Pressemelding, 26.04.2012

Nr.: 61/12

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Status: Arkivert

290 millionar kroner til betre kollektivtransport i fire storbyområde

- Det er naudsynt å betra miljøet i dei større byområda våre gjennom redusert biltrafikk. Fleire må få høve til å gå, sykla og reisa kollektivt. Belønningsmidlane som Samferdselsdepartementet no tildeler til fire byområde vil bidra i rett retning, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Sør Trøndelag fylkeskommune og Trondheim, Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand, Buskerud fylkeskommune og Buskerudbyen, samt Hordaland fylkeskommune og Bergen har alle inngått fireårige avtalar med staten om tildeling frå ordninga ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda”.

Sør-Trøndelag og Buskerud vert tildelt midlar som forventa, høvesvis 90 og 110 millionar kroner for 2012. Samferdselsdepartementet kan ikkje sjå at fylkeskommunane Vest-Agder og Hordaland har oppfylt forpliktingane sine. Hordaland fylkeskommune får etter dette 90 millionar kroner medan utbetalinga til Vest-Agder fylkeskommune vert sett på vent. Hordaland fylkeskommune og Bergen skulle etter avtalane med staten vert tildelt 150 millionar for 2012, og Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand 60 millionar kroner. Dersom det seinare i år viser seg at det føreligg dokumentasjon på tiltak i samsvar avtalane, kan midlane betalast ut på eit seinare tidspunkt.

Føremålet med belønningsordninga, som blei oppretta i 2004, er å stimulera til betre framkome, miljø og helse i storbyområda. Dette blir gjort ved å dempa auken i behovet for motorisert transport og auka talet på kollektivreiser på kostnad av reiser med privatbil. Avtalane innanfor ordninga skal bidra til å byggja opp under målsetjingane i Klimaforliket og Soria Moria II-erklæringa.


For fleire opplysningar - sjå:

  • Brev av 25. april 2012 frå Samferdselsdepartementet til Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune(pdf)
  • Brev av 25. april 2012 fra Samferdselsdepartementet til Buskerudbyen (pdf)
  • Brev av 25. april 2012 fra Samferdselsdepartementet til Sør-Trøndelag fylkeskommune (pdf)
  • Brev av 25. april 2012 fra Samferdselsdepartementet til Vest-Agder fylkeskommune (pdf)
  • Brev av 25. april 2012 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet
  • Temasida til Samferdselsdepartementet om Belønningsordninga (lenkje)