Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Tale/artikkel, 25.09.2012

Av: Tidligere miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet (Opprettet 08.05.1972)

Status: Arkivert

Kronikk: La ulven leve!

Aftenposten 25.09.12

I folkeeventyra er ulven gjerne framstilt som ein slu skapning, som du kan lure dersom du er lur sjølv. Ulven har ein heilt sjølvsagt plass i historia om Noreg. Gjennom langsiktig og tolmodig arbeid har vi fått han tilbake etter at han var utrydda i mange år.

For vi har faktisk utrydda ulven i Noreg.

Frå skotpremie til freding
På 1800-talet var Noreg ein viktig plass for ulvebestanden i Skandinavia. I 1845 vart det innført skotpremie på ulv. Fram til 1860-talet låg avskytinga på mellom 200 og 250 dyr årleg. Talet på ulv gjekk raskt nedover, og frå 1920-talet vart det berre betalt ut skotpremie for eit fåtal ulvar i året.

I 1971 opphøyrde ordninga med skotpremie samtidig som ulven vart freda. Vi gjekk altså rett frå skotpremie til freding av ulv.

Fredinga kom for seint til å berge ulven i Noreg, han var praktisk talt utrydda. Det tok tid før ulvestamma starta å vekse att etter fredinga. I 1983 var det ei yngling på Finnskogen, i grensestroka mellom Noreg og Sverige. Dei ulvane som kom hit på starten av 80-talet skapte grunnlaget for ulvebestanden vi har i dag.

30 ulvar i dag
I 1991 kom ein ny hann inn i Skandinavia, og etablerte seg i eit svensk revir. I seinare år har fleire ulvar komme frå aust. Nokre er skotne, men nokre har funne seg make og fått kvalpar. Dette er bra for ulvestamma, fordi det er med på å auke det genetiske mangfaldet og hindre innavl i bestanden.

I dag har vi om lag 30 ulvar i Noreg, og om lag like mange har tilhald på begge sider av grensa mot Sverige. Desse tilhøyrer ein felles ulvebestand som høyrer heime i Skandinavia. Dei siste åra har denne bestanden samla sett vore på mellom 260 og 330 individ. Målet om tre ynglande ulvepar i Noreg vart for første gong nådd i 2010. Det er få ynglingar, men like fullt eit viktig framsteg.

Ikkje norsk
Ulven høyrer heime i norsk natur og vi har eit ansvar for å ta vare på arten. Dette synet blir no utfordra av eit nytt argument.

Det vert hevda at ulven i Noreg ikkje er norsk, men tilhøyrer den finsk-russiske ulvebestanden.

Det er sant at ulven ikkje har norsk pass. Den har rett og slett ingen nasjonalitet. Det er få artar som høyrer heime i berre eitt einaste land. Korkje fisk eller trekkfuglar bryr seg om kva for landegrenser dei fer forbi i lufta eller under vatn, og dei fleste dyreartar i Noreg finn vi att i andre land.

Ubrukeleg prinsipp
Det er difor eit ubrukeleg prinsipp for forvaltning av truga dyreartar at alle land skal passe på artar som dei er åleine om (endemiske artar). Den største tigeren vi har – den sterkt truga Bengaltigeren – lever til dømes i India, men også i nabolanda. Kan Nepal seie at det problemet får India ta seg av, sidan Nepal berre har ein liten del av ein felles bestand?

Etter mitt syn nei. På same vis deler Noreg ansvar for ulven med våre naboland. Vi veit frå DNA-analyser at ulv frå aust kom hit til landet også midt på 1800-talet. Slik sett er det ikkje nytt at vi får besøk frå den kanten. Gjennom moderne overvaking er det registrert at ulv vandrar strekninga Finland/Russland – Skandinavia, i båe retningar. Eg legg difor til grunn at ulven i Skandinavia er etablert ved naturleg innvandring frå aust.

Rovdyr og beitedyr
Eg skal ikkje underslå at det er ein konflikt mellom rovdyr og beitedyr. Tvert om, eg arbeider med å redusere den nesten dagleg. Det tverrpolitiske rovviltforliket har ei todelt målsetting om å ivareta både rovdyr og dyr på beite.

Men sameksistensen mellom beitedyr og rovvilt fungerer betre enn mange vil ha det til.

I 2011 hadde vi om lag 2,3 millionar sau her i landet, langt fleire enn då ulven vart freda i 1971. Om lag 1,9 millionar går på utmarksbeite. I fjor vart rundt rekna 126.000 sau borte på utmarksbeite, 30.330 vart det utbetalt erstatning for på grunn av rovvilt. Talet på sau som vart erstatta på grunn av ulv var 1.470. Av desse var 1.180 i Hedmark, så det er store regionale skilnadar.

Lita trøyst
Tap til ulv kan ramme enkelte bruk særleg hardt. Det er lita trøyst for saueeigaren som finn dyra sine opprivne på marka at berre 1,2 prosent av all sau som vart borte på utmarksbeite vart erstatta på grunn av ulv, eller at berre 0,07 prosent av all sau på beite vart erstatta på grunn av ulv. Difor må vi framleis ha førebyggande og konfliktdempande tiltak, og vi skal utvikle erstatningsordningane så dei blir betre. Det går no raskt å få handsama fellingsløyve på dyr som utgjer eit skadepotensial. Vi har kunnskap og kompetanse om sameksistens mellom rovvilt og beitenæring. Mellom anna har rovdyravvisande elektriske gjerde fungert bra fleire stader.

Feil om motstand
Eg møter mange som trur at det berre er byfolk som vil ha rovdyr i norsk natur, og då langt vekke frå seg, medan motstanden er massiv på bygda. Det er feil, om vi skal tru på dei meiningsmålingane som vert gjort.

Faktisk er det slik at folk i Utkant-Noreg er meir positive til rovdyr i nærleiken enn folk i byane. I ei undersøking gjort av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og TNS Gallup frå 2010 svarer 32,6 prosent av folk frå rovdyrkommunar "ja, absolutt" på spørsmål om dei kunne godta å ha ulv i nærleiken av der dei bur. I resten av landet svarar 28,3 prosent det same. I heile landet er det fleire som absolutt kan tenke seg å ha rovdyr i nærleiken, enn dei som absolutt ikkje kan tenke seg det, men spørsmålet er meir polarisert i rovdyrkommunane.

Eit verdispørsmål
Vi må bygge forvaltninga av ulven på kunnskap. Men spørsmålet om vi skal ha ulv å forvalte er eit verdispørsmål.

I sommar var eg med Norsk institutt for naturforsking på merking av ei gaupe nær Lakselv i Finnmark. "Ella", som ho vart kalla, var GPS-merka og hadde nett fått ungar. Ein forskar frå NINA lista seg av garde med antenne og peila etter den, med meg og ein fotograf bak seg. Signala vart sterkare og sterkare, og litt tilfeldig snudde eg meg mot venstre. Der, ti meter unna, stakk gaupa hovudet opp bak ein stein og såg på oss med store og overraska auge. Det gjekk fem-ti sekund, eg veit ikkje heilt, så smaug den av garde oppover ei ur med raske og elegante steg. Vi fann ein unge, som vi målte, vog og merka.

Rovdyra våre er sky, men mange har likevel sett eit eller fleire av dei i naturen. Eg unnar fleire den opplevinga. Eg meiner også at rovdyra våre, inkludert ulven, har ein verdi – og vi eit ansvar for å forvalte bestandane.

Det er sjeldan ei god løysing å gjenta fortidas feil – la oss ikkje utrydde ulv igjen. La oss heller ikkje konstruere argument om at vi kan sjå bort frå ulven fordi han ikkje er etnisk norsk.