Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Tidsskrift, 11.02.2009

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Status: Arkivert

Fylkesnytt frå Rogaland 1/2009

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Her finn du i mellom anna ein sak om ny handlinsplan for å utvikle skogbruket i olje-fylket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Fylkestinget med handlingsplan for skogbruket

Under behandlinga av Melding om kystskogbruket i 2008 vedtok Fylkestinget at det skal utarbeidast ein handlingsplan for skogbruket i Rogaland. Det er valt ei politisk styringsgruppe for arbeidet, og Fylkesmannen stiller med fagkompetanse og  sekretariat.

I oljefylket Rogaland er det nytt og spennande at fylkespolitikarane ønskjer å løfta fram ei lita distriktsnæring som skogbruket ved å laga ein eigen handlingsplan for vidare utvikling av næringa. Handlingsplanen vil ta utgangspunkt i Melding om kystskogbruket og dei spesielle utfordringane for rogalandsskogbruket som kom opp under arbeidet med meldinga.

Det er presisert at handlingsplanen skal omfatta heile verdikjedene i skogsektoren. Fylket har m.a. utfordringar i forynging og skjøtsel av skog. Store areal blir kvart år liggjande utan forynging. Dette er svært uheldig både i ein klima- og verdiskapingssamanheng. Vidare vil utbetring av infrastrukturen vera eit sentralt punkt i handlingsplanen.

På foredlingssida reknar vi med at både tiltak for auka produksjon og bruk av bioenergi og meir bruk av kortreist trelast vil bli ein del av handlingsplanen. Nettverksbygging og kompetanseheving vil bli viktige faktorar for å auka verdiskapinga og CO2-bindinga.

   
Barnevik tømmerkai. Foto: Lars Slåttå
Barnevik tømmerkai. Foto: Lars Slåttå

Regional- og kulturutvalet i fylkeskommunen har valt følgjande styringsgruppe for utarbeiding av handlingsplan:

  • Arne Bergsvåg, Sp – leiar
  • Marianne Torbjørnsen, Frp
  • Karl Eik, V
     
  • Mohamad Osman, H - varamedlem

Det er også utpeika eit faggruppe for å kvalitetssikra det faglege innhaldet i handlingsplanen:

  • Terje Øvrebø, Fylkeskommunen, leiar
  • Karl Ludvig Ådland, Vestskog BA
  • Gitte Halvorsen, Vindafjord kommune
  • Svein Kjetil Rønnevik, Bygdesagforeninga
  • Stein Bomo, Fylkesmannen
  • Lars Slåttå, Fylkesmannen

 

Auka omlegging til økologisk veksthusproduksjon i Rogaland

Etter fleire år med forsking og utvikling av økologisk veksthusproduksjon, legg no fleire større veksthusprodusentar delar av produksjonen sin om til økologisk. 

Blant dei første er Øksnevad vidaregåande skole som i haust starta med produksjon av økologisk agurk. Dei leverer til Coop som var svært nøgde med å få norsk kvalitet. Øksnevad VGS har løyst ein av dei største utfordringane i økologisk veksthusproduksjon, nemleg tilføring av gjødsel, gjennom å nytte avrenninga frå eigen kompost.

Det er gjødslinga og bruk av veksemedium som er den største skilnaden på økologisk og vanleg produksjon. I økologisk veksthusproduksjon må plantane vekse i jord, og bli gjødsla med organisk gjødsel. Det er ikkje lov å sprøyte med syntetiske sprøytemidlar.

Bioforsk Særheim har hatt forsøk med både agurk og tomat, og det er oppnådd gode resultat. No forskar dei på korleis den organiske gjødsla kan tilførast gjennom dryppvatningssystemet. Med unntak av Øksnevad vidaregåande skole har det i dei økologiske gartneria blitt tilført gjødsel manuelt, noko som er arbeidskrevjande. Bioforsk Særheim testar ut ulike metodar for å behandling av husdyrgjødsel, blant anna ved hjelp av fermentering, filtrering og bruk av enzym . Det er venta at gartnarane skal få nytte av teknologien i løpet av våren. Dei vil då gå saman om eit felles anlegg for behandling av husdyrgjødsel.

Over 80 prosent av tomatproduksjonen i Noreg skjer i Rogaland. I 2007 var det 91 driftseiningar med tomat og 13 med agurk (tal frå søknad om produksjonstilskott). 6 driftseiningar var godkjent som økologisk i 2008 (Debio). Etter det Fylkesmannen kjenner til vil ytterlegare 2 gartnarar starte opp i 2009. Ein av dei er landets største produsent av agurk.

          Bjørn Egil, Berit og Hilde Gard er ein av dei første med kommersiell dyrking av økologisk tomat i Rogaland. Dei har i fleire år levert økologisk tomat til Bama og COOP. Foto: Arne J. Lyshol
Bjørn Egil, Berit og Hilde Gard er ein av dei første med kommersiell dyrking av økologisk tomat i Rogaland. Dei har i fleire år levert økologisk tomat til Bama og COOP. Foto: Arne J. Lyshol

Kommunane ønskjer meir landbruksjuridisk kompetanse

Fylkesmennene i Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Hordaland har saman med Universitetet i Agder utvikla kurset ”Landbruksjuridiske emne”. Kurset gir 10 studiepoeng ved gjennomføring av innleveringsoppgåve og eksamen. 

Til saman 35 studentar frå alle fire fylka gjennomførte kurset hausten 2008. Målgruppa for kurset var tilsette i kommunal landbruksforvaltning.

Målsetjinga med kurset var å gi deltakarane kjennskap til dei sentrale grunnleggjande forvaltningsrettslege prinsipp, saksbehandlingsreglane i forvaltningslova, hovudtrekka i offentleglova, konsesjonslova, odelslova og jordlova. Det blei også gitt informasjon om hovudtrekka i juridisk metode og bruk av slik metode i arbeidet.

Evaluering etter kurset viste at kurset var til god hjelp for deltakarane i forhold til dei behov dei hadde på jobben. Det er og etterspurt eit nytt liknande kurs om ikkje så lenge. Fleire av dei som har gjennomført kurset meiner at andre frå kommunen og vil ha stor nytte av det. Alle studentane ville anbefale eit liknande kurs for sine kollegaer.

Universitetet i Agder kan tilby dette kurset også for andre fylke. Dersom ein ønskjer det, ta kontakt Hilde Vik på telefon: 38 14 22 23 eller e-postadresse: . For meir informasjon om kurset kontakt prosjektleiar Bente Espedal Halvorsen hos Fylkesmannen i Rogaland på e-post:
 

Kulturlandskap på Rennesøy som eitt av 20 utstillingsvindauge

Kulturlandskap Rennesøy. Foto: Synnøve Hognestad
Kulturlandskap Rennesøy. Foto: Synnøve Hognestad

Kystlyngheiområda på Rennesøy er innstilt som eitt av dei 20 områda i det nasjonale utvalet av spesielt verdifulle kulturlandskap i jordbruket.

Etter ein omfattande prosess og fleire utvalsrundar er kystlyngheiområda på Rennesøy innstilt som eitt av dei 20 områda i det nasjonale utvalet av spesielt verdifulle kulturlandskap i jordbruket. Dette går fram av tilrådinga som Statens landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har sendt til Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet.

Det er sett av totalt 8 millionar kroner til forvaltning av dei 20 områda. Førebels er det foreslått at kr 500.000,- av desse går til Rogaland. Midla kan nyttast til både eingongstiltak som skjøtsel og restaurering og til årlege tilskot.
 
Områda i utvalet vil fungere som nasjonale referanseområde og utstillingsvindauge for særprega, representativ og verdifull natur og kulturhistorie knytt til jordbruket i Norge. Forvaltning og skjøtsel av områda skal baserast på frivillig deltaking der staten inngår avtale med interesserte gardbrukarar og grunneigarar om tilskot til utføring av viktig skjøtselsarbeid.

Dei foreslåtte områda på Rennesøy omfattar i første omgang 9500 dekar (sone 1) fordelt på om lag 5000 dekar lyngmark, 1150 dekar gjødsla beite og 460 dekar fulldyrka areal. Resten, ca. 3000 dekar, er vatn, myr, fjell i dagen og anna utmarksareal.  Ein ser for seg at desse areala kan utvidast noko etterkvart. Sone 2 utgjør om lag 3000 dekar ekstra. 

Fylkesdelplan for landbruk i Rogaland

Fylkesutvalet i Rogaland har vedteke at det skal startast opp arbeid med Fylkesdelplan for landbruk. Ein reknar med at planarbeidet er ferdig innan 2010.

Etter initiativ frå Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga er det no i gang ein prosess for å utarbeide ein Fylkesdelplan for landbruk. Bakgrunnen for initiativet er mellom anna dei store omstillings- og utviklingsutfordringane landbruket står framfor. Arbeidet er førebels heilt i startfasen med utarbeiding av planprogram. Forslag til planprogram skal handsamast av styringsgruppa i møte 13. februar. Etter dette vert planprogrammet sendt ut til offentleg høyring.

Formål
Formålet med denne fylkesdelplanen er mellom anna at det skal vere eit styringsverktøy for utviklingstiltak, prosjekter og verkemiddelbruk på regionalt og kommunalt nivå. Planen skal avklare det regionale handlingsrommet sett i lys av den nasjonale politikken og skal gi prioriteringar innanfor det regionale handlingsrommet. Fylkesdelplan for landbruk i Rogaland skal og bidra til å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i Rogaland. Det skal utarbeidast ein handlingsplan der ulike tiltak blir prioritert.

Organisering
I styringsgruppa sit det representantar frå alle dei politiske partia som er representert i fylkestinget. Prosjektgruppa vert leia av landbruksdirektør Jon Ola Syrstad. Det er og sett ned ei intern arbeidsgruppe  med tilsette frå Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland som har ansvar for oppfølging av prosessen og utarbeiding av grunnlagsmateriale. Sissel C. Endresen (e-post ) frå Fylkesmannen i Rogaland koordinerer arbeidet med Fylkesdelplan for landbruk i Rogaland.

 

Fylkesmannen har gjennomført forvaltningskontroll i ein fjerdedel av kommunane

Fylkesmannen, Landbruksavdelinga har i 2008 vore ute på sju forvaltningskontrollar i kommunane. Tilbakemeldinga frå kommunane er at dei er godt nøgd med den forvaltningskontrollen som har vore gjennomført.

Ein viktig grunn for å gjennomføre forvaltningskontroll er at ein ynskjer ei meir einsarta handsaming av tilskotsordningane både på fylkesplan og på landsplan. Hensikta med kontrollane er m.a. å kvalitetssikre kommunen sitt arbeid. Vi har ynskt å sjå på kommunane sitt forbetringspotensiale, spesielt i høve til forvaltning av ordninga med sjukdomsavløysing og produksjonstilskott i jordbruket. Kommunane får på denne måten sjekka sine forvaltningsrutinar rundt tilskotsordningane og får tips om forbetringar som kan gjerast.

Vi har og sett på om kommunen fylgjer dei gjeldande forvaltningsmessige prinsippa i si handsaming av tilskotsordningane. Det har vore viktig å avdekke eventuelle svakheiter/manglar i regelverket for produksjonstilskott og i Wespa-rutinen. Vi har og sett på kommunane si rolle som forvaltningsmynde i høve til at dei er tilsynsmynde når det gjeld del III i forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav.

Fylkesmannen fann nokre avvik under kontrollane, men ikkje av det alvorlege slaget. Dette syner at vi har ei oppegåande forvaltning i kommunane som gjer eit godt arbeid.

Vedlagt rapport frå forvaltningskontroll i Vindafjord kommune som døme på korleis dette kan gjerast.