Historisk arkiv

Breibandskonferansen 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Gardermoen 26. september 2007

Talen til statssekretær Steinulf Tungesvik på Breibandskonferansen 2007, 26. september 2007, Gardermoen.

Kjære alle saman!

Hjarteleg takk for invitasjonen til å kome hit til Breibandskonferansen 2007.
Slike konferansar er særs viktige møtestader for dei ulike aktørane i bransjen, og Breibandskonferansen er kanskje særleg viktig sidan ekom er eit spennande fagfelt i rask utvikling. Det er òg eit fagfelt regjeringa er svært oppteken av. Eg går ut frå at dei fleste av dykk kjenner til norsk breibandspolitikk, men eg skal likevel dra nokre hovudliner.

Regjeringa har breiband til alle som eit av sine mål. Dette er eit av dei viktigaste nærings- og distriktspolitiske måla Regjeringa sette seg i Soria Moria-erklæringa, og ikkje minst er det noko Senterpartiet alltid har vore opptekne av. Som kanskje nokon av dykk vil hugse lanserte Odd Roger Enoksen allereie i 1998 visjonen om den digitale allemannsretten. Dermed gjorde breiband til politikk. Den gongen var det ingen som heilt skjønte kva vi meinte, særleg ikkje i media, og mange lo litt av oss. No er det ikkje lenger nokon som lurer på om breiband er politikk eller ei!

Vi er stolte og glade over at 99 % av Noregs innbyggjarar ser ut til å ha breibandsdekning ved utløpet av 2007. Talet byggjer på to ulike kjelder. Ein rapport frå Teleplan viser husstandar som vil bli dekka av pågåande og planlagd utbygging. Dette er inkludert noko dekning av mobile breibandsnett. HØYKOM-sekretariatet har òg gjort ei oppteljing av husstandar som vil bli dekka av dei prosjekta HØYKOM støttar. Begge rapportane konkluderer med 99 % dekning ved utgangen av året.
Samstundes er Noreg eit av dei leiande landa i verda når det gjeld kor mange som faktisk har breiband heime (ca 63 %). Det er likevel ei utfordring både for tilbydarane, pressa og styresmaktene å få endå fleire til å knytte seg opp mot nettet.

Breibandspolitikken til regjeringa
Regjeringa har lagt vekt på at IKT er ein nøkkelteknologi. IKT skapar grunnlaget for heile det globale informasjonssamfunnet. Evna til å utvikle og utnytte IKT er difor avgjerande for å kunne vidareutvikle eit konkurransedyktig næringsliv og ein velfungerande offentlig sektor i alle delar av landet. Breiband er òg eit særs viktig samfunnspolitisk verkemiddel. Som eg var inne på, gir breiband auka konkurranseevne for norsk næringsliv. Det er også eit viktig verktøy ved fornying av offentleg sektor. Tilgang til breiband gjev dessutan betre balanse mellom distrikta og byane, ved å gjere informasjon, kulturtilbod og underhaldning lettare tilgjengeleg for alle. I tillegg er breiband viktig både for sosial kontakt og demokratisk deltaking, kanskje særleg for unge menneske. Undersøkingar viser at ungdom i dag bruker meir tid på nettet enn dei bruker til å sjå TV. Nettet gir gode moglegheiter for sosial kontakt, og blir stadig viktigare for oppfølging av skule, fritidsaktivitetar og venner.

I tillegg til den såkalla digitale allemannsretten som Senterpartiet har kjempa for heilt sidan 1998, og som no altså nærmar seg ein realitet, er det viktig å byggje opp under den vidare utviklinga av dagens teknologi. Det gjeld òg for dei som har eit tilfredsstillande breibandstilbod i dag. Etter kvart som det blir breibandsdekning i heile landet, er det naturleg at vi også politisk ser på ei utviding mot høgare bandbreidde. Slik kan tilbodet bli endå betre for folk og bedrifter.

I Soria Moria-erklæringa er det nedfelt tre viktige punkt. For det første: heile landet skal ha tilbod om tilknyting til høghastigheitsnett innan utgangen av 2007. For det andre: det skal ikkje skal vere urimelege geografiske prisskilnader ved tilknyting til breibandsnettet. For det  tredje: ein skal bruke offentlege midlar for å bidra til å realisere utbygging i område der dette ikkje er kommersielt attraktivt. På alle tre frontar har vi lukkast godt.

Då regjeringa overtok var dekningsgraden på 91 %, og det låg att få eller ingen statlege verkemiddel frå førre regjering. No tyder altså dagens prognosar på at 99 % av husstandane har breibandsdekning i løpet av året.
Målet har heile tida vore at marknadsaktørane skal byggje breibandsinfrastruktur, medan styresmaktene skal leggje til rette for konkurranse i marknaden. Det offentlege skal vere ein krevjande etterspørjar av breiband og breibandstenester. Det nye som kom med vår regjering er at styresmaktene også skal understøtte breibandsutviklinga i område der ein ser at det ikkje vil kome noko marknadsbasert breibandstilbod.

At me no kjem opp på 99 % i løpet av året, skuldast ikkje berre statlege løyvingar. De som sit her i salen i dag, skal ha ein stor del av æra for at ein har oppnådd ei så god dekning. De har stått på og jobba for dette, og de har teke ein finansiell og industriell risiko. Dette fortener de ros for. Eg føler meg viss på at de òg vil stå på for at den siste prosenten skal kome på plass. Den prosenten blir vanskeleg, og den blir dyr -  men den er viktig, og den må på plass.

Korleis bidreg det offentlege?
Som eg var inne på, er det aktørane i marknaden som må stå for tilboda. Staten syt for ein sunn og god konkurranse. Det gjer vi blant anna gjennom lov om elektronisk kommunikasjon og annan regulering. Vidare står det offentlege for ein stor del av etterspurnaden via kommunar, fylkeskommunar, statlege etatar og offentlege verksemder. Vi tilbyr òg rettleiing, gjennom HØYVIS, departement, kommunar og fylkeskommunar. I tillegg kjem altså offentlege midlar. 

Det treårige HØYKOM-prosjektet som no er inne i sitt avsluttande år, har i 2007 delt ut nærare 122 millionar til fylkeskommunar, kommunar, teleoperatørar, lokale energiverk og eldsjeler. Av disse midlane var 100 millionar kroner øyremerka distriktsområde utan eksisterande breibandstilbod. Programmet er finansiert over Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett, og vert administrert av Noregs Forskingsråd.

I tillegg har Kommunal- og regionaldepartementet i RNB 2007 gjeve fylkeskommunane 155 millionar kroner til breibandsutbygging. Totalt har regjeringa i 2007 løyvd 377 millionar kroner for å nå målet om breiband til alle. Dette kom på toppen av 120 millionar til HØYKOM i 2006, så til saman har det blitt gitt 500 millionar i statlege tilskot siste to åra. Dei statlege midlane utløyser betydeleg medfinansiering lokalt. Gjennom lokale og regionale spleiselag vil det dermed bli investert om lag 1 milliard kroner til breibandsutbygging i område som ikkje ville fått breiband utan at det offentlege stilte opp. Denne milliarden kjem i tillegg til dei store summane næringslivet sjølv har sprøyta inn, på kommersielt grunnlag.

Regjeringa vil også etter 31.12.07 vurdere tilskot til både å auke mobildekninga over heile landet og til å halde fram breibandsutbygginga der det måtte vere aktuelt.

Fylkesvis dekning
Vi kan no ta ein titt på dekninga i dei ulike fylka. Som vi ser, er det fleire fylke som har ei estimert dekning heilt oppe på 99,5 % ved utløpet av året – når ein reknar med mobilt breiband. Dette gjeld Oslo, Østfold, Vestfold og Aust-Agder.

Dei fylka som har lågast dekning er Sogn og Fjordane med 97 % og Troms og Finnmark med 95 % og 96 %. Dette er fylke som det er krevjande og dyrt å drive utbygging i, og der kundegrunnlaget gjerne er mindre enn i fylke med tettare utbygning. Likevel: det er kanskje desse fylka som treng full dekning aller mest. Difor er det viktig at ingen av oss slår oss til ro før det blir nær 100 % dekning òg i desse fylka.

Oppkopling kontra dekning
Nærare 99 % av innbyggjarane våre har altså tilgang til breiband. Av desse er det om lag 63 % som er kopla opp. Dette er eit særs høgt tal i samanlikning med andre land. Likevel kan det vere interessant å sjå på kvifor 37 % ikkje er kopla opp. Teleavisen gjennomførte nylig ei slik undersøking. Ein del (til dømes nokre av dei eldre) vil naturleg nok ikkje ha interesse av breiband. Men undersøkinga viste at mange potensielle breibandsbrukarar faktisk ikkje veit at dei kan kople seg opp. Og veit dei det, ja, så trur dei at det er mykje meir teknisk krevjande å kople seg opp enn det i røynda er. Det må difor vere ei viktig oppgåve for bransjen å gjere folk merksame på kva som eigentleg finst av moglegheiter. Lokalpressa er veldig opptekne av breiband, men dei er ofte ute etter kritiske vinklingar som ”kvifor finst det ikkje breiband her” osv. Så viser det seg kanskje at det i realiteten er breibandsdekning på staden, utan at nokon er klar over det. Her blir mi oppmoding til dykk: Bruk gjerne pressa aktivt for å fortelje kor godt tilbodet eigentleg er!

Det blir framleis bygd breiband for mange milliardar i den norske marknaden, og stadig fleire får tilbod om større bandbreidder over fiber, kabel, koparnett og mobil. Digitalt klasseskilje er ei aktuell problemstilling som vi framleis vil vere opptekne av, også etter at vi har oppnådd breibandsmålet i Soria Moria. Ein ting er tilgangen til høgare bandbreidde, vel så viktig er det å sørgje for at alle er med og kan få nytte av digitaliseringa.

Ubiqoutus
Då eg for ei tid tilbake var i Sør-Korea på ein konferanse om nye media og ny teknologi, fekk eg stadig høyre ordet ubiqoutus, som på norsk vil bety noko slikt som ”allestads-nærverande” nett. I Europa er vi meir forsiktige, og kallar dette Next Generation Networks (NGN). I dette ligg det at dei ulike media – data, Internett, TV og mobile teknologiar – smeltar saman. Dette kokar etter mi meining ned til at det i tida framover vil vere behov for større bandbreidde, slik at folk blir i stand til å nyttiggjere seg det stadig større innhaldstilbodet.

Digitalt bakkenett /TV
Noko av det som er i vente er den digitale TV-revolusjonen, som vi vel kan konkludere med blir endå større og viktigare enn farge-TV-revolusjonen. Her har regjeringa vore ein pådrivar.

Eg ser av programmet at mykje av denne konferansen vil dreie seg om konvergens og tv-tilbodet. Ein del av dykk leverer såkalla Triple-play (telefon, internett, TV). Dette er ei spennande tid for dykk, for her står vi verkeleg ovanfor ei rivande utvikling dei næraste åra. Dette skuldast både digitalisering av fjernsynssignala, auka konkurranse mellom tv-distributørane og innhaldsleverandørane, men òg trendskiftet vi ser blant ungdom. Dagens ungdom ser stadig mindre på stasjonær TV, og stadig meir på nettet og mobiltelefonen. Breiband er i denne samanhengen berre ein av mange måtar å sjå på TV, samstundes med at TV-mediet slik vi kjenner det vil nærme seg breiband og bli meir interaktivt.

Digitaliseringa av fjernsynssignala inneber eit digitalt løft, noko som særleg vil bli tydeleg for distrikta der det ikkje er kabel-TV. Dekninga blir no langt betre for kanalar som i dag ikkje dekkar store delar av landet. Til dømes vil NRK2 auke frå 53% i det analoge nettet til over 95 % dekning på landsbasis. Vi ser også at det blir etablert fleire NRK-kanalar, mangfaldet i kanalval aukar og biletkvaliteten blir betre. Det blir meir konkurranse ved at satellitt-, breibands- og kabel-TV ikkje lenger vil rå grunnen åleine.

Mobilt breiband
Vi har høg mobildekning på 2G, og det skjer no ein storstilt utbygging på 3G, innanfor ulike standardar: UMTS, HSMA og CDMA. Dette er særs nyttig på reise, men også eit sentralt bidrag på dei stadane der det ikkje kan bli breiband via fastnett. Difor er mobilt breiband viktig for å nå den siste prosenten der det bur folk, og for å dekkje større delar av landarealet.

Spektrum- og frekvenspolitikk
Regjeringa er oppteken av bruken av frekvensressursane som blir tilgjengelege etter overgangen frå analog til digital kringkasting. Det er difor sett ned ei arbeidsgruppe som skal gje tilrådingar om dei teknologiske bruksområda (som spenner vidt frå kringkasting / mobile multimediatenester / mobil-TV til breiband og mobiltelefoni), i tillegg til opplegg for eventuell utlysing av ressursane. Det er debatt om dette også ute i Europa, og eg har merka meg at EU-kommisær Reding nylig uttalte at dividenden i EU ikkje skal kunne reserverast for tradisjonell kringkasting. På grunn av dei føringane som er venta frå EU-kommisjonen i løpet av 2007, men òg for å kunne sjå kva våre naboland vel å gjere, vurderer vi om arbeidsgruppa bør få utsett fristen for rapporten sin. Per i dag er fristen 1. oktober 2007.
 
Når det gjeld spektrumpolitikk generelt vil eg peike på at vi i Noreg har kome langt i å fordele frekvensressursar på teknologi- og tenestenøytralt grunnlag. Samstundes har vi opna opp for at frekvensar kan omsetjast eller framleigast. Dette bidreg til målet om effektiv bruk av frekvensar på konkurransenøytralt grunnlag. Eit eksempel på dette er er 2,6 GHz-auksjonen som PT skal gjennomføre i november 2007.

Internasjonal regulering
EU er i ferd med å revidere regulering si for elektronisk kommunikasjon. Dette er det heilt sikkert mange av dykk som er spente på. Her kan eg berre seie at departementet har motteke nokre førebelse signal, men at endringane på dette området vil bli offentleggjort først 22. oktober. Vi vil då kome nærare attende til korleis desse reguleringane eventuelt skal implementerast i norsk regulering.

Avslutning
Mange meiner telebransjen er ein moden bransje, men som eg har vore inne på: det er ein bransje som verkeleg flyttar seg med sjumilssteg. Heile bransjen er i endring, og vil halde fram med å vere det, noko programmet på konferansen òg illustrerer. Vi ser ein bransje med stadig nye aktørar, nye media, ny teknologi – og ikkje minst: stadig nye forbrukarvanar.

Nettopp difor er ein slik konferanse eit særs nyttig forum for å utveksle meiningar og erfaringar. Eg er viss på at de vil få eit par fine dagar her på Breibandskonferansen.

Lukke til med konferansen – og tusen takk for meg!