Historisk arkiv

Innlegg på konferansen ”Transport og logistikk”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statssekretær Steinulf Tungesviks innlegg på konferansen ”Transport og logistikk”, Gardermoen, 11. oktober 2007.

Statssekretær Steinulf Tungesvik
Innlegg på konferansen ”Transport og logistikk”
Gardermoen, 11. oktober 2007

Kjære transport- og logistikkinteresserte!

Det er ei stor glede for meg å vere her på denne tradisjonsrike konferansen der ”alle” er samla, og som kvart år set søkelys på viktige utfordringar i transportsektoren. Det gleder meg å sjå at det også i år er lagt opp til eit breitt og rikhaldig program. Eg vil byrje med å presentere utdrag frå statsbudsjettet som vart lagt fram på fredag. Eg vil også kort kome inn på oppfølging av diskusjonen frå i fjor om vogntog over 25,25 meter. Til slutt vil eg kommentere departementets vektlegging av ein open NTP-prosess, og den såkalla Kvitboka til NHO, som vart lagt fram her på konferansen.

Årets statsbudsjett

I statsbudsjettet for 2008 er det gjort framlegg om 24,7 milliardar kroner til samferdselsføremål. Dette er ein ytterlegare auke på om lag 1,1 milliardar kroner eller 4,7 prosent frå saldert budsjett for 2007. Regjeringa leverer dermed det vi har lova. Løyvingane til veg- og jernbane aukar samanlikna med 2007, og jernbanebudsjettet er det høgaste i moderne tid.
 
Med dette framlegget har regjeringa meir enn oppfylt det som svarar til to år av planperioden i Nasjonal transportplan 2006-2009. For andre år på rad oppfyller altså Regjeringa rammene i NTP, og eg vil gjerne få understreke at dette er historisk. Aldri før har nokon regjering gjort det. Framlegget gir også rom for å ta inn om lag 200 millionar av etterslepet frå 2006. For både veg og jernbane har regjeringa funne det nødvendig å styrkje drift og vedlikehald utover det som er lagt til grunn i NTP. Det er eit svar på at tilstanden er verre og trafikkveksten større enn skildra i NTP. Også løyvingar til drift av riksvegferjer er styrkt, samanlikna med NTP.

Regjeringa har prioritert drifts-, vedlikehalds- og utbyggingstiltak som fører til tryggare, meir effektiv og miljøvennleg transport i heile landet. Regjeringa har lagt særleg vekt på tiltak som gir betre flyt i trafikken i tettbygde strok, reduserer avstandskostnader og betrar transporttilbodet for folk og næringsliv.

Vegføremål: 15,43 milliardar kroner 
Regjeringa foreslår for neste år ei samla statleg løyving på 15, 43 milliardar kroner til vegføremål, medrekna statleg kjøp av riksvegferjetenester. Dette er 575 millionar kroner eller 3,9 prosent meir enn saldert budsjett for 2007.

Av den foreslegne løyvinga til vegføremål er 7 milliardar kroner sett av til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet. Dette er ein auke på 4,3 prosent frå  2007. Innanfor drift og vedlikehald har ein prioritert tiltak for å gjere trafikken enda tryggare. Dette gjeld særleg vinterdrifta og tiltak retta mot svært ulukkesutsette vegstrekningar. Den høge innsatsen i vegvedlikehaldet, medrekna legging av nytt asfaltdekke, vil bli ført vidare i 2008.

I alt 6,5 milliardar kroner er foreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar, medrekna midlar til rassikring og midlar til utbygging av E18 Bjørvikatunnelen i Oslo. Dette er 256 millionar kroner eller  4,1 prosent meir enn for 2007. For stamveginvesteringar isolert overoppfyller vi ved å liggje på 75,2 % etter 3 av 4 år i planperioden.

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem 4,9 milliardar kroner som bompenge-selskapa vil stille til rådvelde neste år for å finansiere delar av utbygginga av riksvegnettet, medrekna 710 millionar kroner til investeringstiltak for kollektivtrafikk. Bompengane er ei viktig og naudsynt finansieringskjelde. Her er det verdt å leggje merke til at dette er noko alle parti innser straks dei kjem i maktposisjon, jamfør t.d. framlegget til Oslopakke 3.

Neste år er det planlagt anleggsstart for sju større riksvegprosjekt med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner. I tillegg blir det anleggstart for ei rekkje mindre prosjekt, både på stamvegane og på resten av riksvegnettet. Vi legg vekt på å fullføre allereie oppstarta prosjekt med fullt trøkk, framfor å setje i gang nye prosjekt med små oppstartsmidlar.

Jernbaneføremål
For 2008 er det gjort framlegg om å løyve i alt 7,5 milliardar kroner til jernbaneføremål. Dette er ein auke på 5,8 prosent.  Om lag 450 millionar kroner er sett av til tiltak og prosjekt med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til godsterminalane Ganddal i Rogaland, Alnabru  i Oslo og Brattøra i Trondheim og midlar til kryssingsspor ved Berg på Østfoldbanen, ved Fauske stasjon og ved Røkland på Nordlandsbanen og mellom Alnabru og Roa på Gjøvikbanen. Det er elles sett av midlar til planlegging av kryssingsspor mellom Kristiansand og Egersund og utbygging av dobbelspor Bergen stasjon – Fløen.  

Klimabudsjettet
Årets statsbudsjett har eit heilt klart miljøfokus. Særleg fire faktorar er med på å minske miljøulempene: Den sterke jernbanesatsinga, midlar til kollektivtiltak på vegnettet og belønnings- og støtteordningar for kollektivtransporten. Endringar i avgiftssystemet og løyvingar til forsking på meir miljøvennleg teknologi og drivstoff i transportsektoren, er også viktige tiltak. Dette budsjettet inneber netto avgiftslette på 200 millionar, med endring i årsavgift, autodieselavgift og vrakpant, alle med miljøpolitiske mål.

I regjeringas stortingsmelding om klimapolitikken har vi sett som mål å redusere klimagassutslepp frå samferdslesektoren med mellom 15 og 25 prosent samanlikna med forventa utslepp i 2020, føresett ingen nye tiltak. CO2-utslepp som skjer i transporten kan ikkje reinsast, og eit mål om lågare utslepp krev difor at vi må bruke mindre fossile drivstoff. Dette vil i praksis seie at samfunnet totalt må ta i bruk bilar og drivstoff som gjev lågare utslepp av CO2, vi må reise på meir miljøvennlege måtar eller redusere transportbehovet.
 
Regjeringa varslar i klimahandlingsplanen at vi vil gjennomgå skatte- og avgiftssystemet med sikte på å fremje miljøvennleg åtferd. Vi har allereie endra grunnlaget for å fastsetje eingongsavgifta. Omlegginga har ført til at gjennomsnittleg CO2-utslepp for nye bilar er redusert med 11 prosent frå 2006 til 2007. Regjeringa presenterte i samband med RNB eit introduksjonsprogram for biodrivstoff. I 2009 skal delen biodrivstoff i den norske marknaden vere fem volumprosent. Det tilsvarar reduksjonar på 400 000 tonn CO2-ekvivalentar per år.

Styresmaktene kan ikkje møte klimautfordringane åleine, vi er avhengige av eit godt samarbeid med næringslivet. Det er særs positivt at Schenker no går over til biodrivstoff på sine bilar. Frå før har Waagan transport gjort det, og fleire er på veg. Slik syner dei vilje til å ta ansvar. Eg vil gje honnør for dette, og oppmodar endå fleire til å vurdere liknande initiativ.

I arbeidet med klimautfordringar i samferdslesektoren legg vi vekt på ei klarare differensiering i transportpolitikken mellom by og land. Ein rapport frå SINTEF dokumenterer at betre vegar gir reduksjonar i klimagassutslepp. Medan nye distrikts- eller stamvegar fører til kortare reiser og mindre utslepp utan å skape trafikkvekst, blir klimaeffekten ved vegutbygging i byane eten opp av trafikkveksten ved overgang frå kollektivtrafikken. For den må det strukturelle verkemiddel til, me såg nylig i media at ikkje eingong kollektivdirektørane i dei større byane let bilen stå. I og med at det er størst bilbruk og sterkast folkeauke i områda kring dei største byane, er det her vi har dei største miljøutfordringane i transportsektoren, og det er her det er mogleg å oppnå dei største utsleppsreduksjonane.

Prøveordning med modulvogntog

På fjorårets konferanse var det ein diskusjon kring såkalla modulvogntog, vogntog på opptil 25,25 meter og 60 tonn totalvekt. Som de hugsar tok statsråden hol på saka – etter mange års diskusjon – ved å varsla utarbeiding av høyringsforslag. Vegdirektoratet sende ut høyringsframlegg om saka i mars, med frist i juni. Her kom det inn mange konstruktive og gode – og til dels motstridande - innspel som har kravd grundig vurdering. Prosessen har difor teke noko tid, men er no nær sluttbehandla i Samferdselsdepartementet, som no vil gå inn for ei avgrensa prøveordning for modulvogntog – og sjølvsagt ikkje andre typar vogntog. Departementet vil om kort tid kome tilbake med konkret utforming, m.a. når det gjeld strekningar.

Det er usikkerheit og usemje blant høyringsinstansane om kva for effektar ein kan vente av prøveordninga når det gjeld trafikktryggleik, miljø – m.a. tilhøvet til jernbanetransport, effektivitet og konkurranseforhold. Departementet meiner at eit avgrensa forsøk som vert skikkeleg evaluert vil kunne gi eit godt grunnlag for å avdekke effektane modulvogntog vil ha i Noreg, og for ei etterfølgjande vurdering av om vi ønskjer ei slik ordning på meir permanent basis. Vi vil understreke at prøveordninga må vere reverserbar. Samferdselsdepartementet vil utlyse ein konkurranse med gjennomføring av evaluering innanfor ramma av eit opplegget som allereie er utarbeidd av Transportøkonomisk institutt. Evalueringa må gå fortløpande under prøveperioden, og bli avslutta om lag eit halvår før prøveperioden er omme. Ein må òg kunne avslutte ordninga heilt eller dels før prøveperioden er omme, om resultata etter kvart skulle tilseie eit slikt drastisk tiltak.

NHOs Kvitebok

Samferdselsdepartementet har motteke ein førehandsversjon av NHOs såkalla Kvitebok. Det er positivt at næringslivet kjem opp med slike samla innspel, og det er mange gode problemskildringar i Kvitboka. Ikkje minst er det interessant at NHO går inn for såkalla køprising, og meiner at dette er eit verkemiddel som kan brukast som trafikk-regulerande verkemiddel i byane, som miljøtiltak og som grunnlag for finansiering av samferdsletiltak. Det er modig , og gjer organisasjonen til ein interessant spelar i debatten framover.

Vi vektlegg føreseieleg næringstransport. Om ein alltid må ta høgde for forseinkingar, gir ikkje dette tidstap berre i den konkrete situasjonen, men også elles, fordi ein alltid må leggje inn ein buffer. Vi jobbar difor for mindre kø, betre ferjetilbod, betre rassikring og vegstandard generelt – for å sikre at næringstransporten blir mest mogleg friksjonsfritt.

Eg er elles glad for den gode og breie deltakinga i departementet sine regionale dialogmøte med næringslivet. Ein open planprosess er viktig for å finne gode løysingar. Vi utarbeider no ein samla rapport frå desse møta, som saman med NHOs kvitebok vil utgjere vere viktige innspel for det vidare arbeidet med ny NTP. Vi opplever no eit næringsliv som spelar på lag med regjeringas prioritering av samferdsle og bidreg i lag med oss til å breidde ut samferdslepolitikken frå kamp om vegstubbar til sentralt element i næringspolitikken. Om vi skal ønskje oss noko for samarbeidet vidare må det vere tydelege framlegg til heilskaplege prioriteringar.

Forsking og SMARTRANS

Samferdselsdepartementet foreslår å auke støtta til forsking og utvikling retta mot miljøvennlege drivstoff og teknologi med 27 prosent. Dette vil gå mellom anna til å støtte utvikling av 2. generasjon biodrivstoff og bruk av hydrogen i transportsektoren, blant anna hydrogenvegen mellom Stavanger og Oslo. Vi vidarefører også den sterke satsinga på kunnskapsutvikling kring næringslivstransport som vart kunngjort på denne konferansen i fjor, SMARTRANS-programmet. Smartare godstransport og smartare logistikkløysingar gir konkurransefortrinn og bidreg til meir effektiv og dermed meir miljøvennleg transport. Eg oppfordrar forsamlinga til å vurdere deltaking i dette næringsretta forskingsprogrammet. Ta kontakt med Forskingsrådet, som er tilstades her, om de treng meir opplysningar.

Eg vil til slutt nemne at Noreg er med i EUs såkalla Marco Polo II-program, som gir oppstartsstøtte til bedrifter som vil bygge om sine internasjonale godstransportar i miljøvenleg retning. Departementet planlegg ein større konferanse for interesserte bedrifter tidleg neste år.

Då gjenstår det berre for meg å takke for merksemda!