Historisk arkiv

Hydrogenkonferansen 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

11. desember 2007

Statssekretær Steinulf Tungesviks innlegg på Hydrogenkonferansen, 11. desember 2007. Tema for innlegget: ”Hydrogenrådets tilrådingar og statsbudsjettet 2008”.

Statssekretær Steinulf Tungesvik (Sp)
Innlegg på Hydrogenkonferansen, 11. desember 2007
Tema for innlegget: ”Hydrogenrådets tilrådingar og statsbudsjettet 2008”

Godtfolk!
Takk for invitasjonen til å kome hit i dag, eg er glad for å få vere her. Regjeringa ser på hydrogen som eit viktig verkemiddel i kampen mot klimaendringane. Konferansar som dette er eit nyttig forum for å kome vidare i dette arbeidet og få utveksla erfaringar og perspektiv.

Klimautfordringane
Klimautfordringane har ført oss inn i ei ny tid. Dette tek regjeringa på alvor, og gjennomfører ei gradvis grøn vriding av transportpolitikken. Frå 1990 til 2005 auka CO2-utsleppa frå vegtransport med over 25 prosent, vesentleg på grunn av auka næringstransport. Her ser de fordelinga internt i sektoren, som de ser står vegtrafikk for 73 % av utsleppa. Vegtrafikken står òg for 73% av transportarbeidet, og vil truleg halde fram med å gjere det – det har med vårt langstrakte land å gjere.

Transportsektoren sin del av samla nasjonale utslepp har òg auka, og utgjer no ¼. Berekningar viser at utsleppa frå vegtransport og luftfart i 2020 vil ha auka med 40 prosent dersom ikkje nye tiltak vert gjennomført. Veksten skuldast i hovudsak transportveksten, som igjen skuldast økonomisk vekst – og dermed auka trong for både person- og godstransport.

Klimahandlingsplanen og regjeringas mål
For å redusere utsleppa er det naudsynt med ein kraftig innsats. I Klimameldinga presenterer regjeringa målet om å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med det som hadde vore tilfelle utan tiltak. Ein reduksjon på 4 millionar tonn tilsvarar omtrent nullvekst i utsleppa frå dagens nivå. For å nå regjeringa sitt klimamål, er det naudsynt med tiltak på eit breitt spekter av område. Me er nøydde å bryte samanhengen mellom auka velstand / velferd og auka utslepp. Dette inneber at me må redusere transportbehovet, me må reise meir kollektivt, me må redusere energibruken per køyretøy og me må utvikle meir miljøvenlege energiberarar.

Regjeringa sine verkemiddel
Eit viktig tiltak regjeringa har gjennomført er miljøvenleg omlegging av eingongsavgifta. I dag er eingongsavgifta det viktigaste verkemiddelet for å stimulere forbrukarar til å velje meir miljøvenlege køyretøy. I 2006 vedtok regjeringa å leggje om avgiftssystemet i miljøvennleg retning. Det nye avgiftssystemet vart sett i verk 1.1. 2007, og har ført til at gjennomsnittleg CO2-utsleppet frå nyregistrerte bilar har blitt redusert frå 182g/km i 2006 til gjennomsnittleg 161 g/km i november 2007. Hydrogenbilar var allereie fritekne frå eingongsavgifta.

Vidare har regjeringa auka jernbaneinvesteringane med meir enn 50% prosent. Me har starta debatten om køprising, me vil leggje frem eit lovframlegg som opnar for å bruke bompengar til drift av kollektiv, og me har innført introduksjonsprogrammet for biodrivstoff.

Kvifor hydrogen?
Så – over til hovudtemaet her, hydrogen. For å løyse klimautfordringa i transportsektoren er det heilt naudsynt å utvikle alternativ til forbrenningsmotoren basert på fossile brennstoff.  Biodrivstoff  pluss hybridteknologien er utsleppsreduserande, og såleis bruer over til det som må vere målet: utsleppsfri transport. Bruk av hydrogen som drivstoff gir eit unikt potensiale for å unngå miljøskadelege utslepp langs heile verdikjeda – frå produksjon av energi til sluttbruk. Det føreset ein produksjon som anten ikkje nyttar fossile energikjelder, eller som har full CO2-handtering. Dessutan har hydrogen den gunstige eigenskapen at den kan bli framstilt frå ei rekkje ulike typar energikjelder, noko som gir langt betre grunnlag for lokal ressursutnytting enn drivstoff basert på olje åleine. Hydrogen kan bli ei av framtidas viktigste energiberarar, og representerer eit miljøvennleg og berekraftig element i eit framtidig energisystem. Noreg har gode føresetnader for å vere med i dette løpet. Regjeringa har difor satsa store summar på å støtte utvikling av alternative drivstoff som hydrogen. Me har òg endra rammevilkåra slik at hydrogenbilar skal bli meir attraktive  – dette har vi gjort både ved omlegging av avgiftssystemet – og praktisk tilrettelegging, som eg straks kjem tilbake til.

Utfordringar med hydrogen
Hydrogen som energiberar er førebels – og i ei tid framover – i ein ikkje-kommersiell fase. Fleire føresetnader må bli oppfylte før hydrogen kan bli brukt direkte i større skala. Det dreier seg både om teknologiske utfordringar og utfordringar knytt til å ta hydrogenet i bruk. For eit år sidan fekk me handlingsplanen frå Hydrogenrådet. Der er det føreslått mange interessante handlingar og tiltak. Eg vil no seie litt om status i regjeringa sitt arbeid på området.

Verkemiddel for innfasing av hydrogenkøyretøy
Me brukar fleire verkemiddel i arbeidet med å fase inn hydrogenkøyretøy i demonstrasjonsforsøka i Noreg. For det første er hydrogenkøyretøy med brenselsceller fritekne frå eingongsavgift og årsavgift (minus personskadeavgift). Hydrogenbilar med forbrenningsmotor er òg fritekne frå eingongsavgifta, etter at regjeringa bestemte seg for å gjere eit unntak frå nullutsleppskravet.

Hydrogendrivne køyretøy med brenselsceller er, i likskap med el-bilen, definert som eit nullutsleppskøyretøy. I dag har el-bilane og hydrogenbilane med brenselsceller løyve til å nytte seg av kollektivfelt, gratis passering i bomring og gratis parkering på offentlege parkeringsplassar. Eit framlegg om å etablere ei 3-årig prøveordning for å gje hydrogendrivne køyretøy med forbrenningsmotor tilgang til å bruke kollektivfeltet har vore på høyring. Det vil bli gitt ein slik regel som forskrift snart.

Økonomiske tilskot frå Samferdselsdepartementet (RENERGI )
Frå 2005 har Samferdselsdepartementets økonomiske tilskot til alternative drivstoff i blitt kanalisert gjennom Norges Forskningsråd sitt RENERGI-program. Gjennom RENERGI kan det bli gitt støtte til prosjekt innan alle fasane i innovasjonskjeda for hydrogen, det vil seie både til grunnleggjande forsking, anvendt forsking, til utvikling og til demonstrasjonsprosjekt. I 2007 er RENERGI-budsjettet på totalt 165 millionar. Av dette har Samferdselsdepartementet løyvd 23 millionar kroner til transportføremål. Samferdselsdepartementets løyvingar til RENERGI har vore relativt stabile i perioden 2005-2007. For 2008 er løyvinga auka med 6,3 millionar, det vil seie 27 % meir enn i 2007. I morgon får me vite kva prosjekt RENERGI-styret ynskjer å støtte. Departementet vil deretter følgje opp med eit tildelingsbrev som blir avgjerande for satsingstilhøvet mellom hydrogen og biodrivstoff.

Hy-Nor
Hy-Nor er, som de veit, godt i gang med å realisere visjonen om at det i 2009 skal vere mogleg å køyre hydrogendrivne køyretøy mellom Stavanger og Oslo. Gjennom Hydro sin hydrogenfyllestasjon i Porsgrunn – som eg hadde gleda av å opne – er knutepunkt nummer to på hydrogenvegen på plass, og fleire fyllestasjonar står for tur. Dette er eit svært viktig ledd i arbeidet med å introdusere hydrogendrivne køyretøy i Noreg. Samferdselsdepartementet sine midlar til HyNor går i hovudsak til etablering av knutepunkt, altså fyllestasjonar eller nodar, og til Th!ink Hydrogen - eit prosjekt for utvikling og testing av elbilar hybridisert med hydrogen. Etter planen skal det vere 5 Th!ink el-/hydrogenbilar på vegane i løpet av 2008. 

Transnova
I tråd med Klimameldinga, utgreier Samferdselsdepartementet no etableringa av Transnova – transportsektoren sitt svar på Enova. Transnova skal stimulere til effektive og miljøvennlege transportløysingar. Hovudoppgåva til organet skal vere å gje risikoavlastande investeringsstøtte til marknadsnære og lovande miljøvennlege transportløysingar. Transnova vil til dømes kunne gje økonomisk stønad til etablering av pilotanlegg for produksjon av hydrogen basert på vasselektrolyse. Det er òg planlagt at Transnova skal drive informasjons- og rådgjevingsverksemd. Organet kan til dømes hjelpe forbrukarar med å velje riktig reisemiddel, private føretak med bruk av intelligente transportsystem, eller kommunen med råd om areal og transportplanlegging. Me ønskjer å få realisert Transnova, men må få på plass finansieringa først, noko det blir arbeidd med.

Regjeringa er oppteken av hydrogen. Transportpolitikk og klima er likevel så mykje meir enn hydrogen. Det handlar om alt frå køprising og parkeringsregulering til ymse vegprosjekt, som til dømes Oslopakke 3, eit aktuelt døme på kor viktig det er å ta klimautfordringane med i planlegginga av ny infrastruktur. Det verkar det ikkje som har skjedd i dette tilfellet. Omsynet til klimaet må gjennomsyre alt me gjer!