Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Tidsskrift, 16.12.2009

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Status: Arkivert

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 3/2009

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om eit samarbeidsprosjekt for skogbruket i Ørsta. Eit interkommunalt samarbeidt skal bidra til å kartleggje område, kontakte grunneigarar, organisere samarbeid, løyse vegspørsmål og planleggje grendevise utdrifter for komande 10 års periode.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

Utvalde landskap i Møre og Romsdal

Dei tre fagetatane Statens Landbruksforvaltning (SLF), Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Riksantikvaren (RA) fekk i oppdrag av Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Miljøverndepartementet (MD) å sørgje for at ”spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og fått ein særskilt forvaltning innan 2010.” Utvalet vil i første omgang bestå av 20 område i Noreg. Fylka fekk i oppdrag å fremme forslag om 2-3 område, som grunnlag for det endelege utvalet.

I Møre og Romsdal utreda vi 10 område frå regionane kyst, fjord, fjord og fjell, og fjell. Etter ein prosess der fagorganisasjonane og fagetatane i fylke og kommune deltok vart Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal valt som det første området i vårt fylke.

Dette vart godkjent og stadfesta av LMD og MD ved eit opningsarrangement i Vangrøftdalen - Kjurrudalen i Os kommune i Hedmark  28. juni 2009. Her deltok mellom andre HKH Kronprins Haakon Magnus, landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Hovudmålet med plana er å bevare og halde vedlike kulturlandskapet i det utvalde området med tilhøyrande mangfald av artar, bygningar, kulturminne og ulike andre element knytt til det tradisjonelle kulturlandskapet. Det vert lagt stor vekt på botaniske førekomstar i gamle slåttenger og beitemarker i det opne landskapet og dei beita skogane.

Det totale planområdet omfattar 20 gardar med innmark, samt seterdalar med beitemark opp til snaufjellet, til saman 101 000 dekar. Innmarka utgjer i 2009 724 dekar og ligg 200 - 800 m over havet. Dette arealet vert drive av 5 aktive bønder.

For å stimulere til fortsett drift og skjøtsel i det utvalde området vert det i 2009 løyvt og utbetalt 410 000 kroner. Pengane vert fordelte med 252 936 kroner til skjøtsel av areal, 144 880 kroner til beitedyr i utmark, og 12 184 kroner til vedlikehald av bygningar. Vi har tru på at dei økonomiske rammene vert auka til neste år, slik at det kan bli mogeleg å bidra meir, særleg når det gjeld vedlikehald av verneverdige bygningar.  
 
Fylkesnytt: Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal.
Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal. Foto: Anders Hovde.
 

Samarbeider om skogbruket i Ørsta

I tråd med Strategiplanen for skogbruket i Møre og Romsdal er det planlagt, finansiert og starta opp eit interkommunalt samarbeidsprosjekt som skal bidra til å kartleggje område, kontakte grunneigarar, organisere samarbeid, løyse vegspørsmål og planleggje grendevise utdrifter for komande 10 års periode, der alle omsyn er tatt med. Prosjektleiar skal være eit mellomledd mellom kommune og Allskog.

Skogen i våre område er eigd av mange, og mange med lite aktiv haldning til å drive  skogen sin. Dels er skogeigedomane små med lite potensiale for arbeid og inntekt for eigaren, dels har eigaren arbeid og inntekt frå anna arbeid og har lite kunnskap om skog og skogbruk. Dei fleste har sikkert likevel eit ønske om å forvalte eigedomen sin på ein god måte, helst med eit lite overskot for påfylling til eigen økonomi. For lokalsamfunnet og for samfunnet elles representerer skogane ein ressurs til aktivitet og verdiskaping basert på fornybare ressursar, til uttak av tømmer til foredling og anna skogsvirke til bioenergi. Skogane våre er og viktig del av landskapet vi bur og ferdast i. Mykje av vårt biologiske mangfald er knytt til skog og artar som har sitt tilhald der. Korleis skogane blir skjøtta og drivne er derfor viktig for oss alle. Ikkje å gjere noko er gjerne det dårlegaste alternativet.

I Strategiplanen for skogbruket i Møre og Romsdal, vedtatt av fylkestinget 13. oktober 2008 som T-sak 60/08, er tiltak nr. 1 å etablere eit prosjekt der vi skal arbeide med desse utfordringane. Prosjektet omtala i strategiplanen er tenkt ikkje berre å rette seg mot skogeigarane, men også mot heile verdikjeda frå tømmer til produkt, næringsutvikling basert på skogråstoff, rasjonell transport i og ut av skogen fram til tømmerkjøpar samt mot korleis vi bør forme skoglandskapet i åra framover ved etablering av ny skog, etter som plantefelta blir hogne.

Ørsta kommune var først ute med å organisere arbeidet med skogreisinga og blei eit døme for alle som følgde etter. No som vi står rett framfor haustinga av tømmeret frå skogreisingskogane, vil det vere naturleg å rette augo på nytt mot Ørsta-regionen. I Ørsta er det gjennomført skogkartlegging med ferske digitale data for skogressursane i kommunen, og det er gjennomført eit prosjekt i fylket for å sjå på forbetring av logistikken i skogbruket. Det er og planar for etablering av fjernvarmeanlegg nær Ørsta sentrum med Tussa kraft som drivkraft der Ørsta kommune der skoglaga også er med. I dialog med Ørsta kommune er vi komne til at det er rett å etablere eit samarbeidsprosjekt som skal sjå på alle desse utfordringane nettopp her. Gjennom prosjektet skal ein planleggje og leggje grunnlaget for berekraftig skogproduksjon med god tilpassing til landskapsbiletet. Det vil vere svært sentralt at ein gjennom arbeidet emnar å få aksept for skogbruk i lokalsamfunnet.

Fylkesnytt: Utsnittet frå ein digital terrengmodell illustrerer nokre av utfordringane ein står framfor i skogbruket i Ørsta. 
Utsnittet frå ein digital terrengmodell illustrerer nokre av utfordringane ein står framfor i skogbruket i Ørsta.
 

Gardskartprosessen i rute

Gardskartprosessen er kanskje den største satsinga på kart i landbruket sidan økonomisk kartverk på 60-talet. I prosessen inngår etablering av ortofoto, digitalisering, kvalitetssikring, korrigering, publisering av karta og produksjon av jordregister. Gardskartprosessen skal gje sikrare tal for berekning og utbetaling av arealbaserte tilskot i landbruket. Kommunane får dessutan langt betre kunnskap om arealtilstanden i kommunen, noko som gjev betre grunnlag for planlegging, og grunneigaren får eit lett tilgjengeleg, intuitivt og godt verktøy for eiga jordbruksdrift. Prosessen involverer både Norsk institutt for skog og landskap, fylkesmennene, kommunane og grunneigarane, og stiller krav til ein god prosess, kompetanse og disiplin.

Møre og Romsdal fylke si viktigaste rolle i gardskartprosessen er å koordinere prosessen i Møre og Romsdal. Koordinatorrolla har blitt løyst med ulike tiltak.  Kvart år sidan prosessen starta har vi arrangert kurs for kommunane etter ein mal som Skog og landskap har utarbeidd, vi har fulgt opp kommunane med råd og hjelp, og prøvd å bidra til at kommunane leverer sine data med rett kvalitet og til rett tid.

Kurs og informasjon
Nær alle kommunane har gått gjennom introduksjonskurset. Kommunane har blitt invitert på kurs etter kvart som dei har hatt behov for anten erfaringsutveksling med andre kommunar, praktiske øvingar i vurdering av arealtilstand og programvarekurs. Slike kurs har vore arrangert kvart år sidan prosessen starta. Det har vore avgjerande at leiinga i kommunen har hatt forståing av at prosessen krev ein ekstra innsats frå både landbruk og kartteknisk avdeling.

I fleire tilfelle har folk frå landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke vore på besøk i kommunar for å kome med særleg tilpassa informasjon eller vere med på vurdering av areal.

Digitaliseringa av gardskarta er ei svært viktig oppgåve. Prosessen har vist at det er fleire tilbakemeldingar frå grunneigarar om feil i eigedomsgrenser enn feil i arealklassifiseringa. Prosessen har også ført til større fokus på kart i kommunane og behovet for gode, faste rutinar for oppdatering og vedlikehald av kart. Kommunane har gjennom digitaliseringa av gardskarta fått eit langt betre verktøy i forvaltning av arealbaserte tilskot i landbruket, og matrikkelen har fått monaleg betre kvalitet. Kvaliteten av dei digitale karta er avhengig av ein god prosess i kommunen, og av at kommunen prioriterer høgt det skippertaket denne prosessen inneber. Møre og Romsdal fylke har derfor lagt vekt på å følgje opp kommunane så godt som råd er, og har fått gode tilbakemeldingar på dei tiltaka vi har gjennomført.

Skog og landskap og Statens kartverk i Molde har bidrege inn i desse tiltaka og i prosessen på ein svært god måte. Særleg har Skog og landskap hatt ei sentral rolle, med si grundige og gode planlegging av digitaliseringa og behandlinga av spørsmål knytt til prosessen, og dei har vore til uvurderleg nytte. Statens landbruksforvaltning har også bidrege til prosessen, ved å skape orden omkring prosessen og kva data og fristar kommunane har hatt å halde seg til.

Nesset og Stordal var dei to første kommunane som gjennomførte gardskartprosessen i Møre og Romsdal. Nesset kommune utmerka seg ved å levere det teknisk sett beste datasettet til Skog og Landskap så langt. Alle kommunar har villig stilt opp på kurs, og vore engasjerte i arbeidet. Enkelte har hatt problem med å få tak i folk til teknisk avdeling i kommunen i ei tid med høgkonjunktur og mangel på ingeniørar. Vi har derfor gitt nokre utsettingar på fristen for å levere retta kartdata, men også prøvd å bidra til prioritering av kva kommunen burde ta først og sist, for komme i mål.