Historisk arkiv

Opp av gjørmeholet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg om vegstandard av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, i VG, 4. mai 2012.

Etter tiår med manglande løyvingar har mange vegar i Noreg altfor for dårleg standard. Eg forstår frustrerte bilistar, eg er mellom dei sjølv! Heldigvis er vi på god veg opp av gjørmeholet.

VG har dei siste dagane teikna eit heilsvart bilete av det norske vegnettet. Vi som kvar dag arbeider for å betra vegane, er meir optimistiske. Det finst mange lyspunkt. Det finst håp for framtida. Vi har nemleg noko grunnleggjande på plass: Meir pengar.

Når  mange norske vegar i dag er for dårlege, er det fordi  det over lang tid  er løyvd for lite pengar. Med lite pengar får vi klattvis utbygging med lite rasjonell framdrift i prosjekta. Med lite pengar vert vedlikehaldet droppa til fordel for nye prosjekt.

Motorveg på kort tid
Sidan den raudgrøne regjeringa tok over i 2005,  har vi auka løyvingane til veg med omlag 50 prosent. Investeringsbudsjettet er nær dobla. Slik skal det halda fram. Min ambisjon er at samferdsel skal vera budsjettvinnar i mange år framover.

Meir pengar har gitt oss heilt andre moglegheiter. Vi byggjer no meir samanhangande og effektivt enn før. Ny E6 frå Gardermoen til Kolomoen nær Hamar er eit godt døme. Dette er ei strekning på litt over seks mil til ein samla byggekostnad på 10 mrd. kroner. Delprosjekta har fått dei løyvingane som trengst for å halda optimal framdrift. Prosjektet Dal- Minnesund er  blant dei raskast gjennomførte motorvegprosjekt i Noreg.

Ny E6 gjennom Gudbrandsdalen, ei delstrekning på nær seks mil, E6 gjennom Østfold og ny E6 på Helgeland er tilsvarande døme.  

Skal planleggja dobbelt så fort
Gjennomsnittleg planleggingstid for større veg- og baneprosjekt er 10 år. Det er alt for mykje! Dagens planleggingsregime er som ei hinderløype der prosjekta lett kan spora av på vegen. Slik kan vi ikkje ha det. Med auka løyvingar skal vi ikkje venta 10 år eller meir på byggjestart.

Eg har sett i gong eit arbeid for å korta ned planleggingstida. Tidsfristar i dei ulike fasane i prosessen skal innførast. Vi skal syta for at staten er samd med seg sjølv og samordnar synspunkta langt tidlegare enn i dag. Dessutan skal vi ha på plass eit system der stat og kommune arbeider meir parallelt med avklaringar. Ambisjonen min er at planleggingstida skal halverast.

Tek vare på det vi har
Eg likar å klippa snorer. Eg er likevel enda meir oppteken av å ta vare på dei vegane vi har frå før. 2011-budsjettet var eit historisk løft for drift og vedlikehald på vegnettet, med ein auke på 60 prosent til nær 1,6 milliardar kroner. Forfallet skal stoppast!

Det skjer mykje godt arbeid på vegane våre for tida. Aktiviteten er stor. Du skal ikkje køyra mange kilometrane før du møter vedlikehaldsarbeid eller ein ny veg under bygging.

VG har innhenta lesarane sine eigne bilete av lokale veghol. Den verkelege historia om Veg-Noreg er nok ikkje fullt så dyster som det skrekkscenariet VG gjerne vil visa. Regjeringa arbeider jamt og trutt for eit betre vegnett. Den som køyrer, får sjå.