Historisk arkiv

Altinn har samla Noreg til eitt e-rike

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

2 av 3 bedrifter brukar Altinn når dei skal levera skjema til det offentlege. På mindre enn tre år er næringslivet sin kjennskap til portalen dobla. Det viser ei undersøking som er gjort blant 2000 bedriftsleiarar.

2 av 3 bedrifter brukar Altinn når dei skal levera skjema til det offentlege. På mindre enn tre år er næringslivet sin kjennskap til portalen dobla. Det viser ei undersøking som er gjort blant 2000 bedriftsleiarar. Undersøkinga er gjort for Altinn - internettportalen for enklare dialog med det offentlege.

Det er i dei minste bedriftene flest oppgir at dei brukar Altinn. Dette er særleg gledeleg i lys av at Noreg er eit land med forholdsvis mange små bedrifter. Av landet sine 180.000 bedrifter som har tilsette, har over halvparten av desse mindre enn fem tilsette.

3 av 4 brukarar meiner deira bedrift brukar mindre tid på offentlege skjema ved bruk av Altinn. Det er innanfor tjenesteytande næringar flest oppgir at dei sparar tid på Altinn.

Les meir om undersøkinga her.