Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Tale/artikkel, 24.04.2012

Av: Tidligere samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Status: Arkivert

Framtidens byer

  • Framtidens byer er et samarbeid mellom staten og de 13 største byene i Norge om å redusere klimagassutslippene – og gjøre byene bedre å bo i.
  • Mer om Fremtidens byer

Gode forsamling!

Takk for invitasjonen!

Eg er oppteken av at folk skal ha høve til å velja kvar dei vil bu.
Det er NO vi legg grunnlaget, både for ein framtidsretta distriktspolitikk, og for ein god bypolitikk!

Vi blir stadig fleire her i landet. På 37 år - frå 1975 og fram til i dag - har vi vakse med éin million innbyggjarar. I mars i år passerte vi 5 millionar. Om 11 eller 16 år blir vi 6.

Storparten av veksten kjem i og rundt dei store byane, seier prognosane. Det betyr store transportutfordringar.

Mange meiner at samferdselspengane framover må gå til dei sentrale områda fordi det er der dei blir flest nye innbyggjarar.

Eg meiner vi må nytta dette høvet til å spreia veksten og nytta ressursgrunnlaget! Til verkeleg å gi fleire bulyst, høve til å bu også utanfor dei største byområda våre!

Dette kan bidra til å dempa presset på dei største byområda.
 
Det er altså ikkje nokon konflikt mellom by og land. Utviklinga i byane og i distrikta må sjåast i samanheng - ulike transportutfordringar må møtast med ulike verkemiddel.

Vi må satsa på gåing, sykling og betre kollektivtilbod i byane og betre og tryggare vegar i distrikta.

Korleis får vi det til?

Både miljøomsyn, knappe areal og avgrensa vegkapasitet tilseier at det er kollektivtrafikken - og ikkje bilen - som må ta hand om størstedelen av veksten i byområda.

I prosessen mot ny Nasjonal transportplan (2014-2023) fekk etatane derfor i oppdrag å laga eit forslag der kollektivtransporten kan styrkast, særleg i og rundt storbyområda og korleis staten i langt større grad enn i dag, kan medverka til det.

Vi fekk planforslaget den 29. februar. No er vi i gang med den oppfylgjinga.Vi har hatt møte med fire av fem regionar så langt. Kollektivtransporten i byområda har vore eit viktig tema i alle fire møta. 

Kollektivtransport skal ha ein større og meir integrert plass i den nye Nasjonale transportplanen enn tidlegare.

Målet er at kollektivtransport - i tillegg til gåing og sykkel - vert eit naturleg førsteval i byområda.

Dette krev mellom anna:

• Eit styrkt kollektivtilbod.
• Ei arealplanlegging som er samordna med transportplanlegginga.
• Utbygging av gang- og sykkelvegnettet.
• Restriksjonar på bilbruken.

Så er spørsmålet: Korleis får vi det til?

Dobbeltsporet Sandnes – Stavanger er ein suksess. Her er eit klart behov for styrking av togtilbodet både der og kring Bergen og Trondheim.
Vi er allereie i full gang med å byggja ut togtilbodet på Austlandet – jernbanen er den delen av kollektivtilbodet som Staten har direkte ansvar for.

Fylkeskommunane har ansvaret for den øvrige kollektivtransporten i sine respektive fylke.

Staten bidrar gjennom dei frie inntektene til fylkeskommunane. Dei har auka betydeleg sidan den raudgrøne regjeringa tok over.

Regjeringa har styrkt belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda. I 2012 er det sett av godt over 400 mill. kr til den ordninga.

Staten bidrar med andre ord med betydelege midlar til lokal kollektivtransport i dag.

Likevel ligg det i korta at staten må enda tyngre inn.

I departementet har vi organisert eit eige prosjekt, Kollektivprosjektet, arbeidet der er direkte innretta mot NTP .

Om staten skal tyngre inn, kan det ikkje berre dreia seg om finansiering.

Fylkeskommunane vil ha meir pengar til kollektivutbygging. Erfaringane med belønningsordninga viser at det ikkje berre er å løyva  midlar,  så blir det satsa på kollektive løysingar og ein arealbruk som bygg opp under slike løysingar.

Ansvaret for løysingane som blir valde, må hengja saman med ansvaret for økonomien.

Vi kan ikkje ha eit opplegg der fylkeskommunen kan velja ubyggingar og tiltak fritt på øvste hylle, medan staten berre betaler rekninga.

Det må forpliktande avtalar til - på tvers av forvaltningsnivåa!

Det krev at kommune, fylkeskommune og stat har ei felles forståing av utfordringane.
Det krev at vi saman utviklar tiltakspakkar for dei større byområda.

Kollektivtransport og arealplanlegging

Tiltak som allereie finst:
Vi har auka løyvingane til ”Belønningsordninga”. Vi har inngått fireårige avtalar med fire byområde om tildeling av statlege midlar frå ordninga for å leggja til rette for langsiktig planlegging. Dette har gitt resultat,  vi skal sjå på korleis vi kan utvikla dette vidare.

Transportsystemet skal vera universelt utforma. Haldninga  er at alle skal med. Det skal vera attraktivt for alle å nytta kollektivtransport. Her er mykje ugjort!

For å møta veksten i transportbehovet, må det leggjast til rette for bustader og næringsverksemd i nærleiken av kollektivknutepunkta. Areala rundt desse knutepunkta må utnyttast effektivt når det stendig bur fleire menneske per kvadratmeter!

Gåing og sykling

I tillegg til kollektivtransport, er det i arealplanlegginga naudsynt å prioritera gang- og sykkelvegar. I sentrale bystrok er vi nøydd til å ta meir omsyn til syklistane for å auka prosentdelen som nyttar sykkel i bykjernane.

Når vi vitjar andre land, og kjem til hovudstader via jernbanestasjonar, legg vi ofte fort merke til nasjonale særtrekk allereie på stasjonen.

Amsterdam er eit heilt spesielt døme. Store sykkelparkeringar. Rundt i heile byen er det eigne felt for syklar, og det er eigne felt for dei gåande. Det vert teke  omsyn til at gåande og syklande har ulikt tempo! I tillegg er gang- og sykkelnetta  samanhengjande, dei sluttar  ikkje plutseleg å eksistera!
 
Oslo er ikkje på same nivå som Amsterdam - eller København for den saks skuld. Det er ikkje gedigne sykkelparkeringar utanfor Oslo S, og det er ikkje eigne samanhengjande nett for dei syklande og for dei gåande i heile byen. Dei er likevel i gong!

I Oslo og andre byar og tettstader er potensialet stort. Her kan sykkelen erstatta mange bilreiser, vera eit viktig supplement til gang- og kollektivtrafikken, og vera viktig som transportmiddel til haldeplassane og knutepunkta. Der må det gå an å setja sykkelen trygt i frå seg.

Sykling bidreg til å redusera klimagassutslepp, lokale utslepp og støyproblem. Å sykla er bra for miljøet!
 
Det gir betre framkome.
Det gjer folk friskare og sprekare. Det er helse i kvart tråkk!
Helsegevinsten gjer at mange investeringar i gang- og sykkelvegar er utrekna til å vera samfunnsøkonomisk lønsame. Det er ikkje verst til å vera samferdsel!

Sjølv om sykkelkulturen i Oslo og andre norske byar førebels ikkje kan måla seg kulturen i Amsterdam og København, står det ikkje stille! I einskilde gater i Oslo sentrum blitt malt opp eigne sykkelfelt. Dette syner at ting er på gang!

Samla innsats i “sykkelbyane” i Region sør: Grimstad, Arendal, Sandefjord, Notodden og Kongsberg - syner òg at god auke i syklinga er mogleg på relativt kort tid med godt samarbeid mellom Statens vegvesen, kommunar og fylkeskommunar. Talet på sykla km blei dobla på fire år. Eit anna døme er Kristiansand, der sykkeldelen har auka frå 7 til 9 prosent frå 2005 til 2009. Vi har døme frå eige land. Vi må ta eit krafttak i neste NTP for alle dei som faktisk vil sykla.

Då MÅ vi innretta innsatsen dit det er lokal vilje for å få noko gjort!

Restriksjonar på bilbruken

All forsking viser at det må restriksjonar til, om vi skal sikra miljø, helse og framkome. Vi får ikkje betre byluft eller mindre kø utan tiltak! Eg er imponert over kva Trondheim har fått til på kort tid. Har de vore der på studietur? Viss ikkje, bestill billettar straks!
Det er viktig å leggja forholda til rette for nyttetrafikk, det vil seia gods og varer som best vert transportert med bil.

Vi må sjølvsagt også ta omsyn til at ikkje har moglegheit til å nytta kollektivtilboda, til dømes på grunn av helseproblem.

Men: For veldig mange vil det vera unaturleg å skaffa seg bil. Eit godt kollektivtilbod kombinert med bompenger/rushtidsavgifter samt parkeringsrestriksjonar, vil gjera det mindre attraktivt.
Dessutan:
Den store gevinsten er jo då at dei som har bruk for å køyra, kjem fram!

Eg ser fram til ein god dialog med byområda om korleis vi skal løysa transportutfordringane i byområda.

Storsamlinga her i dag er viktig for å utveksla i idear om dette.
Eg ser fram til dei innlegg som no kjem,  til  debatten etterpå og til Nasjonal transportplan!

  • Mer om Fremtidens byer
  •