jordlova

I løpet av 2009 planlegg vi eit kurs innan landbruksbasert næringsutvikling. Dei som gjennomfører alle tre kursa og tek eksamen vil få formell kompetanse innan offentleg landbruksforvaltning på 30 studiepoeng. 

Utleigehytter til bry?

Mange bønder har fått bygdeutviklingsmidlar for å satsa på korttidsutleige av hytter og andre husvære. Innovasjon Norge Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland har undersøkt kva som har skjedd med dei tiltaka som fekk støtte i perioden 1995 - 2005.

Undersøkinga er avgrensa til å gjelda alle hus, hytter og andre husvære til utleigeformål som har fått støtte i perioden 1995 - 2005. 

Resultata viser:
65 prosent driv med ordinær korttidsutleige
28 prosent driv med utleige på åremål
78 prosent driv med utleige i ei eller anna form
22 prosent har avvikla drifta. Det er dette utvalet som er interessant å sjå nærare på
60 prosent  av eigarane er født før 1957 (over 50 år)

Dei som driv med utleige på åremål (28 prosent) oppfyller ikkje Innovasjon Norge sine vilkår for støtte. Totalt sett tyder dette på at 30 – 40 prosent av støttemottakarane ikkje oppfyller vilkåra til Innovasjon Norge fullt og heilt. Vi ser også ein klar tendens til at sakene ikkje blir innrapportert frå kommunane til Innovasjon Norge for brot på vilkåra for støtte. 

Årsaker:
Det at altså 22 prosent i den undersøkte gruppa som har avvikla utleigedrifta. Spørsmålet er då kvifor desse har avvikla det dei for få år sidan ville satsa på.

I dei tilfella verksemda er avvikla, seier fleire at det er pga. for lite inntening og at verksemda er for ”puslete” i omfang. 

10,6  prosent  har gjennomført generasjonsskifte. 3 av 10 har avvikla utleigedrifta. I alle dei tre tilfella, er utleigeeininga seld/tatt i bruk til bustad. Det vil seia at det er blitt brukt offentlege midlar til å rehabilitera hus/byggja hytter som før det er gått 10 år endar opp som bustad for barna.

Vi ser også ei utvikling mot at talet på frådelingssaker i samband med arveoppgjer er aukande. Verdiane på garden og utleigeverksemda blir så stor at ny eigar ikkje maktar å løysa ut syskena.

Dei største utfordringane vil vi oppleva i attraktive Ryfylke, ettersom nær 50  prosent av tiltaka ligg i Hjelmeland, Suldal og Finnøy. Dei fleste av desse er eigedommar i nærleiken av strandsona.

På bakgrunn av at størsteparten (60 prosent) av utleigarane er over 50 år, forventar vi at problemstillingar ved sal/overdraging vil auka dei neste 10 - 15 åra. 

Attåtnæring som endrar karakter:
I nokre tilfelle registrerer vi at det som var tenkt som eit ekstra bein å stå på for garden, fører til at garden blir tappa for ressursar. Dette skjer tildømes der saka endar opp med omregulering til område for fritidsbustader. Både areala og den tiltenkte arbeidsplassen på garden blir borte.

Skrabbavikjo. Foto: FMLA i Rogaland
Skrabbavikjo. Foto: FMLA i Rogaland

Spesialisert sauehald - siste steg før full avvikling?

Store delar av gardsbruka som i 1991 var reine sauebruk[1] hadde 1.1.2007 lagt ned gardsdrifta. Dette kjem fram i ein analyse som Fylkesmannen har gjort av sauebruka i Rogaland.

I 1991 var det totalt 1163 gardsbruk i Rogaland som berre dreiv med sau. Pr 1.1.2007 var det framleis drift på berre 476 av desse bruka, noko som viser at 59 prosent av bruka har lagt ned drifta. Gjennomsnittleg nedgang for alle gardsbruk i drift i same tidsrommet er i Rogaland 40 prosent. Det vil seia at nedgangen av spesialiserte sauebruk er langt høgare enn gjennomsnittet for bruk totalt.

Men sjølv om det er svært mange av dei spesialiserte sauebruka som legg ned drifta, er det også mange som spesialiserer seg frå kombibruk til spesialiserte sauebruk. Dette gjer at tilgangen på nye reine sauebruk i stor grad kompenserer for dei bruka som blir lagt ned. Dette gjer at talet på spesialiserte sauebruk ,trass i stor nedgang, berre har minka med 6 prosent frå 1991 til 2007.

I alt er det 852 færre bruk som driv med sau i 2007 enn det var i 1991. Av desse var 736 spesialiserte sauebruk før dei la ned drifta eller endra driftsform. 86% av dei sauebruka som til slutt avviklar drifta går over til reint sauehald før dei sluttar heilt.

Økonomiske årsaker?

Det er uklart kva som er årsaka til at nedgangen blant spesialiserte sauebruk er vesentleg større enn gjennomsnittleg nedgang i gardsbruk, men ein kan nok sjå på økonomiske faktorar som ei viktig forklaring. Lønsemda innan sauehald har lenge vore dårlegare enn for mange andre landbruksproduksjonar. Næringa  slit med gamle og umoderne driftsbygningar. Delar av næringa har også eit større hobbypreg enn andre landbruksproduksjonar. Mange går over til reint sauehald i samband med at dei tek seg fulltidsjobb utanom bruket. Redusert interesse for landbruk og lågt økonomisk utbytte kan føra til at heile drifta til slutt blir lagt ned. Dei små spesialiserte sauebruka kan i mange tilfelle sjå ut til å vera fyrste steget mot full nedlegging.

Sauebruk. Foto: Arne Jostein Lyshol
Sauehold. Foto: Arne Jostein Lyshol 

Ekspertisesenter for matnæringa i Rogaland - NCE Culinology

Matnæringa i Rogaland fekk i sommar, i skarp konkurranse med andre fagmiljø, status som Norwegian Center of Expertise (NCE) innan Culinology. Berre to andre næringsmiljø fekk denne godkjenninga i 2007: ei næringsklynge innan havbruk i Nordland og ei gruppe innan medisin og farmasi i Oslo.

Å komma gjennom dette nålauga vil ytterlegare forsterka Rogaland som matregionen i landet. Måltidets Hus i Stavanger blir den fysiske adressa for det kulinariske senteret. 24 sentrale aktørar i matklynga utgjer partnarskapen som står bak ekspertisesenteret. Dette er for det meste store verksemder innan matnæringa - i tillegg til sentrale forskings- og utviklingsaktørar og Stavanger-regionen Næringsutvikling, Rogaland Fylkeskommune og Fylkesmannens Landbruksavdeling. 

Statusen som NCE Culinology medfører ei årleg finansiering på omlag 10 millionar kroner i ti år framover. Halvparten av dette er offentlege midlar. Kanskje viktigare enn pengane vil vera høve for kompetanseheving, betre rekruttering og internasjonalisering.

Partnarskapen har vald eit styre som består av:

  • Trond Smeby - styreleiar, visekonsernsjef i TINE
  • Per Olav Skjervold - nestleiar, administrerande direktør i Ewos innovation
  • Ragnhild Solheim - styremedlem, konserndirektør i Nortura
  • Turid Lande Solheim - styremedlem, produksjonssjef Marine Harvest
  • Martha Ulvund - styremedlem, professor Norges Veterinærhøyskole
  • Anbjørn Øglænd - styremedlem, grunder og aktiv eigar i Prima Jæren
  • Tom Tvedt - styremedlem, fylkesordførar i Rogaland, styremedlem Fagforum for Mat og Drikke 

Helge Bergslien er engasjert som hovudprosjektleiar fram til sommaren 2008.  Helge Bergslien er til dagleg administrerande direktør ved Norconserv AS.

NCE-programmet: Det nasjonale NCE-programmet er eit 10-årig program som vender seg til næringsklynger som har klare ambisjonar, strategiar og eit stort potensial for vidare vekst. Næringsmiljøa som blir ekspertisesentra skal bestå av verksemder som er internasjonalt orienterte og har stort potensiale for vidare vekst basert på innovasjon, auka samarbeid, internasjonalisering, forsking og utvikling. Desse miljøa kan utvikla seg til motorar for regional og nasjonal næringsutvikling. NCE-programmet tilbyr bedriftene fagleg og finansiell støtte til utviklingsprosessar.

NCE-programmet blir administrert av Innovasjon Norge, Forskingsrådet og SIVA og er lagd inn under Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

Hålandkjøt. Foto: Arne Jostein Lyshol
Hålandkjøt. Foto: Arne Jostein Lyshol 

--------------------------------------------------------------------------------

[1] Definisjon for spesialiserte sauebruk er at minst 90 prosent av GDE (Gjødseldyreining) kjem frå sau.