Historisk arkiv

Innlegg på Logistikkdagen, Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statssekretær Steinulf Tungesviks innlegg på Logistikkdagen, 17. oktober 2007, Bergen.

Kjære alle saman!

Det er ei stor glede for meg å vere her på vegne av samferdselsminister Navarsete i dag. Temaet for denne bolken er ny Nasjonal Transportplan. Arbeidet med ny NTP er førebels på eit relativt tidleg stadium. Planen skal ikkje leggjast fram før ved utløpet av 2008, og førebels ventar vi på planforslaget frå samferdsleetatane. Innspela skal kome i desember i år, og eit år seinare skal ny NTP vere klar.

Det er naturleg nok vanskeleg å vere konkret om innhaldet i NTP på dette stadiet. Det eg derimot vel å seie mykje om er statsbudsjettet for 2008, som vart lagt fram for halvanna veke sidan. Her ligg regjeringa sin samferdslepolitikk for i dag, sjølvsagt vil vi ta med same preget inn i vår eigen NTP, som Samferdsledepartementet lagar saman med Fiskeri- og kystdepartementet.

Eg vil difor byrje med å presentere nokre generelle utdrag frå budsjettet, for deretter å gå nærare inn på hovudpunkta for Vestlandet. Så skal eg snakke litt om prosessen med ny Nasjonal Transportplan.

Årets statsbudsjett

I statsbudsjettet for 2008 er det gjort framlegg om 24,7 milliardar kroner til samferdselsføremål. Dette er ein auke på om lag 1,1 milliardar kroner eller 4,7 prosent frå 2007. Regjeringa leverer dermed det vi har lova. Løyvingane til veg- og jernbane aukar samanlikna med 2007, og jernbanebudsjettet er det høgaste i moderne tid.

Med dette framlegget har regjeringa meir enn oppfylt det som svarar til to år av planperioden i Nasjonal transportplan 2006-2009, noko ingen tidlegare regjering har gjort. Vi gjer det handlingsregelen tilseier: meir bruk av oljepengar til mellom anna infrastruktur, i størrelsesorden  + 2,5 – 3 milliardar per år. Framlegget gir også rom for å ta inn om lag 200 millionar av etterslepet frå 2006.

Vegføremål: 15,5 milliardar kroner 
Regjeringa foreslår for neste år ei samla statleg løyving på 15,5 milliardar kroner til vegføremål, medrekna kjøp av riksvegferjetenester. Dette er 575 millionar meir enn i 2007.

Av den foreslegne løyvinga til vegføremål er 7 milliardar kroner sett av til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet. Dette er ein auke på 4,3 prosent frå  2007. I alt 6,5 milliardar kroner er foreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar, 4,1 prosent meir enn for 2007.

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem 4,9 milliardar kroner i bompengar. Bompengane er ei viktig og naudsynt finansieringskjelde, og det er interessant å leggje merke til at dette er noko alle parti innser straks dei kjem i maktposisjon.
Det er planlagt anleggsstart for sju større riksvegprosjekt med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner. Fire av desse er på Vestlandet. Inneverande NTP har prioritert stamvegar på Austlandet. Regjeringa utjamnar med 2008-budsjettet dette noko, og vil vri meir til Vestlandet og andre landsdelar i neste NTP.

I tillegg blir det anleggstart for ei rekkje mindre prosjekt, både på stamvegane og resten av riksvegnettet. Regjeringa legg likevel vekt på å fullføre allereie oppstarta prosjekt framfor å setje i gang nye prosjekt med små oppstartsmidlar – med andre ord: rasjonell økonomistyring.

Jernbaneføremål
For 2008 er det gjort framlegg om å løyve i alt 7,5 milliardar kroner til jernbaneføremål. Dette er ein auke på 5,8 prosent, og dermed er dette eit historisk godt jernbanebudsjett. Om lag 450 millionar kroner er sett av til tiltak og prosjekt med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til ei rekkje godsterminalar, dobbeltspor Bergen- Fløen, og planlegging av kryssingsspor blant anna på Sørlandsbana og Bergensbana.

Klimabudsjettet
Årets statsbudsjett har eit heilt klart miljøfokus. Særleg fire faktorar er med på å minske miljøulempene: Ein: Den sterke jernbanesatsinga. To: midlar til kollektivtiltak på vegnettet, inkludert belønnings- og støtteordningar for kollektivtransporten. Tre: omlegging av bilavgiftene og fire: utvikling av alternative drivstoff.. Dette budsjettet inneber netto avgiftslette på 200 millionar, trass endring i årsavgift, autodieselavgift og vrakpant, alle med miljøpolitiske mål.

I regjeringas stortingsmelding om klimapolitikken har vi sett som mål å redusere klimagassutslepp frå samferdslesektoren med 15 til 25 prosent samanlikna med forventa utslepp i 2020, føresett ingen nye tiltak. CO2-utslepp som skjer i transporten kan ikkje reinsast, og eit mål om lågare utslepp krev difor at vi må bruke mindre fossile drivstoff. Dette vil i praksis seie at me må ta i bruk bilar og drivstoff som gjev lågare utslepp, me må transportere og reise på meir miljøvennlege måtar og me må redusere transportbehovet. Her må det vere lov å oppmode om betre utnytting av godskapasiteten, fyll opp bilane, samarbeid!
 
Den grøne skattevekslinga, omlegginga av eingongsavgifta har ført til at gjennomsnittleg CO2-utslepp for nye bilar er redusert med 11 prosent frå 2006 til 2007. Regjeringa presenterte nylig eit introduksjonsprogram for biodrivstoff. I 2009 skal delen biodrivstoff i den norske marknaden vere fem volumprosent. Det tilsvarar reduksjonar på 400 000 tonn CO2-ekvivalentar per år.

I arbeidet med klimautfordringar i samferdslesektoren legg vi vekt på ei klarare differensiering i transportpolitikken mellom by og land. T.d Aftenposten var inne på det same måndag, med både meiningsmåling og på leiarplass: prioriter kollektiv i storby, veg i distrikta og utanom bysentra.  Ein rapport frå SINTEF dokumenterer at betre vegar gir reduksjonar i klimagassutslepp. Medan nye distrikts- eller stamvegar fører til kortare reiser og mindre utslepp utan å skape trafikkvekst, blir klimaeffekten ved vegutbygging i byane eten opp av trafikkveksten ved overgang frå kollektivtrafikken. Her er også eit stort behov for tilpassing til klimaendringane, t.d rassikring. Dette vil bli omtalt i neste NTP:

Til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda” er det på landsbasis foreslått 161 millionar kroner. Ordninga har som formål å påverke transportutviklinga i dei større byområda, slik at fleire vel kollektivtransport framfor eigen bil. Bergen og åtte andre byområde vil i 2008 kunne søkje tilskot frå ordninga, som no i endå sterkare grad enn tidlegare vil bli innretta mot faktisk oppnådde resultat. Dei beste søknadene får tildeling.

Vestlandet i budsjettet
Me kan no sjå raskt og stikkordsmessig på hovudpunkta i budsjettet for dei fire Vestlandsfylka:

Hordaland:
• Fullfinansiere ombygging av ferjekaiene Halhjem – Sandvikvåg
• Finansiere utbetring av Bømlofjordtunnelen
• Vidare arbeid med støytiltak på strekninga Sørås – Hop
• 53 millionar kroner til stamvegprosjektet E39 Romarheimsdalen
• 45 millioner kroner til prosjektet E134 Haukelitunnelane
• Til E134 Rullestadjuvet er det sett av 31 millionar kroner
• Til riksveg 13 Jøsendal – Voss  er det foreslått ei investeringsramme på 5 millionar kroner
• Lokalpolitisk tilslutnad til Vossepakke: prosjekta Øvre Granvin – Voss grense og Mønshaug – Palmafoss på riksveg 13 og tunnel bak Vossevangen på E16
• Til ”øvrige riksvegar” er det foreslått ei statleg investeringsramme på 373,6 millionar kroner
• Innanfor Bergensprogrammet: 225 millionar til Bybanen
• Til ”Ringveg vest” er det sett av 300 millionar
• Oppfølging av prosjektet riksveg 57 Espeland – Herland.
• Fullføring av Halsnøysambandet 544
• Fullføre utbygginga av Austevollsbrua på riksveg 546 
• 23 millionar kroner som forskot frå lokalt hald til å utbetre riksveg 48 Hafskorberget
• Vidareføring av prosjektet Hardangerbrua på riksveg 7/13: 360 millioner kroner av lokale tilskot.
• Riksveg 567 Hauge – Lonevåg i Osterøy kommune
• Rassikring: prioritert vidareføring av prosjektet Ulvundsøyne på riksveg 13 i Myrkdalen
• 20 millionar kroner til dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen.
• Nytt kryssingsspor mellom Alnabru og Roa.
• Fornying av skinnegangen på Bergensbanen

Rogaland:
• Midlar til reservekai for Mortavika ferjekai
• Utbygginga av Tjensvollkrysset i Stavanger vil halde fram
• 40 millionar til E 39 Stangeland – Sandved.
• For ”øvrige riksvegar”: foreslått ei samla statleg investeringsramme på 196,2 millionar kroner
• 29 millionar kroner blir nytta til å fullføre prosjektet riksveg 44 Stangeland – Skjæveland,
• 80 millionar kroner vil gå til å fullføre prosjektet riksveg 44 Omkøyringsveg Klepp
• Lagt opp til anleggsstart i 2008 for prosjektet riksveg 47 T-sambandet
• Utbetring av riksveg 47 på delstrekning mellom Haugesund og Hordaland grense. 
• Rassikringsmidlar til prosjektet riksveg 503 i Gloppedalen
• Sluttføring av prosjektet Ganddal godsterminal
• 570 millionar til utbygging av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger
• Midlar til planlegging av kryssingsspor på Sørlandsbanen mellom Kristiansand og Egersund

Sogn og Fjordane:
• 95 millionar til prosjektet E16 Borlaug - Voldum
• RV/ 7/RV 52 Hønefoss - Gol – Borlaug: investeringsramme på 32,1 millionar kroner
• Til ”øvrige riksvegar”foreslått ei statleg investeringsramme på 237 millionar kroner, medrekna 160 millionar kroner til rassikring.
• Midlar til rassikring Gotteberg – Kapellneset
• Vidareføring av rassikring av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrovi – Stølsneset)
• Til rassikringsprosjektet Fatlaberget på riksveg 55 er det sett av 90 millionar kroner.
• 56 millionar kroner i forskot frå Årdal kommune til rassikringsprosjektet riksveg 53 Naustbukttunnelen og Øvre Årdalstangen
• 10 millionar kroner i forskot frå Luster kommune til rassikringsprosjektet riksveg 55 Gullringen mellom Dale og Skjolden
• Oppstart ny E39 Kvivsvegen

Møre og Romsdal:
• E39 Ålesund - Trondheim: 14,6 millionar
• E39 Renndalen – Staurset bru: 80 millionar
• Planlagd utviding av Krifastprosjektet på E39
• Til E136 Dombås – Ålesund: 26 millionar
• Riksveg 70 Oppdal – Kristiansund: 4,5 millionar
• Til øvrige riksvegar er det foreslått ei statleg investeringsramme på 226,6 millionar kroner.
• 159 millionar kroner til fullfinansiering av Eiksundsambandet, på riksveg 653.
• Til riksveg 64 Atlanterhavstunnelen: 245 millionar
• Arbeidet på riksveg 662 ved Haukabøen ført vidare
• 16,5 millionar til Imarsundprosjektet, riksveg 680
• Fullfinansiering av rassikringsprosjektet riksveg 62 Fresvika – Jordalsgrenda.

Bybanen / Bergensprogrammet
Innanfor Bergensprogrammet er det rekna med i alt 225 millionar kroner til Bybanen. Til prosjektet ”Ringveg vest” er det sett av 300 millionar kroner. Begge desse prosjekta er i rute.
Etter at fylket og kommunen ikkje vart samde om vidareføringa, blir forsøket med kommunalt ansvar for transportsystemet i Bergen no avslutta. Ansvaret for lokal kollektivtrafikk i Bergen blir ført tilbake til Hordaland fylkeskommune, med verknad frå 1. januar 2008.

Det er semje mellom Bergen kommune og fylkeskommunen om at ansvaret for drift av Bybanen skal bli overført til fylkeskommunen. Driftsansvaret omfattar også innkjøp av vognmateriell. Bergen kommune skal framleis ha byggherreansvaret for prosjektet.

Det er kostnadsoverskridingar på Bybane-prosjektet. Bakgrunnen for orienteringa var at Bergen kommune hadde fått inn tilbod på 70% av entreprisane på prosjektet. Desse synte at byggekostnadene vil bli høgare enn føresett. Dei resterande 30% av entreprisane er i all hovudsak lagt ut med frist for innlevering av tilboda seinare i haust.

Bergen kommune føretek no ei kontrollrekning av tilboda. Deretter må det lagast eit nytt kostnadsoverslag og ein ny finansieringsplan. Departementet ventar no på resultatet av gjennomgangen og Statens vegvesens handsaming av saka. Dersom kostnadsoverslaget viser seg å liggje over kostnadsramma, må saka leggjast fram for Stortinget på nytt.

Ny Nasjonal Transportplan

Som eg var inne på i byrjinga er vår regjering den første regjering nokonsinne som oppfyller rammene i Nasjonal Transportplan, for 2. året. Det er vi stolte av. Likevel er det først når vi om litt over eit år legg fram stortingsmeldinga om Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 at regjeringa sin transportpolitikk for alvor vil tre fram.

Som sagt ventar vi no på planforslaget som Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor AS i fellesskap utarbeider. Dette forslaget er basert på retningsliner frå Samferdselsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet. Vi er særs opptekne av reell samordning, også slik at ein type infrastruktur (ein etat) kan vike for å gje politisk og økonomisk rom for å satsa på ein annan (t.d veg-jernbane). For å nå måla i transportpolitikken må vi leggje til rette for intermodal transport. Planforslaget skal vere klart ved utløpet av 2007 og sendast på høyring i tre månader. Fråsegnene frå høyringsprosessen går til departementa og er viktige signal i arbeidet med stortingsmeldinga.

Ved utløpet av 2008 skal så stortingsmeldinga om Nasjonal Transportplan 2010-2019 leggjast fram. Nasjonal Transportplan er eit særs viktig verktøy. Det legg grunnlaget for heilskaplege politiske vurderingar, effektiv verkemiddelbruk og styrking av samspelet mellom transportformene. Nasjonal transportplan skal vere langsiktig og nytenkjande, opne for  smarte løysingar og utnytte transportpotensialet best mogleg. Her skal dessutan klimamåla for sektoren gjennomførast.

Dialogmøte med næringslivet
Ein open planprosess er svært viktig, for ikkje å seie avgjerande, for å kome fram til gode løysingar. For å styrkje fokuset på næringslivet sine transportar har Samferdsels-departementet, i samarbeid med Fiskeri- og kystdepartementet og NTP-sekretariatet, gjennomført ein regional møteserie om Nasjonal Transportplan med representantar for bedrifter og næringsliv. Møtet i Bergen vart halde 24. april. Eg er glad for den gode og breie oppslutninga om desse dialogmøta. Vi utarbeider no ein samla rapport frå møta, og dialogprosessen blir avslutta med en landsomfattande konferanse i mars 2008. Vi ser fram til å halde fram og vidareutvikle den gode dialogen med næringslivet!

Då gjenstår det berre for meg å takke så mykje for merksemda. Eg gler meg til den påfølgande debatten!

Takk for meg!