Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Tidsskrift, 16.01.2008

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Status: Arkivert

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2008

16.01.2008

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret innehelder mellom anna nyhende om Kjerneområde landbruk på Fylkesatlas.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannens landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har lansert ei felles nyhetsteneste på nett. Tiltaket er et ledd i arbeidet med å videreutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil kome ut med eit nettbasert nyhetsbrev i halvåret.

__________________________________ 

Nysatsing på frukt, bær, reiseliv og kulturlandskap

Arbeidet er kome i gang med prosjektet frukt- og bærproduksjon, reiseliv og kulturlandskap. Prosjektet skal gje meir verdiskaping i grenseflata mellom frukt- og bærproduksjon, reiseliv og kulturlandskap på Vestlandet.

Styringsgruppa hadde sitt første møte 8. januar og har starta arbeidet med å konkretisere prosjektet. Gruppa ser at det er mange aktørar som har fokus på reiselivet og at dette prosjektet må finne sin plass og samhandle med andre der det er naturleg. Det er eit klart ynskje å målrette innsatsen mot tiltak som kan gje konkrete resultat på kort og lang sikt.

  

Bringebær. Foto: Torbjørn Takle, FM i Sogn og Fjordane
Bringebær. Foto: Torbjørn Takle

Fylkesmann Oddvar Flæte er oppnemnd som leiar for styringsgruppa. I tillegg er desse oppnemnd:

  • Ole Andreas Smette, Innovasjon Noreg i Hordaland
  • Terje Larssen, Frukt- og bærnæringa i Hordaland
  • Ivar Petter Grøtte, Frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane
  • Kaia Finne, Innovativ Fjordturisme / Fjord Noreg as 

Styringsgruppa vil no utarbeide ein strategiplan som ein reknar med vil vere klar i midten av februar. Med bakgrunn i planen bli det høve til å søkje om tiltaksmidlar. Så langt har ein sett på fylgjande hovudpunkt for arbeidet:

  1. Tilgjenge av frukt og bær som mat/kosemat/hurtigmat til reisande
  2. Frukt, bær og kulturlandskap som grunnlag for opplevingar for turistar
  3. Utvikle godt vertskap
  4. Pakking og marknadsføring av opplevingar for sal og distribusjon

Satsinga omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland og nokre område i Rogaland og Møre og Romsdal. Departementet har sett av 10 millionar kroner fordelt på 5 år. I tillegg skal det løyvast minst 5 millionar lokalt. Fristen for å søkje på tiltaksmidlar er sett til 28. mars 2008.

Fylkesagronom Bjørn-Harald Haugsvær hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er prosjektleiar for arbeidet.

Gledeleg auke i mjølkeproduksjon

Ferske tal frå TINE tyder på at Sogn og Fjordane held oppe sin del av mjølkeproduksjonen frå ku. I 2007 vart det jamvel ein auke på 3,5 % samanlikna med 2006. Fjoråret vart eit noko spesielt år i mjølkeproduksjonen med tildeling av ekstra kvote i haust, og det er registrert produksjonsauke i heile landet. For oss her i vest er det svært gledeleg at vi også tek del i denne auken. Vi har ein svært småskala struktur på mjølkeproduksjonen. Med gjennomsnitt på 12 kyr pr bruk, og med nedgangen i tal produsentar på ca 110 bruk siste året, hadde vi også frykta reduksjon i totalproduksjonen.

  

Kyr å beite. Foto: Arne Sandnes
Kyr på beite. Foto: Arne Sandnes

Det blir produsert over 100 mill. kg kumjølk i fylket og mjølkevolumet er viktig for både primærproduksjonen og foredlingsindustrien i fylket. Det største meierianlegget i landet ligg på Byrkjelo med kapasitet til å ta imot all mjølka i fylket, men samstundes ligg eit av dei minste anlegga i Vik og spesialiserar seg på gamalost. Produksjonsauken og betre marknadsforhold for mjølk, lovar godt for denne delen av det tradisjonelle landbruket i fylket.

Fylkeskommunen satsar på skogbruk

Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane er interessert i skogbruket og har også nytta ein del av sine utviklingsmidlar i skogen til ei fylkeskommunal tilskotsordning for skogsvegar. Siktemålet var vegar som løyser ut skog på kort sikt, med hogstplikt i løpet av tre år etter at vegen er bygd. Ordninga kom på plass frå 2006 og det er løyvd 1 mill. kr. årleg i fire år. Fylkesmannen og fylkeslandbruksstyret har fagkompetansen og forvaltinga av ordninga.

I 2006 vart det gjeve løyving til 14 vegar, i 2007 var talet 16. Vi opplever også her at det er stor etterspurnad etter entreprenørtenester, slik at det ofte tek noko tid å få vegane bygd. Presset i anleggsbransjen har også ført til at vegane blir dyrare. Skogbruket i fylket er godt nøgde med ordninga, og forvaltninga er i tid samordna med dei vanlege statlege skogsvegmidlane.

     


Brekkavegen med taubanen.
Foto: FM i Sogn og Fjordane

Som døme viser vi til Brekkavegen i Høyanger, der også skogbrukarar frå heile landet var på synfaring i september i fjor. For denne vegen har eit tilskot på kr. 48 000 løyst ut ein ressurs på 5 200 m3 tømmer av god kvalitet. Tilskotskronene er nytta særs effektivt, kr. 9,23 pr. m3 framdrive tømmer.

Prosjekt Opne landskap

Utsiktsrydding er det nye slagordet i kampen mot attgroing langs vegane i fjordfylket. Det starta med eit forprosjektet i 2004, Kulturlandskap og attgroing. Føremålet var å kartleggja og samordna dagens virkemiddel mot attgroing, og å utarbeida og koma med framlegg om nye virkemiddel mot attgroing. Virkemiddel som det her var snakk om var mellom anna tilskotsordningar i landbruket, samarbeidsmodellar mellom vegvesen, reiseliv og landbruk, haldningsskapande arbeid og konkrete tiltak mot attgroing. 

Arbeidet frå forprosjektet Kulturlandskap og attgroing vart utvida og vidareført gjennom det treårige hovudprosjektet Opne landskap (2005 - 2008) der Statens vegvesen har vore ein hovudsamarbeidspart. I prosjekt Opne landskap har vi hatt metodeutprøving på landskapspleie, og Opne landskap har sett i gang eller vore delaktig i 34 feltprosjekt i fylket. 15 av desse er utsiktsrydding langs veg i 15 ulike kommunar med 2 – 12 strekningar pr kommune, dvs delaktig i om lag 110 feltprosjekt fylket. Forutan utsiktsrydding, er ein liten del av feltprosjekta stiryddingsprosjekt. Resten av feltprosjekta er beiteprosjekt og då i hovudsak styrt beiting med geit og kje. Kunnskapsformidling om skjøtsel av kulturlandskapet gjennom føredrag, nettartiklar og kurs har elles vore sentrale oppgåver i prosjektet si satsing. 

Resultata frå Opne landskap så langt er veldig positive, og prosjektet har fått svært mykje positiv merksemd både gjennom media, frå landbruks- og reiselivsnæringa, private og ulike organisasjonar. Temaet synest såleis veldig aktuelt, det engasjerer, og det er skapt forventningar i fylket til oppfølginga og det vidare arbeidet. 


Vegstrekning før og etter utsiktsrydding. Foto: Tommy Halseth       

Utsiktsrydding langs veg har vore ei sentral utprøving i Opne landskap, og her er hausta positive og gode erfaringar. I Opne landskap har vi fått utvikla ein metodikk for utsiktsrydding langs veg både med tanke på utføring, organisering og betalingsrutinar. Utsiktsryddinga står likevel framleis ikkje på eigne bein. Dersom arbeidet ikkje vert følgt opp, vil dette bli ei kortvarig prøveprosjekt som bokstaveleg tala gror att. Målet må vera å sikra oppfølging av rydda strekningar og få utsiktsryddinga inn i eit fast forvaltningssystem. Vi ynskjer såleis eit samarbeid vidare mellom samferdsle og landbruk. Kommunane som har delteke i prosjektet signaliserer det same, og dei forventar at arbeidet vert følgt opp. Tilbakemeldingane frå folk flest syner også eit ynskje om at det skal arbeidast vidare med dette. Vi ynskjer difor å arbeida vidare med utsiktsrydding der eit hovudmål er å få arbeidet inn i ei meir langsiktig og varig forvaltning. Vi ynskjer såleis å arbeida fram gode og permanente virkemiddel for fylket vårt, og dette vil også ha stor overføringsverdi til resten av landet.

Ny periode i Bygdeutviklingsprogrammet

Sidan 1992 har vi hatt eit kontinuerleg program for bygdemobilisering, Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane, i samarbeid med fylkeskommunen og kommunane. Målsetjinga er å utvikle livskraftige lokalsamfunn gjennom lokal mobilisering og i samarbeid mellom private personar, utviklingslag, kommunane og fylket.

Programmet har gått i 3-årige periodar og til saman 30 bygder har delteke i løpet av desse 15 åra. 

I justeringa har vi mellom anna teke med internasjonal erfaringsutveksling mellom bygder i Sogn og Fjordane og lokalsamfunn i andre land.  

Det er bygdene sjølve som har definert utfordringane og innhaldet for eiga mobilisering. Fylkesmannen si rolle er m.a. organisering, erfaringsutveksling og kunnskapsformidling om bygdeutvikling. Erfaringa viser at bygdene i stor grad er opptekne av å skape attraktive lokalsamfunn med gode tenester og velferdstilbod, bygda som ein god plass å bu. 

Styret i BU-programmet er også jury for fylkeskommunen sin Pris til iderike bygder, og i 2007 var det Sørsida i Luster som fekk denne velfortente oppmuntringa. 

Kjerneområde landbruk på Fylkesatlas

Med tanke på jordvernet utarbeidde Landbruks- og matdepartementet våren 2005 ein rettleiar for registrering og prioritering av viktige område for jordbruk og kulturlandskap. Slike areal vart kalla Kjerneområde landbruk.

I Sogn og Fjordane har åtte kommunar delteke i eit pilotprosjekt for registrering av Kjerneområde landbruk. Det innebar at kommunane i 2006 vart inviterte til felles samlingar med opplæring og erfaringsutveksling, medan dei sjølve var ansvarlege for registreringane i eigen kommune. Det vart valt ulike grader av detaljering og politisk involvering. Arbeidet er no på det nærmaste avslutta i alle kommunar. Tilbakemeldinga er at prosessen har vore nyttig og at det er forventningar til resultatet. 

Fylkesatalas Sogn og Fjordane
Fylkesatatlas Sogn og Fjordane