Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Tidsskrift, 06.10.2010

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Status: Arkivert

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2010

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med nyhende om ein omfattande satsing på biogass frå husdyrgjødsel i fylket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.  

Pilotprosjekt – korleis få betre informasjon om spreiearealrekneskapen til bonden

Fylkesmannen i Rogaland har sommaren 2010 kjørt eit pilotprosjekt på digitalisering av innmarksbeite godkjent som spreieareal. Det er eit auka fokus på gjødselbruken til bonden, spesielt med gjennomføringa av vassdirektivet og den pågåande revideringa av gjødselvareforskrifta. Då er det viktig at det ligg føre korrekt informasjon om spreiearealrekneskapen, både for bonden sin eigen del og for forvaltninga.

Med støtte frå Statens landbruksforvaltning (SLF) oppretta Fylkesmannen eit pilotprosjekt som skulle løyse utfordringane med å få korrekt og lett tilgjengeleg informasjon på innmarksbeite godkjent som spreieareal.

Slik det har fungert til no ligg karta med godkjenningsvedtak lite tilgjengeleg i gardsarkivet i kommunen. Dette gjer arbeidet med å oppdatere karta etter arealendringar omfattande og arbeidsam. Blir karta digitalisert og knytt til gards- og bruksnummer vil det vere lett å hente ut informasjonen digitalt og få heile spreiearealgrunnlaget samla på ein stad. Ein slik tilgong vil og lette oppdateringsarbeidet ved å samanlikne dei digitaliserte areala med flyfoto. Bruk av flyfoto vil gi rask oversikt over arealendringar som skjer over tid, og syne kor det er grunnlag for endring av tidlegare vedtak.

Kart: Digitalisesring av innmarksbeit
Kart: Digitalisesring av innmarksbeit

Det er utarbeida ein rapport for prosjektet som om kort tid blir tilgjengeleg på Fylkesmannen sine nettsider. Der finst og manualane for korleis digitaliseringa kan utførast, anten i temakartportalen, eller ved hjelp av  GIS-verktøy.

Kontaktperson: Anne Grete Rostad.
 

Omfattande satsing på biogass frå husdyrgjødsel

Omkring 9 prosent av klimagassutsleppa i Noreg skriv seg frå landbruket. Landbrukssektoren er den viktigaste kjelda til utslepp av klimagassane metan (CH4) og lystgass (N2O). Husdyrhaldet står for alt utsleppet av metan frå næringa, dvs. 48 prosent av landet sine samla utslepp av denne gassen. Ved å la gjødsla gå gjennom eit biogassanlegg fangar ein opp metangassen til bruk, samstundes som ein minimerer produksjonen av lystgass. Regjeringa har difor sett eit nasjonalt mål om at 30 prosent av all husdyrgjødsel skal gå gjennom eit biogassanlegg innan år 2020. Rogaland har ambisjonar om å auke talet til heile 60 prosent.

Ambisjonane er store både lokalt og nasjonalt, og det er utenkjeleg å nå måla med dagens rammevilkår. Fylkesmannen i Rogaland har difor, i samarbeid med Bioforsk og Innovasjon Norge, starta arbeidet med å få etablert eit omfattande næringsutviklingsprosjekt med fokus på alt frå kunnskap, etablering og drift av biogassanlegg, produktutvikling på bioresten/gjødsla, teknologiutvikling og forsking. Til saman er femti store og små aktørar frå landbruksnæringa invitert til eit felles møte 19. oktober, for å konkretisere prosjektsatsinga og etableringa av ei verdikjede for biogass og biogjødsel.

For å gire næringsaktørane ytterlegare, set Fylkesmannen og Innovasjon Norge også fokus på biogass på sin felles stand på landbruksmessa Agrovisjon 22. - 24.10.10 (www.agrovisjon.no). På standane ved sida av vil ein kunne treffa to selskap som byggjer biogassanlegg. I tillegg blir det gratis skulderarrangement med foredrag og paneldebatt om biogass laurdag 23.10.

           Biogass anlegg
Biogass. Foto: Robjine Verstegen

Fylkesmannen i Rogaland lanserer innan 22. oktober eit eige informasjonshefte om lovar og reglar kring etablering og drift av biogassanlegg. Heftet er laga i samarbeid med Mattilsynet, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Innovasjon Norge, Enova og Norsk Bioenergiforening. Det vil bli tilgjengeleg på nettsida vår. Vi vil også følgje opp med ei eiga nettside om biogass, med ei mengde nyttige linkar til inn- og utland.

Det er per i dag fem biogassprosjekt i forstudie/-prosjektfasen i Rogaland og fleire er i tenkjefasen. Innovasjon Norge arrangerer eit lunsj til lunsj seminar om biogass, 23. - 24. november, for dei med heilt konkrete biogassplanar/idear i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. FMLA-Rogaland og Bondelaget er medarrangørar.

Kontaktperson: Robijne M. Verstegen.
 

Stor interesse for å auke juletredyrking i Rogaland

I løpet av det siste året har det blitt stor interesse for å utvide eksisterande og etablere nye juletreplantasjer i Rogaland.  Det aller meste av auken skjer på Haugalandet, i  Ryfylke og i Dalane. Plantinga skjer for det meste  på skogsmark, men også på dyrka jord og beiteareal.

Mellom 20 og 30 bønder i Rogaland har til nå fått laga planar til utviding eller nyetablering av juletreplantasje. Mange av dei dyrkarane som har  drive juletreproduksjon i dei siste 15 - 20 åra, ser nå  at dette er ein produksjon dei  vil satsa vidare på og dermed vil dei utvide. Auken i produksjonsarealet er betydeleg, frå 50 daa og til 250 daa på dei enkelte bruka. Etableringa vil skje over ein 10-års periode. Til denne tid i år er det planlagt  nytt areal på vel 2000  daa. Dette tilsvarar ei nytilplanting på ca 1,5 millionar tre.

I dag er det mellom 80 og 100 juletreprodusentar i Rogaland. Sist sesong blei det hogg  mellom 220.00 og 240.000 tre. Av desse gjekk 65.000 til eksport til England og Tyskland, mens resten blei seld på innanlansdmarkedet, mye av dette til Østlandet, Vestlandet og Trøndelag. Satsinga har vore på Nordmannsedelgran. Dette treet trivs godt i vårt klima og dyrkarane har lært det dyrkingstekniske for dermed å få fram høg kvalitet på trea som igjen fører til stabil og aukande pris til produsent.

Ein annan effekt av juletresatsinga i Rogaland er at dyrkarar  (30 - 40 stk)  har gått saman i å danna salgsselskap som markedsfører og sel juletre i inn- og utland.

Juletrefelt, Sola
Juletrefelt i Sola. Foto: Lars Slåttå.

Juletreproduksjon  er  skogbruk og ein kan dermed nytta seg av skogfondordninga. Denne ordninga har vist seg å vere svært nytting for juletredyrkarane - reetablering og nyplanting og andre etableringskostnader,  blir med å nytta seg av skogfond, mye  lettare økonomisk.

Fylkesmannens Landbruksavdeling og Innovasjon Norge utarbeidde våren 2009,  kriterier for å kunne søke etablererstipend for utviding og nyetablering av juletreproduksjonen i Rogaland. For å stimulere til at produksjonen fekk eit vesentleg omfang, blei det sett krav om at ein minst måtte planta til eit areal på 40 daa i løpet av ein 10-års periode. Treslaga skal vere edelgranartar som Nordmannsedelgran og Fjelledelgran. Det blir her også fokusert på dyktiggjereing av nye produsentat ved å legga til rette for fadderordning, deltaking i rådgivinga og samarbeid om teknisk utstyr. Det blir også stilt krav om innrapportering til virkesdatabasen (VSOP).

Kontaktperson: Anders Eik Hauge.
 

Alt klart for Agrovisjon 2010

Landbruksmessa Agrovisjon 2010 har det meste, frå landbrukspolitiske foredrag, 4000 m2 utstillingsareal til festmiddag og mykje lått og løye. Dessutan er det fleire som har lagt sine arrangement i tilknyting til Agrovisjon, såkalla skulderarrangement.

Helga 22. - 24. oktober er det venta besøk av 10 000 bønder og andre interesserte frå heile landet til Stavanger Forum.

Landbruket i Rogaland har mest like mange arbeidsplassar som oljenæringa har i fylket. Også i nabofylka står landbruket for mange arbeidsplassar. Og ei næring som arbeider med fornybare ressursar har framtida framfor seg. Då er det viktig at aktive bønder og andre i næringa set kvarandre stemne for å drøfta vegen vidare.

Gå inn på nettsida www.agrovisjon.no for meir utfyllande informasjon.

Kontaktperson: Joar Oltedal.
 

50 delmål for landbruket i Rogaland

Regionalplan for landbruk i Rogaland er no sendt til fylkesutvalet for behandling før planen går til høyring i oktober. Eit av dei 50 delmåla seier at ein større del av verdiskapinga skal gå til primærleddet.

Hovudfokus i den svært ambisiøse planen er matproduksjon, men det blir og tydeleg slått fast at landbruket har ei multifunksjonell rolle. Andre viktige tema i planen er mellom anna rekruttering og kompetanse, produksjon av trevirke, tilleggsnæringar, bioenergi, landbrukstilknyta samfunnsutvikling, klimatiltak, forureining og beredskap.

Planen skal ikkje vere ein arealplan, men det vert likevel klart peika på at det er avgjerande for lokal og nasjonal matproduksjon at jordvernet må vere strengt. Den er også tydeleg på at matfylket Rogaland er heilt avhengig av aktive og innovative bønder der rekruttering og kompetanse står sentralt.

Arbeidet med planen har vore inne i ein intens fase på våren og sommaren, og planen skal no ut på høyring. Det har i alt vore 10 ulike arbeidsgrupper som har jobba med ulike temaområde. Arbeidsgruppene har vore breitt samansette av fagpersonar med spisskompetanse og representantar frå næringa. Arbeidsgruppene har gjennomført SWOT-analysar for å finne fram til kva som er flaskehalsane og handlingsromma. På bakgrunn av desse analysane er det formulert mål, strategiar og tiltak.

     
Forside: Regional plan for landbruket i Rogaland

Høyringsfristen blir sett til 1. mars 2011, og det vil mellom anna bli arrangert fire regionale høyringsmøte rundt i fylket. Dette er viktig for å gjere planen best mogleg kjent og for å få fram engasjement og eigarskap til planen.

Kontaktperson: Sissel E. Endresen.
 

Landbruksavdelinga på flyttefot

Måndag 20. september flytta fylkesmannsembetet inn i nytt Statens Hus på Lagårdsveien i Stavanger. Dermed er også Landbruksavdelinga fullt ut fysisk integrert i fylkesmannsembetet etter 17 år i diverse andre lokale rundt i byen.

Dei næraste naboane våre blir Miljøvernavdelinga og Forvaltningsavdelinga. Det håpar vi skal føre til fleire fysiske treffstader for medarbeidarar med til dels motstridande oppgåver. Noko som i neste omgang kan skape større forståing for kvarandre sine oppgåver - og for embetet sine samla oppgåver og oppdrag. Slik sett er det eit klart mål at samlokaliseringa skal vise att i form av ein betre samordna veremåte.

Statens Hus, Stavanger
Statens Hus, Stavanger. Foto: Livar Særheim.