Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 20.04.2012

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet (Opprettet 08.05.1972)

Status: Arkivert

Forhandlingar om laksefisket i Tanavassdraget

Ein delegasjon som skal reforhandle den nåverande avtalen mellom Noreg og Finland om laksefisket i Tanavassdraget er i dag oppnevnt av Kongen i statsråd. Hovedføremålet med forhandlingane vil være å sikre at fisket i vassdraget er berekraftig.

Laksefisket i Tanavassdraget har sidan 1873 vært regulert gjennom avtaler mellom Noreg og Finland. Den nåværande avtala trådte i kraft i 1990, og det er einigheit med Finland om at denne nå bør bli oppdatert og tilpassa nye nasjonale og internasjonale prinsipp og retningslinjer for lakseforvaltning. Forhandlingane vil bli igangsatt i løpet av våren.

Over tid har utviklinga for villaksen i Tana vært dårlegere enn i sammenliknbare norske vassdrag. Situasjonen er spesielt alvorleg for bestandene i dei øvre delane av vassdraget. Dette skyldes i all hovedsak eit for omfattande fiske.

– Tana er vårt langt største og viktigaste laksevassdrag, og det er også her vi har dei største utfordringane med å få på plass eit berekraftig laksefiske, sier miljøvernminister Bård Vegard Solhjell. Eg er difor svært nøgd med at vi no kjem i gang med dette arbeidet.

Den norske delegasjonen består av medlemmer frå Miljøverndepartementet, Utenriksdepartementet, Direktoratet for naturforvaltning, Tanavassdragets fiskeforvaltning og Sametinget.

Her kan du laste ned den kongelege resolusjonen om saka.