Historisk arkiv

Vil sikre nok bustadbygging

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell vil sikre at det vert bygd nok bustader i pressområda. Han ber derfor fylkesmennene stanse kommunale planar som ikkje sett av passande areal til bustadbygging.

Kommunane skal ivareta nasjonale mål i sin planlegging. Eit viktig mål er å sikre tilstrekkeleg bustadutbygging for det aukande folketalet i dei største byane.

–Eg ønskjer at fylkesmennene rettar særleg merksemd mot bustadbygging når dei behandlar kommunale planar. Om nødvendig kan fylkesmennene fremme motsegn dersom kommunane ikkje utnyttar areala sine godt nok, seier Solhjell.

Han har sendt brev til fylkesmennene der han understrekar plikten til å sjå etter at kommunane utnyttar areal som passar til bustadbygging. Det er eit mål med fortetting og plassering av bustader sentralt i byar og tettstader samt ved kollektivknutepunkt. Slik kan ein unngå auka biltrafikk og press på matjord, friluftsområde og grøne lunger. Les brevet til fylkesmennene her.

Solhjell ber fylkesmennene klargjere desse nasjonale interessene gjennom innspel til kommuneplanane i ein tidleg fase. Kommunane bør lage eit arealrekneskap som avklarar reservar og arealbehov til mellom anna bustader.

–Det er ikkje noko mål for meg å bruke retten til motsegn, men dette er eit verkemiddel dersom kommunane ikkje følgjer opp nasjonale mål. Arealbruk er viktig miljøpolitikk. God arealplanlegging minskar behovet for biltransport og skjermar verdifull natur, seier Solhjell.