Historisk arkiv

Innlegg på Høgfjellskonferansen på Voss, 2. september 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statssekretær Hege Solbakken (Sp) - innlegg på Høgfjellskonferansen, Voss, 2. september 2008.

Godtfolk,

De har no vore samla her på vinterstaden Voss i to dagar for å snakke om vinterdrift på norske vegar. Det er ei problemstilling statsråden og Samferdselsdepartementet både er oppteken av og jobbar mykje med. Eg veit ikkje kor rett det er av meg å freiste oppsummere ein konferanse eg  diverre ikkje har fått delteke så mykje på – men eg vil i allfall seie litt om våre tankar kring dette med vinterdrift. Aller først vil eg gjerne seie litt kort om den generelle satsinga på samferdsle og veg her til lands

Norske vegar har vore eit heitt tema i media dei siste månaden, og eg trur få er meir glade for det enn statsråd Navarsete og oss som jobbar rundt ho. Då ho vart statsråd hadde ho lenge ergra meg over kor lite samferdsle var i mediebiletet – særleg med tanke på kor viktig dette er for at landet vårt skal fungere og kor opptekne folk flest er av emnet. Ho bestemte seg difor for å prøve få samferdsle høgare opp både på den politiske agendaen og i media, fordi det er slik ein får meir pengar til sektoren. Eg trur nok ho føler at ho har lukkast med det, på ekstra stormfulle dagar kan det til og med vere det kjennest som ho har lukkast litt for godt!

Mange vil alltid meine at me burde gjort meir – og det er mykje som gjenstår. Likevel: regjeringsskiftet i 2005 førte til eit nytt fokus på samferdsle og meir midlar til sektoren – og innebar såleis eit taktskifte i norsk samferdslepolitikk. Me har auka løyvingane med over 2,5 milliardar i året, og som første regjering har me to år på rad overoppfylt rammene for veg og jernbane i inneverande nasjonal transportplan. Det er me stolte av. Me har likevel ikkje fått gjort alt som ligg inne i handlingsplanen. Dette er det to hovudgrunnar til. For det første har me sett eit større behov for midlar til drift og vedlikehald enn føresett, noko som skuldast at vedlikehald har vore sørgjeleg forsømt av ei rekkje regjeringar, og at førre regjering sterkt undervurderte trafikkvekst og dermed behov for vedlikehald i NTP.  Dette kan me ikkje lenger ignorere – nokon lyt ta ansvar. For det andre har me hatt ei sterk prisauke både i anleggsbransjen og i oljeprisane. Begge aspekta har bydd på utfordringar.

Vinterdrift er viktig for folk og næringsliv
Stamvegane og fjellovergangane mellom aust og vest er av avgjerande tyding for landet vårt. Vegforbindelsane mellom aust og vest er viktig for begge landsdelane, for bygder og dalføre på begge sider av fjella, og for å binde saman folk og næringsliv. Noreg er inne i ein periode med sterk økonomisk vekst og høgt aktivitetsnivå i alle sektorar. Privatøkonomien er god, og det gjev auka mobilitet, me reiser oftare, og me reiser lenger. Samstundes har me eit svært transportavhengig næringsliv, spreidd utover heile landet – og her kjem me inn på noko eg verkeleg brenn for.

Skal me oppretthalde busetnad i heile landet vårt, må folk ha noko å leve av, og då er det ein føresetnad at næringslivet har gode levevilkår. Gode transportmoglegheiter er eit viktig levevilkår for eit så eksportretta næringsliv som vårt. Det er utruleg mykje BNP som dagleg blir forflytta på norske vegar. Mange bedrifter har allereie flytta lageret sitt til bilar på vegen, og opererer med ”just-in-time”-prinsippet. For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda må vere gode, rasfaren så liten som råd, ferja må gå etc. Næringslivet vårt har vanskelegare tilgang til dei internasjonale marknadane enn næringsliv i dei fleste andre land. Dette må me avbøte så godt me kan, mellom anna gjennom ein velfungerande infrastruktur. Me kan aldri bli kvitt avstandsulempene heilt, men me kan gjere vårt beste for å minske dei. Her er ikkje minst stamvegane aust-vest sentrale, og god vinterdrift er avgjerande. For næringslivet er føreseieleg transport avgjerande, det er gjerne viktigare at ein veit på førehand kor lang tid ting tek, enn akkurat kor lang tid ting tek.

Krav og forventningar
På reisene våre treff både statsråden og eg ulike menneske ulike stader i landet. Det kan vere lokalpolitikarar, representantar for næringslivet eller såkalla ”heilt vanlege folk”, men dei har alle til felles at det er opptekne av at vegane skal vere opne heile året, og at dei skal kunne stole på at dei kjem fram når dei legg ut på tur over fjellet. Me blir stadig vekk kontakta av folk som ber om møte med departementet fordi dei er misnøgde med gjennomføringa av vintertenesta på fjellovergangane. Ein ting eg i allfall har oppdaga er at å vise til reknestykke som viser låg nytte i høve til kostnader ikkje fell i god jord.

Dette likevel er på ingen måte svart-kvitt. Ein av våre kjepphestar er at me må formidle til trafikantane at det er viktig at dei òg tek omsyn til vintertilhøva. Me kan ikkje køyre på same måten på vinterføre som me gjer på bare vegar – og reisetida om vinteren er ikkje den same som om sommaren. Alle må tilpasse seg køyreforholda, og la bilen stå om tilhøva krev det. 

Diverre er det for mange førarar, det vere seg både norske og utanlandske, som ikkje er klar over  - eller syner den naudsynte respekt for - dei vanskelege tilhøva ein ofte kan møte vinterstid. Mange tunge køyrety får problem på norske vintervegar, og vert ståande fast eller køyrer av vegen. Det får fylgjer for framkoma og trafikktryggleiken. Sist haust gav me difor Vegdirektoratet i oppdrag å sjå på ei rekkje tiltak for å bøte på dette problemet.

Tryggleik både for trafikantane og for brøytemannskapa vil alltid vere det aller viktigaste. Me kan ikkje halde opne vegane om det ikkje er forsvarleg, og me kan ikkje utsetje brøytemannskap for fare. Folk må ha forståing for at vegar av og til må stengjast og at trafikkavviklinga må skje kontrollert – ved kollonnekøyring – når det er dårlig sikt. Her er informasjon eit nøkkelord, som så ofte elles. Det er viktig at me ved mellombels stenging, kollonnekøyring eller liknande klarar å kommunisere at dette blir gjort av omsyn til tryggleiken.

Når det er sagt: det er viktig å prioritere slik at det i alle fall er minst ein vintersikker veg mellom det vareproduserande Vestlandet og marknaden på Austlandet og i utlandet. I og med E16 er den av stamvegane som har ei oppetid på så godt som 100%, er dette den vegen der dette er lettast å oppnå, og såleis eit naturleg val for ei slik satsing. Statens vegvesen og entreprenørane må stå på slik at vegane kan opnast raskt når tilhøva betrar seg. Eg veit godt at brøytemannskap landet gjer ein imponerande innsats for å halde vegane våre opne, og set stor pris på det store arbeidet som kvar vinter blir lagt ned av alle som utfører vinterdrift på vegane våre. Her er det mange som står på og gjer ein kjempejobb, i all slags vêr og til alle døgnets tider – og som ofte får kjeft for vanskelege køyreforhold dei ikkje kan noko for.

Klimaendringane og ei vriding mot vedlikehald
Ein kan vel utan å ta munnen for full seie at klimaendringane er ein av dei verkeleg store utfordringane i vår tid, og dei påverkar utan tvil dei fleste område innan transportsektoren. Regjeringa arbeider som kjent med å få redusert klimagassutsleppa, mellom anna gjennomfører me ei rekkje tiltak i transportsektoren. Samstundes tilseier all forsking og alle prognosar at me vil sjå ein stigning i temperatur og havnivå i åra framover. Me vil oppleve auka nedbør langs kysten og fleire vassrelaterte skred, stormar og stormfloar. Veg- og jernbane vil vere meir utsett for utveksling og utgliding. Dette er me rett og slett nøydde til å tilpasse oss, anten me likar det eller ei. Det vil blant anna gjere at me må satse sterkare på rassikring, og det vil påverke vinterdrifta. Meir ekstremvêr, meir temperatursvingingar rundt null grader, meir nedbør og vind kan gje ekstra utfordringar med tanke på å halde høgfjellsvegane opne.

NTP og satsing på vedlikehald
Konklusjonen, slik eg ser det, blir at me må gjere systema meir robuste. For at transportsystema, ikkje minst vegane våre, i framtida skal kunne fungere slik dei gjer i dag vil det vere naudsynt med både med store reinvesteringar og tyngre vedlikehaldstiltak. Vedlikehaldsetterslepet som har bygd seg opp over fleire tiår forsterkar verknadene av auka nedbør og flaum. For å møte klimaendringane vil det difor i framtida bli behov for å auke midlane til vedlikehald. Statens vegvesen har i sitt framlegg til ny Nasjonal transportplan 2010-2019 føreslått ei klar vriding mot meir vedlikehald. Arbeidet med transportplanen føregår no for fullt  i departementet og regjeringa, og det er for tidleg å seie noko om det endelege utfallet, men eg meiner det er heilt naudsynt at nokon no tek ansvar og prioriterer drift og vedlikehald. Eg er smerteleg klar over at det ikkje er slik ein vinn politisk glans – og det er nok difor dette har blitt nedprioritert av ulike regjeringar i tiår etter tiår –
men eg er likevel overtydd om at det er det rette å gjere.

Drift og vedlikehald – og ikkje minst vinterdrift – er særdeles viktig med tanke på å halde samfunnet vårt i gang, men – som eg var inne på i stad – det er diverre eit noko ”utakknemleg arbeid” som gir lite klapp på skuldra i media og av folk flest. Dersom noko ikkje fungerer, kan ein derimot kjenne seg trygg på at det blir ropa høgt. Difor er det gledeleg med konferansar som denne, som er med på å setje fokus både på dei krava samfunnet og næringsliv stiller og dei utfordringane vegvesenet og entreprenørane står overfor. På denne måten kan me kome vidare i arbeidet for at folk skal kunne ferdast effektivt og trygt på norske vegar – også på vinterstid. Eg håpar de har hatt ein nyttig og god konferanse og ynskjer dykk lukke til med det viktige arbeidet som ligg framfor dykk når vinteren om ikkje så altfor lenge står for døra.

Takk for meg!