Historisk arkiv

NTP: Talet på drepne og hardt skadde skal halverast innan 2024

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Eitt av regjeringas fire hovudmål i NTP er ein visjon om at det ikkje skal førekome ulukker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren. Etappemålet er å halvere talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken innan 2024, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

- Eitt av regjeringas fire hovudmål i NTP er ein visjon om at det ikkje skal førekome ulukker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren. Etappemålet er å halvere talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken innan 2024, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

Sidan 2005 er talet på drepne og hardt skadde redusert med om lag 30 prosent, samstundes som det har vore ein trafikkvekst på om lag 12 prosent.
Reduksjonen i ulykker er blant anna eit resultat av systematisk og målretta trafikktryggleikarbeid, med satsing på tiltak som har dokumentert effekt

For å nå etappemålet vil regjeringa:

• Intensivere arbeidet med å sikre vegnettet og betre trafikkmiljøet
• Sikre eit framleis høgt nivå på føraropplæringa
• Arbeide vidare for å få folk til å halde fartsgrenser, bruke bilbelte og køyre rusfritt
• Vidareføre tiltak overfor høgrisikogrupper i trafikken
• Intensivere og målrette kontrollverksemd, særleg overfor tunge køyretøy
• Leggje til rette for auka bruk av teknologi som bidrar til auka trafikktryggleik
• Vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget innan trafikktryggleik
• Førebyggje ulukker med barn og unge
• Byggje totalt 780 kilometer møtefri veg (400 kilometer to- og trefelts riksvegar får midtrekkverk. I tillegg kjem 380 kilometer møtefri veg på grunn av ny firefelts veg)

Offensiv satsing på sikker veg og trafikkmiljø gjennom investeringar, drift og vedlikehald:

• Ei gjennomsnittleg årleg ramme på 1,37 milliardar kroner til særskilte trafikktryggleikstiltak. Dette er 57 prosent høgare enn nivået i saldert budsjett 2013.

• 400 kilometer to- og trefelts riksveg vil få midtrekkverk. I tillegg kjem utbygging av firefelts veg og etablering av forsterka midtoppmerking og tiltak mot utforkøyring.

• Satsinga på utbygging av gang- og sykkelvegar skal styrkast med nær 400 millionar kroner samanlikna med nivået i saldert budsjett 2013. Dette inneber  ei årleg ramme på 820 millionar kroner i planperioden til tiltak for gåande og syklande.

• Trafikkmiljøet for gåande, syklande og kollektivreisande vil også bli betra gjennom oppgradering av haldeplassar og kollektivknutepunkt, samt gjennom bymiljøpakker.

- Risikoen for å bli drepen eller hardt skadd på norske vegar er historisk låg. Den skal bli endå mykje lågare, seier samferdselsminister Marit Arnstad. 

Førebelse tal for 2012 viser at 147 menneske mista livet og 661 blei hardt skadde i trafikkulukker på veg. Ein må tilbake til 1953 for å finne eit lågare tal, og ulukkesrisikoen i Noreg er blant dei lågaste i verda. Drepne og hardt skadde i vegtrafikken er likevel framleis eit alvorleg samfunnsproblem.

Samleside om Nasjonal transportplan 2014-2023 med flere pressemeldinger, grafikk og mer informasjon