Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 3/2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna ein artikkel om den store etterspurnaden på råvarene frå hagebruket.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna ein artikkel om den store etterspurnaden på råvarene frå hagebruket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

 

Lars Peder Brekk opna minikraftverk og besøkte Inn på tunet gard

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk var på besøk i Sogn og Fjordane den 22. september. Første del av dagen var sett av til småkraftutbygging. Høvet vart nytta til offisielt å opne Vågen Minikraftverk AS på Vågen i Gaular kommune. Lars Peder Brekk peika på at det er viktig at gardsbruka utnyttar dei ressursane/mulegheitene dei har. Det omfatta også å byggje mini- eller småkraftverk når tilhøva er til stades.

NVE har synleggjort ressursgrunnlaget som finst i rapport nr 19-2004, ”Berekning av potensial for små kraftverk i Norge”. Rapporten syner at Sogn og Fjordane er eit av dei fylka som har størst utbyggingspotensial for småkraftverk. I alt syner denne utgreiinga at i Sogn og Fjordane er det 6196 GWh som teoretisk kan byggjast ut. På langt nær alt av dette vil bli bygd ut, men det gir likevel eit stort potensiale for miljøvenleg energi og verdiskaping.

Resten av dagen var sett av til å setje fokus på Inn på tunet tenester. Han besøkte gardsbruket til Arnfinn Noss og Liv Offerdal. Dei driv tilrettelagde aktivitetstilbod for skular og barnevern. Slike tilbod gjev stor effekt for brukarane, men kommunane er for lite beviste på tilbodet. Lars Peder Brekk uttalte at han ønskjer å setje søkelys på saka ved å ta den opp med Kommunenes Sentralforbund.

  

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk åpner Vågen Minikraftverk. Foto: Bjørn Lauritzen
Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk åpner Vågen Minikraftverk.
Foto: Bjørn Lauritzen

Besøk på Noss Gard. Foto: Helge Noss
Besøk på Noss Gard. Foto: Helge Noss

Lenker:

 

Støtte til landbruksdrift i verdsarvområda

Sentrale styresmakter ønskjer at verdsarvområda også i framtida skal ha eit levande landbruk. Aktive bruk i verdsarvområda får difor midlar til beitedyr og pleie av kulturlandskapet. Totalt er det sett av 4,4 mill. kroner i statsbudsjettet til vestnorsk fjordlandskap.

I 2007 vart det etter initiativ frå Verdsarvrådet for Vestnorsk Fjordlandskap utarbeidd ein tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegøyane. Arbeidet har føregått i nært samarbeid mellom verdsarvrådet og fylkesmennene i dei aktuelle fylka. For 2008 er det for fyrste gong sett av om lag 4,4 mill kr. i statsbudsjettet i eit spleiselag mellom Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet til oppfylging av tiltaksplanen for kulturlandskapet i vestnorsk fjordlandskap.

Arealbidrag og beitebidrag
Fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har fått tillagt oppgåva med  å fordele midlane etter avtale med brukarane som er knytte til vestnorsk fjordlandskap. I denne avtalen er det fokus på eit arealbidrag og eit beitebidrag. Arealbidraget skal gjere det økonomisk interessant å pleie alle prioriterte kulturareal i samsvar med dei reglar for skjøtsel som blir utarbeidd. Beitebidraget skal sikre nok beitedyr til å ta vare på dei viktigaste kulturlandskapsområda.

Langsiktig prosessarbeid
Ein svært viktig faktor for å få til eit godt resultat, er nær kontakt mellom dei aktive bøndene i området og regionale og lokale styresmakter herunder også Verdsarvrådet. Alle som bur innanfor verdsarvområdet er vitja. Dei har kunne formidla sine utfordingar om korleis ein kan klare å oppretthalde eit aktivt levande landbruk i eit områda som no har fått denne høge statusen. Stoltheit og identitet til dei som lever og bur i desse områda ser vi på som heilt avgjerande for å kunne halde fram med eit levande landbruk. Første byggesteinen på plass, og no er det viktig å kunne vidareutvikle arbeidet i verdsarvområda.

Møte på Bakka. Foto: Roar Werner Vangsnes   Gunnar Jordalen i Nærøyfjorden. Foto: Roar Werner Vangsnes

Den gode dialogen mellom brukar og lokale/regionale styresmakter har vore og blir viktig i arbeidet med det aktive landbruket verdsarvområdet. Her frå møte med t.v. Svein og Liv Marit Tufte på Bakka og t.h. med Gunnar Jordalen i Nærøydalen. Foto: Roar Werner Vangsnes. 

 

Kamp om råvarene frå hagebruket

Frukt og bær til industri har siste åra fått auka verdi gjennom produktutvikling og nyskaping i produktsortimentet. Industribedriftene konkurrerer no på pris for å få fatt i råvarene dei treng.

Sogn og Fjordane har fleire bedrifter som produserer framifrå frukt- og bærprodukt etter tradisjonelle oppskrifter med norske og importerte råvarer i blanding. Desse bedriftene merkar no at kvalitetsprodukt produsert av lokale råvarer opnar for ein ny, spennande marknad der det er  stor vilje til å betale for produkta. Produsentane oppnår betre prisar for råvarer som ikkje lenger er avfallsprodukt, men høgverdige råvarer for foredla produkt det er stor interesse for blant konsumentane.

   
Pære. Foto: Torbjorn Takle
Pære. Foto: Torbjorn Takle

Siste åra har dyktige produsentar i Sogn og Fjordane satsa mykje på å byggja opp ein kvalitetsproduksjon av bær og frukt til friskmarknaden. For å halde topp kvalitet på friske produkt, må ein ha tilgang til foredlingsbedrifter som tek seg av den delen av råvarene som ikkje held mål for frisk omsetnad. Desse produkta har fullverdig kvalitet som råvare for foredlingsindustrien. Det er her ein finn rom for fleire produkt og auka produksjon. Med auka kreativitet i industrien, ser me truleg berre starten på kampen om råvarene.

Norske pærer har lenge vore ei tapande frukt i norske butikkar. Pærejuice basert på norske pærer, er eit nytt produkt som gir ny giv til pæredyrkinga i fylket. Dette opnar for ei spennande utvikling der pærer kan få ei framtid både som industriråvare produsert på kontrakt, og som det framifrå produktet norske pærer kan vere for frisk konsum.
 

Sogn og Fjordane har fått sitt første Inn på tunet - tilbod for demente

Luster kommune er først ute i Sogn og Fjordane med å opprette aktivitetsstilbod på eit gardsbruk for eldre med demenssjukdom. I første omgang er dette eit prøveprosjekt i eit år og som har tilhald på ein liten gard på Mollandsmarki. Eigarane Kristin og Gunnar Sie har saman med kommunen tilrettelagt tilbodet, og har ansvar for gjennomføringa.

Tal personar med demens er aukande. Mykje av det skuldast generelt aukande alder, men det blir også fleire yngre demente. Fram til 2020 er det forventa ei auke på ca 10 % av personar med demens, og mange av desse vil vere fysisk godt fungerande. Dette utfordrar måten vi organiserar tilbodet til denne gruppa på, og omfang av tilbod.

Landbruksnæringa har ressursar og miljø som tilseier at den vil ha gode føresetnadar for å fremje helse for demente. Difor er det spennande at fleire kommunar no vurderar å utvikle tilbod for denne brukargruppa i samarbeid med landbruksnæringa.

 

Vern og utvikling gjennom dialog

Verneplanprosessen for Breheimen/Mørkridsdalen starta opp rundt årsskiftet 2005/2006, og skal etter planen vere avslutta tidleg på hausten 2009. I Sogn og Fjordane vil planen påverke areal og arealbruk i indre del av Luster kommune, spesielt bygdene Jostedal, Luster og Skjolden/Fortun. Mykje areal er høgtliggande areal over 1000 m.o.h., men planen vil også omfatte lågtliggande beiteareal, støylsområde m.m.

Det er mogleg å jobbe med verneprosessar og næringsutvikling side om side. Men det krev positiv vilje og god kommunikasjon mellom alle partar for å lukkast. Erfaringar hausta m.a. gjennom ”Naturbruksprosjektet” 2002- 2005 har resultert i eit samarbeid mellom landbruk og miljø hos Fylkesmannen i gjennomføring av verneplanprosessen. For å lukkast er det nødvendig med god  involvering frå lokalsamfunna i planprosessane og i forvaltninga, og med vekt både på bruk og vern.

Konkrete resultat
Å jobbe med utviklingsprosessar krev lang tidshorisont. I tillegg er prosesstyrt aktivitet lite ”planmessig” i tyding av å fastlegge konkrete handlingar/resultat til bestemte tidspunkt. Deltakarane er prosessen og må ha høve til å påverke retning og innhald. Til no har næringsutviklingsprosessen resultert i 10 nærings- og lokalsamfunnsprosjekt. Dei fleste er naturbaserte aktivitetstiltak som utnyttar naturen og lokalmiljøet til kommersiell aktivitet. Døme kan vere guida klatrerute, rafting, samarbeid om satsing på vinteraktivitetar, aktivitetstilbod for ungdom m.m. Det er løyvt til saman ca kr 550 000 frå Innovasjon Norge, Luster kommune og Fylkesmannen sine regionale BU- midlar til prosjekta.

    

Møte om verneprosessen, f.v. fylkesmiljøvernsjef  Nils Erling Ynnesdal, Tom Dybwad og Kristian Flohaug. Foto: Geirmund Dvergsdal
Møte om verneprosessen, f.v. fylkesmiljøvernsjef  Nils Erling Ynnesdal, Tom Dybwad og Kristian Flohaug.
Foto: Geirmund Dvergsdal

Kompetansetilbod innan bygdeturisme - ein nasjonal utviklingspilot

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har vore sterkt involvert i arbeidet med utviklinga av bygdeturismen både i eige fylket og på nasjonalt plan. Mange har starta opp, og behovet for kompetanse blir stadig viktigare. Saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) og Norsk Bygdeturisme og Gardsmat (NBG), har Fylkesmannen no utvikla eit næringsretta kompetansetilbod innan bygdeturtisme.

Tre kursamlingar frå januar til mai 2009
Kurset, som også gir 10 studiepoeng på høgskulenivå, startar opp i januar 2009 og vert avslutta i mai. Kursbolkane vert køyrt desentralisert hos bygdeturismebedrifter og der næringa har ein sterk forankring. Difor er det inngått avtalar med m.a. Knutholmen as. i Kalvåg i Bremanger kommune, og Jostedal Hotell i Jostedal i Luster kommune. Dette er to bedrifter som er kopla  til NBG og som har lang erfaring i næringa. På den siste samlinga kombinerer vi Fretheim Hotell i Flåm og Kompetansenavet Vest ved Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.

Skal gi den beste ”ferskvara” til deltakarane
Vi har lagt stor vekt på eit innhaldsrikt og godt fagleg innhald. I tillegg vil vi henta inn personar frå næringa med spisskompetanse på ulike område, og med gode pedagogiske eigenskapar. Fleire av desse fagpersonane er også nytta i det obligatoriske bygdeturismekurset for avgangsstudentane på reiseliv ved  HSF i Sogndal. Der har dei har fått svært gode tilbakemeldingar. Difor er vi sikre på at deltakarane vil få den ”beste ferskvara” på det som skjer lokalt i bedriftene, nasjonalt i bransjen og med ein smak av internasjonal bygdeturisme.

Ein testpilot som kan køyrast over heile landet
Vi ser på dette kurset som ein spennande test som no vert prøvd ut i Sogn og Fjordane, men ope for deltakarane frå heile landet. Lukkast vi med opplegget, vil det vera naturleg å køyra kurset i andre regionar. Forankringa i eit høgskulesystem, i nært samarbeid med næringa, ser vi på som ein styrke. NBG har regionlag over heile landet med medlemsbedrifter, som etter kvart har sterk fagleg kompetanse, og som kan nyttast i sine regionar.

Vi ynskjer alle interesserte hjarteleg velkomne på høgskulekurs i Sogn og Fjordane 1. halvår 2009.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket - erfaringar så langt og utfordringar vidare 

Fylkesmennene skal innan 3. november levere inn utkast til forvaltningsplan for dei utvalde områda. I Sogn og Fjordane er situasjonen litt spesiell då vi har vald å jobbe vidare med to område. I tillegg har vi Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap Nærøyfjorden i Aurland som er tenkt å inngå i utvalet med ein særskild status og som eit supplement til områda elles i fylket.

   Kjerneområdet Grinde i Grindsdalen. Foto: Leiv Hauge
Kjerneområdet Grinde i Grindsdalen.
Foto: Leiv Hauge
 

Grindsdalen i Leikanger kommune er området som har førsteprioritet til å inngå i utvalet. Området er typisk for fjordgardar og representativt for lauvbruksaktiviteten. Rundt påsketider hadde vi det første møtet med aktuelle grunneigarar, kommunen og lokale faglag. Dei fleste grunneigarane er positive til det langsiktige perspektivet som kan bidra til føreseielege rammer og redusert risiko ved si eiga satsing. Men dei er og opptekne av at avtalene ikkje medfører for mange restriksjonar på den daglege verksemda og moglege framtidige disponeringar. I tillegg er det avgjerande at dei økonomiske tilskota har ein storleik som gjer at eigeninnsatsen i form av tid og kreftar vert skikkeleg løna arbeid. Grindsdalen er lagt ut som LNF-område i arealdelen av kommuneplanen og kommunen ønskjer at denne statusen blir vidareført. Vår innfallsvinkel i prosjektet er difor å finne eit kompromiss som alle er nøgde med. Eit sentralt moment er å få etablert ein stoltheit i kommunen over å vere med i det nasjonale utvalet. Lokale politikarar og innbyggjarane elles, grunneigarane i området og gardbrukarane som driv skjøtselen, må føle at det har ein verdi å ta vare på området. Vi ser for oss at ei slik grunnleggjande haldning vil slå positivt ut gjennom riktige og langsiktige arealdisponeringar i kommuneplanen. I praksis legg vi opp til at det blir knytt nokre retningsliner til kommuneplanen sin arealdel som legg føringar for den kontinuerlege sakshandsaminga av tiltak i området og der forvaltningsplanen blir eit verktøy for å ta stilling til ulike tiltak.

I tillegg jobbar vi vidare med Hoddevik-Liset i Selje kommune, som er eit storskala kulturlandskap i havgapet med beitebakkar, slåttemark, kystlynghei og sanddyner. I den innleiande prosessen gjorde kommunen ein stor innsats og fekk positiv respons frå dei fleste grunneigarane i området. Dette gjer at Fylkesmannen ønskjer å jobbe vidare med området mens motivasjonen og interessa for prosjektet er ”på topp”. Samstundes har vi ingen garanti for at området kjem med i det nasjonale utvalet i første omgang. Vi har difor ein varsam prosess i Selje kommune der vi jobbar saman med nokre få grunneigarar i starten. Vi ser for oss at vi må bruke nokre regionale midlar til denne oppfølginga dersom området ikkje blir innlemma i utvalet.

Hoddevik i Selje. Foto: Kristian Nave
Hoddevik i Selje. Foto: Kristian Nave