Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 13.10.2009

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet (Opprettet 01.01.1997)

Status: Arkivert

Sterk satsing på marin bioprospektering

Regjeringa foreslår å setje av om lag 50 millionar kroner til marin bioprospektering i 2010.

24 millionar kroner går over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett – ei fordobling frå 2009.  Omlag 25 millionar kroner går over Fiskeri og kystdepartementet sitt budsjett, som er ein auke på 7 millionar kroner frå 2009.

– Marin bioprospektering er eit område der Noreg har gode moglegheiter for å hevde seg internasjonalt. Regjeringa vil legge til rette for forsking og næringsutvikling for å utløyse det store verdiskapingspotensialet som ligg i dette strategisk viktige satsingsområdet, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

Marin bioprospektering handlar om å utforske eigenskapane til marine organismar. Dette kan gi ny kunnskap som kan ha kommersielt potensial innanfor ei rekke næringer som til dømes farmasøytisk industri, næringsmiddel, fôr, kosmetikk, bioenergi og petroleumsindustri. Satsinga på marin bioprospektering er ein del av Regjeringa sin nordområdestrategi, innovasjonspolitikk og strategi for marin sektor.