Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Tidsskrift, 11.06.2008

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Status: Arkivert

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2008

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna artiklar forsterka tilsyn med sau på utmarksbeite, rekordhogst i fylket og verdens første sauefestival.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

Forsterka tilsyn med sau på utmarksbeite - vidareføring av pilotprosjekt i Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag 2008

Det er store tap av sau og lam på utmarksbeite i Møre og Romsdal. Lammetapet har vore over 10 % i fleire år over store delar av fylket. Tapsårsakene varierer. I rovviltområda i indre strøk på NordMøre og i Romsdal auka tapa markert med at talet på rovdyr auka utover på 90-talet. I 2007 tok difor Landbruks- og matdepartementet initiativ til eit pilotprosjekt for å få betre innsikt i kva som skjer med med beitedyra. Hovudmålet var å dokumentere tapsårsaker, for om mogleg å kunne sette i verk forebyggande tiltak. Vidare var det eit mål å dokumentere betre den tilsynsaktiviteten som beitebrukarane gjer. Aktiviteten kanaliserast gjennom beitelaga, som får utbetalt tilskot pr. dagsverk for ekstra tilsyn. Tilsynsruter, samt lokalitet for funn av daude/ skadde dyr, vart dokumentert ved hjelp av GPS.

Prosjektet vert ført vidare i 2008 med utvida rammer. Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag er pilotfylke. Dei same beitelaga som deltok i prosjektet i fjor, deltek også i år. I tillegg kjem 3 nye lag i Møre og Romsdal. Her i fylket vert det fokusert mest på område der rovdyr ikkje er hovudårsak til tapa. Beitelaga som deltek i prosjektet i Møre og Romsdal i 2008 er Vanylven, Sykkylven, Fræna, Vestnes, Tresfjord, Ytre Tingvoll, Kårvatn, Rindal, Aure, Sunndal og Isfjorden. 

I Møre og Romsdal er også sjukdom ein viktig tapsårsak. Det ser ut til at fleire sauebesetningar vert stadig hardare ramma av infeksjonssjukdommar. Sjukdomsbiletet er komplisert, men det er særleg dei flåttborne infeksjonssjukdommane som gjev alvorlege lidingar for dyra, og økonomiske konsekvensar for næringa. I 2008 blir det derfor lagt opp til å bruke ein del pengar på prøvetaking av sjuke og daude dyr for sikrare å kunne fastslå dødsårsakene ved sjukdom. Prøvene vil bli analyserte ved Veterinærinstituttet. Nytt av året er også høvet til å nytte radiobjeller. Sendarane vil i hovudsak bli brukt til å lokalisere flokkane for å lette tilsynet, men i einskilde besetningar vil ein større del av søyer og lam bli utstyrt med sendarar. 

Det er venta at prosjektet blir utvida til å gjelde heile landet på sikt. 

Matglede og matmangfald 2008, satsing på etablering av skulehagar

I samband med prosjekta Matmangfald og matglede i skulen, ønskjer Møre og Romsdal fylke i 2008 å satse på etablering og drift av skulehagar. 

Skulehagar vil vere arena for læring på tvers av ei rekke fag. På ein framifrå måte kan ei slik satsing bidra til å gje elevar kunnskap om kretsløpet i naturen, auka medvit om sunn og kortreist mat, økologiske dyrkingsmetodar, matkvalitet og ernæring. I tillegg kjem aspektet med fysisk aktivitet rundt arbeidet i skulehagen i fokus. Det vil vere eit glimrande høve til å etablere elevbedrifter, og gjennom dette fremme ungt entreprenørskap. 

Det blir arrangert eit kurs for kommunar og grunnskular her i fylket, på Tingvoll gard, som har ein etablert økologisk skulehage. Her vil moglegheitene for prosjekt og læring knytta til skulehager bli tatt opp, samt at det vil bli formidling av erfaringar frå andre skular. Målet er at skulane som deltek på dette seminaret, skal kunne søkje om penger til skulehageprosjekt for sine skular før skulestart hausten 2008. Bioforsk Tingvoll har utarbeidd skriftleg materiell om emnet som vil vere tilgjengeleg for skulane.

Alveld - tampen brenn!

Heilt sidan 1998 er det forska på årsaka til den beiterelaterte lammesjukdommen alveld her i Møre og Romsdal. Sjukdommen fører til fotosensibilitet hos lamma, sår og avskalling av hud som forårsakar store lidingar og som regel endar med døden. Forskinga har gått føre seg i eit beiteområde på grensa mellom kommunane Halsa og Surnadal i hovudsak i regi av Ivar Mysterud frå Biologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Utbrot av sjukdommen har samanheng med stoff i planta rome, men det har lenge vore semje mellom forskarane at det i tillegg må vere andre faktorar til stades for at lamma skal bli sjuke. Det har vore forska mykje på ulike soppartar, men dette sporet er no avslutta. 

I 2008 vart det gjort eit gjennombrot i forskinga, og det er grunn til å tru at ein no har kome eit stort skritt vidare i å finne alvelden sin ”missing link”. Funn av store mengder fotosensibiliserande cyanobakteriar i gelèaktige førekomstar i beiteområdet har ført til hektisk aktivitet ved Biologisk institutt. Dyra kan få i seg desse bakteriane mellom anna gjennom drikkevatnet. Det er no innleia eit breiare samarbeid med Farmasøytisk institutt, og det vil bli vidare større forskingsprosjekt knytt til dette i åra som kjem. Dersom ein veit årsaka til sjukdommen, er første skritt nådd for å finne ei løysing på problemet.

      Romeplante i blomst. Foto: Veterinaerinstituttet
Romeplanta - ikkje den einaste skuldige i alveldsaka? Foto: Veterinærinstituttet

 

Averøy vart årets internett-kommune i Møre og Romsdal

No har det gått ein søknadsomgang, og i fleire kommunar har søkjarane igjen starta å levere søknader på nettet. Det er likevel eit godt stykke att til nivået før Altinn. På det meste leverte godt og vel 35 % av søkjarane søknadane sine på nett før Altinn, mens det ved siste omgang vart levert søknad via internett frå ca 28,5 % av søkjarane. Dei fleste kommunane hadde auke frå august 07 til januar 08, men 5 kommunar hadde faktisk tilbakegang. I ein kommune (Sandøy) leverer 57% av søkjarane via nett, og i 4 andre kommunar leverer mellom 40 og 50 % av søkjarane via nettet. Det er i denne gruppa vi finn årets prisvinnar.

Fleire kommunar har hatt ganske stor auke frå august 07 til januar 08, men fleire av desse hadde òg ein sterk nedgang framfor oppgangen. Fleire kommunar har på ulike vis reklamert for å levere søknader på internett.

Prisvinnaren merker seg ut på fleire måtar. Det var ingen tilbakegang i talet på nettsøknader på grunn av overgangen til Altinn. Likevel har kommunen etter overgangen til Altinn hatt stor auke i talet på nettsøknader. Dette har ikkje kome av seg sjølv, for prisvinnaren er den einaste kommunen som har stelt til utlodning. Gevinsten var eit flott bilde laga av Rolf Øidvin. Kommunen har elles drive aktiv informasjon, og reklamert for å levere søknader via internett. 47,7 % av bøndene i kommunen leverte i januar 2008 søknaden sin via Altinn.

     Kari Vik er jordbrukssjef i Averøy kommune – årets internett-kommune i Møre og Romsdal. Foto: Averøy kommune
Kari Vik er jordbrukssjef i Averøy kommune - årets internett-kommune i Møre og Romsdal. Foto: Averøy kommune

Prisen er delt i to:

  • Eit tresnitt av kunstnaren Lars Christian Istad, blir gitt til kommunen som vandrepris, og må forsvarast neste år.
  • Diplom 

Vi gratulerer Averøy kommune med årets pris.

Feltkurs i klassifisering av markslag

Korleis skal eit areal klassifiserast? Er det skog, myr, open fastmark eller innmarksbeite? Kvar går grensa, når det er glidande overgangar mellom innmarksbeite og anna areal? Korleis skal tunområde avgrensast?

Desse og fleire andre spørsmål engasjerte 6 kommunar på Nordmøre, som var samla til feltkurs i klassifisering av markslag den 27. mai i år. Møre og Romsdal fylke var arrangør, og Torgrim Sund og Asbjørn Bollandsås frå Norsk institutt for skog og landskap stod for det faglege innhaldet. Gjennom teori og synfaring i terrenget fekk deltakarane på kurset god innsikt i og øving med å klassifisere areal, der det kunne vere tvil om rett løysing. Erfaring gjennom fleire år har vist at innmarksbeite ofte er årsak til merknader om feil i klassifiseringa som Skog og landskap har utført. Årsaka ligg i at slikt areal ofte kan ha ulik grad av tresetting, innslag av lyngtuer, berg og stein og vatn. Særleg er det vanskeleg eller umogleg å fastslå om arealet er innmarksbeite, dersom arealet er tresett.

Ved Engevatnet i Halsa hadde Torgrim og Asbjørn i samråd med kommunen funne fram til fleire felt, som plasserte deltakarane direkte inn i problemstillingane ovanfor. Her var det beite med tresetting, beite med uklare grenser til lyngmark, og der var fulldyrka areal, som var i ferd med å gro att.

Kurset var det fjerde i rekkja av slike kurs, og vart arrangert for å hjelpe kommunane til best mogleg kvalitet arbeidet med å kvalitetssikre digitaliseringa av gardskarta. Skog og landskap har fått oppdraget med å digitalisere jordbruksarealet på alle landbrukseigedomar i landet. Dette vert gjort på grunnlag av ortofoto, som er målestokkriktige flybilete av landskapet. Ortofoto blir teke opp gjennom Geovekst, eit samarbeid mellom ulike brukarar av kartdata. Desse bilda gjev eit særs godt bilete av landskapet. Fleire stader er der likevel areal som treng synfaring, for å bli rett klassifisert. Særleg gjeld dette der det er tresetting på beite, men det kan òg vere vanskeleg på andre arealtypar. Synfaringane er det kommunane som utfører, og fylka hjelper til med opplæring og koordinering av arbeidet. 

   

 

Bjarne Otnes frå Eide kommune og Asbjørn Bollandsås frå Skog og Landskap diskuterer klassifisering av innmarksbeite. Foto: Arnold Hoddevik, Møre og Romsdal fylke
Bjarne Otnes frå Eide kommune og Asbjørn Bollandsås frå Skog og Landskap diskuterer klassifisering av innmarksbeite. Foto: Arnold Hoddevik, Møre og Romsdal fylke

Arbeidet med digitalisering av karta er delt i fasar. Gjennom dei ulike fasane får kommunane delta på ulike kurs og seminar, som byggjer opp under arbeidet kommunane skal gjere. Først utarbeider Skog og landskap kart og jordregister, som vert sendt til kommunane. Grunneigarane får karta til ettersyn frå kommunen, og melder attende om feil. Kommunane rettar feila, og returnerer data til skog og landskap, som brukar dei oppretta datasetta til å produsere eit nytt jordregister. Arealdata frå det oppretta jordregisteret vert der etter tekne i bruk i berekning av arealbaserte tilskot i landbruket. Dette skjer ca to år etter at kommunane fekk tilsendt det første jordregisteret. Gardbrukarane og forvaltninga får tilgang til dei nye gardskarta gjennom tenesta gardskart på internett, landbruksforvaltninga får enklare arbeid med tilskotsforvaltning. Kommunane får fleire fordeler. Gjennom kvaltietssikringa av gardskarta får dei på plass rutinar for oppretting og ajourhald av digitale kartdata, dei får gjennomført ei stor oppretting av den digitale eigedomsbasen i kommunane, og dei får langt betre kunnskap om arealtilstanden i kommunane. Etter at digitaliseringa er fullført, skal kommunane kontinuerleg halde ved like dei digitale kartdatabasane etter kvart som det skjer endringar, slik som reguleringsplanar, vegbygging, nydyrking, frådeling, attgroing og liknande.  

Fiskarbonden sin arv - arbeid for kysten held fram

Prosjektet ”Fiskarbonden sin arv” er forlenga med eit år til 1. august 2009, etter ønskje frå dei 5 samarbeidskommunane. Tiltak i nasjonalt og regionalt viktige kulturlandskapsområde på kysten i kommunane er hovudfokus i prosjektet. 

Gjennom utprøving av ulike modellar for ivaretaking av kystkulturlandskapet, til dømes jordformidling, har ein hittil starta opp att med beiting på 1000 mål nasjonalt viktig kystkulturlandskap, som har vore i ferd med å gro att. Dette er positivt for utsikt til havet og det biologiske mangfaldet, men óg for grunneigarar som får stelt landskapet på eigedomen sin og husdyreigarar som treng beiteareal. 

Ny bruk av bygningar knytt til kystkulturen, til dømes servering av lokal mat, overnatting og aktivitetsturisme, er eit anna satsingsområde i prosjektet. I tilegg arbeider ein med verdiskaping knytt til andre kulturminne og tilrettelegging av ferdselsårer på kysten. 

      Lam på beite i nasjonalt viktig kulturlandskap i Hustadvika, Fræna kommune. Foto: Geir Moen, Fiskarbonden sin arv
Lam på beite i nasjonalt viktig kulturlandskap i Hustadvika, Fræna kommune.
Foto: Geir Moen, Fiskarbonden sin arv.


Prosjektet arbeider med å auke kompetansen rundt skjøtsel av kystkulturlandskapet, og har mellom anna arrangert kurs i ny bruk av naust og sjøbuer, lyngsviing og stell og vidareforedling av utegangarsau. Ein arbeider med å få til meir samarbeid om vidareforedling av utegangarsau som beiter på kystlyngheiene i fylket – ein truga landskapstype. Det er og laga beitebruksplanar og skjøtselsplanar for nokre særskilt viktige lokalitetar. I det siste prosjektåret vil ein arbeide vidare med fleire gode tiltak, som ein håpar å sjå effektane av i åra som kjem.

For mykje hjort i Møre og Romsdal

Hjorten er i ferd med å ete seg ut av sitt eige matfat i mange område i vårt fylke. På trass av sterk auke i avskytinga har bestandane auka, og lovheimel for kraftigare regulering av bestanden må bli vurdert. Møre og Romsdal fylke ser situasjonen som så alvorleg at vi har bede Direktoratet for naturforvaltning om å etablere lovheimel som gjer at det offentlege kan gå inn å regulere ned hjortebestandar til forsvarleg nivå dersom grunneigarane ikkje klarer det i samarbeid med kommunane.

Sist haust blei det felt over 9000 hjort i Møre og Romsdal, men dette var ikkje nok til å redusere bestandane ned til ønskjeleg nivå. 

Fleire stader er naturleg beite sterkt redusert på grunn av lang tids overbeiting. Dagens hjortestamme er difor ein trussel mot biologisk mangfald og han påfører både jord- og skogbruket vesentlege økonomiske tap. I tillegg aukar påkjørslane av hjort i takt med auka dyretal. 

Vi har over tid fått gjennomført registreringar som viser at beiteplantene i einskilde vinterområde no er så nedbeita at det og er fare for ei omfattande dyretragedie dersom vi får ein kald og snørik vinter. Mellom anna har hjorten beita ned blåbærlyngen over store areal. 

Blåbærplanta er viktig næring for eitt utal av artar. Frå insekt, trast, hare, rype, storfugl, orrfugl og til bjørn. Om hausten er nesten all skiten blå – om han stammar frå mår eller svarttrast. Då er det sjølvsagt at sterk hjortebeiting kan ha store negative konsekvensar for mange artar. 

I § 1 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever står det at føremålet med forskrifta er å bidra til at forvaltninga av hjortevilt tek i vare bestandane og leveområda sin produktivitet og mangfald. Det står og at forvaltninga skal sikre bestandsnivå som medfører at hjortevilt ikkje forårsakar uakseptable skader og ulemper på andre samfunnsinteresser. 

For å redusere hjortebestandane til nivå som er i tråd med føremålet i forskrifta må grunneigarane saman med kommunane syte for at jaktuttaket blir så høgt at hjortebestandane blir vesentleg redusert i dei områda som har mest hjort.

Døme på overbeiting forårsaka av hjort. Foto: John Hauger, Møre og Romsdal fylke.
Døme på overbeiting forårsaka av hjort. Foto: John Hauger, Møre og Romsdal fylke. 

Rekordhogst i Møre og Romsdal i første kvartal

Hogsten har nesten dobla seg i høve til same periode i fjor. Ser vi vekk frå etterverknad av orkanen 1. januar 1992 må vi tilbake til 80-talet for å finne liknande aktivitet i skogen som det vi ser no. Det er fyrst og fremst hogst av gran som gir seg utslag i statistikken. 

Det er stor etterspurnad etter skogsdrift og det er i dag mangel på entreprenørar i fylket. Likevel er ein av årsakene til auken at vi har hatt tilgang på taubaneutstyr i fylket gjennom heile vinteren. 30 prosent av granarealet i hogstklasse 4 og 5 i fylket er definert som taubaneterreng, og vi ser det som avgjerande at vi klarer å oppretthalde både aktiviteten og kompetansen blant dei som driv med taubaneutstyr. 

”Frå kratt til kroner” blir oppsummert på konferanse 18. juni
Prosjektet ”Frå kratt til kroner” i samarbeid med Møre og Romsdal fylke arrangerar open prosjektkonferanse på Quality Hotel Alexandra i Molde onsdag 18. juni. 

Prosjektet ”Frå kratt til kroner” vart starta hausten 2005 med bakgrunn i den auka gjengroinga langs det vegnære kulturlandskapet. Prosjektet har fokusert på areala langs veg som ein ressurs med tanke på trafikksikkerheit, bioenergi, virkesproduksjon og estetikk. Dette har ført til auka kompetanse om barrierar og moglegheiter for eit opent vegnært kulturlandskap.  

Det har i alt blitt rydda ca 37 km med skog langs vegane i prosjektkommunane. I tillegg til eit opnare landskap og betre utsikt langs vegen, har talet på viltpåkjørsler gått ned med 50 - 60 prosent langs utsette strekningar. 

Bioenergi har vore eit av satsingsområda i prosjektet, ein har arrangert fagturar, konferansar, fagkveldar og kurs for å auke kompetansen og interessa for etablering av bioenergianlegg i prosjektkommunane. Målet er at ein på sikt får ein marknad som kan ta imot brenselflis frå vegkanthogst og dermed bidra til eit ryddig landskap. Gjennom prosjektet har ein opparbeida kompetanse når det gjeld driftsopplegg, logistikkløysningar og brenselkvalitet. Når det gjeld tørking av virke har ein sett nærare på både naturleg tørking og bruk av mindre tørkeanlegg for brenselflis. I eit forsøk om naturleg tørking av heiltre av selje i Vanylven kommune har prosjektet i samarbeid med Skog og Landskap dokumentert at fuktinnhaldet kan reduserast til ca 30 prosent ved eit års lagring. I samarbeid med prosjektet ”Treflistalle i Møre og Romsdal” ser ein og på moglegheita for å nytte virke frå vegkanthogst som strø til husdyr.   

Verdens første sauefestival

Velkomen til Innerdalen og sauefestival 23.24. august 2008! Sauen har lange tradisjonar i Innerdalen. Landskapet her er prega av beitedyr som har beita her gjennom generasjonar. I to heile dagar skal sauen vere i sentrum! Her skal du få oppleve sauen i sitt rette element: I utmarka, som kulturlandskapspleiar, i samspel med gjetarhund, som objekt for sauedommarane sine kritiske blikk, og sist men ikkje minst- som ei fantastisk smaksoppleving! Vi har lagt opp til eit spennande program, og vi vonar alle vil få nokre fine dagar i lag, både fagleg og sosialt. Vi gler oss!

Sauefestivalen er et samarbeid mellom Møre og Romsdal Sau og Geit og Møre og Romsdal fylke.