Historisk arkiv

Trygg Trafikks nasjonale konferanse om trafikksikkerhet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på Trygg Trafikks nasjonale konferanse om risikoutsette ungdomar i trafikken "Konger på veienW, 16. og 17. april, Oslo.

Kjære alle saman!

• Takk for invitasjonen! Og takk for høvet til å ha dykk med på netthinna i arbeidet mitt!

• Trafikktryggleik er jobb nr. 1 for meg i Samferdselsdepartementet. Det er òg eit overordna mål i regjeringa sin transportpolitikk.

• Vi vil trafikkulukkene til livs! Vår visjon er null drepne og hardt skadde.

• Det er godt å sjå så mange som deler denne visjonen samla på ein stad. Det er i fellesskap kan vi lukkast i dette viktige arbeidet!

Ungdomsulukker

• I fjor haust laga NRK eit Brennpunkt-program om ungdom og trafikktryggleik. I programmet møtte vi Lars Ola – ein motorglad ungdom frå Otta i Gudbrandsdalen. Han blei dømt til fengsel etter å ha nær drepe seg sjølv og fire andre i ei stygg ulukke.
 
• Ei sterk og tankevekkande historie! Modig av Lars Ola å dela den!

• Han var en av ”Kongane på vegen” – den ulukkesutsette ungdommen det skal handla om dei neste to dagane.

• Tala er klare: Ungdom og unge vaksne i alderen 15-24 år er overrepresentert i statistikken over døde og alvorleg skadde i trafikken.

• Dette gjeld særleg mannlege bilførarar mellom 18-19 år. Dei har sju gongar så høy risiko  for å bli innblanda i ei dødsulukke som menn i alderen 35-64 år.

• Internasjonalt finn vi same trend. I OECD-landa er trafikkulukker den viktigaste dødsårsaka av alle for dei mellom 15 og 24 år.

• I Noreg er 25 prosent av dei drepne i trafikken i denne aldersgruppa, sjølv om dei berre utgjer 10 prosent av befolkninga.

• Det gjer vondt for oss alle å sjå at unge menneske med heile livet framfor seg, går bort på ein slik meiningslaus måte.

• Ungdomsulukkene skjer ofte i helgene, og er gjerne prega av høg fart og rus. Ofte er det snakk om utforkøyringsulykker.

• Ulukkene vert ofte forverra av at ungdommane ikkje har brukt setebelte, at dei er mange i bilen og at bilen er av eldre dato.

Kva gjer vi?

• Regjeringa har arbeidd målretta med å betra trafikktryggleiken sidan vi tok over i 2005.

• Vi har innført ei rekkje tiltak retta både mot tryggare vegar, tryggare bilar og tryggare førar. 

• Kombinasjonen av desse er det mest effektive. Når årsakene til ulukkene er samansette, må tiltaka også vera det.

• Dei generelle tiltaka bidreg til å redusera talet på ungdomsulukker, men regjeringa satsar også på målretta ungdomstiltak.

• Forsking viser at det er to hovudårsaker til ungdomsulukkene. Den eine er at ungdom manglar køyreerfaring. Den andre at enkelte har høg risikoåtferd. 

• Dei fleste ungdommar er ansvarlege bilførarar – utfordringa blir da å finna målretta tiltak som lukar ut risikoførarane og tiltak som gir best mogleg køyreopplæring.

Tiltak

Først til føraropplæringa:

• Føraropplæringa: Statens vegvesen er i gang med ei evaluering av føraropplæringa. Når den er ferdig, vil vi sjå kva vi har lykkast med og kva som må gjerast betre.

• Trygg Trafikk har i fleire år samarbeidd med Utdanningsdirektoratet og Statens vegvesen om å styrka trafikkopplæringa i skulen.

•  Etter Kunnskapsløftet får alle unge trafikkopplæring i skulen. Det er flott!

• Eg gler meg òg over at trafikalt grunnkurs no vert innført som valfag på ungdomsskulen.

• Meir kunnskap i tidleg alder er viktig. Det same gjeld haldningskampanjar retta mot ungdom. Både Statens vegvesen og Trygg Trafikk har stått for fleire slike.

Så til tiltak vi nyleg har innført:

• Prikkbelastningsordninga: Frå 1. juli i fjor blei prikkbelastningsordninga skjerpa. Særleg for ferske førarar i prøveperioden (to første åra). Dei får dobbel prikkbelastning. Allereie andre gong dei blir teken for noko og får prikk, ryk førarkortet.

• Talet på prikkar som er delt ut har auka betydeleg, særleg for ferske førarar. Politiet har fortalt meg når eg har vore med dei ut på trafikkontroll at dei merkar forskjell og at trafikken flyt rolegare. Etter at dobbel prikkbelastning blei innført, ser det ut til at mange ungdommar og også andre førarar har roa seg ned. Det er lite ein fersk førar er så redd for som å mista lappen!

• Nye reglar for køyring med rus: Frå 1. februar i år blei Vegtrafikkloven endra når det gjeld køyring med rus. For det første er det fastsett nedre grense for andre rusmiddel enn alkohol, slik at førarar lettare kan tas og dømmast for køyring i narko- og medikamentrus. For det andre vart det innført nulltoleranse for køyring med rus (både alkohol og annan rus) for ferske førarar (med førarkort på prøve). Dei som vert tatt for køyring med rus heilt ned i 0,2 promille, mistar førarkortet.

• Kontrollar: Politiet og Statens vegvesen driv no meir målretta kontrollar på tider og stadar der dei veit at det ungdom driv med hasardiøs køyring. Både fart, rus og belte blir kontrollert.
 
• S-ATK: Regjeringa har innført gjennomsnittsmåling av fart mellom to punkt med automatisk trafikkontroll, såkalla strekningsvis automatisk trafikkontroll.
 
• Dette tiltaket rettar seg ikkje mot ungdom spesielt, men har vist seg å ha god effekt på ulukkesutsette strekningar.

• På prøvestrekningane der S-ATK blei innført i 2009 er farten og dermed ulukkestala redusert betydeleg. Vi har til no etablert S-ATK på fem strekningar og vil i løpet av tre år innføra dette på inntil 40 strekningar.

• Nedsette fartsgrenser: Fartsgrensa vert sett ned frå 80 km til 70 km på 420 km veg. Arbeidet vart starta våren 2011 –  held fram i år).

• Manglande beltebruk: Vi har framleis mykje trafikktryggleiksgevinst å henta på tiltaka vi allereie har innført. Men det er eit område vi må sjå nærmare på: Manglande beltebruk.

• Sjølv om fleire og fleire brukar belte, er det slik at 46 prosent av dei som omkom i bil (i 2010) ikkje brukte belte. Blant ungdom som omkom i bil var delen som ikkje brukte belte enda høgre.

• Eg har no sett i gang eit arbeid for å få dei som er som er så uansvarlege at dei ikkje bruker belte, til å gjera det.

• Vi vurderer blant anna å ta manglande beltebruk inn i prikkbelastningsordninga. Da vil ferske førarar mista førarretten allereie andre gongen dei blir tekne utan belte. Det trur eg vil ha effekt!

• Ny teknologi: Mange av tiltaka eg har nemnt ovanfor grip inn i den personlege fridomen til førarane. Det har vore tøft å innføra fleire av dei. Men det handlar om å ta vare å kvarandre.

• Eg følgjer nøye med på utviklinga av ny kjøretøysteknologi i trafikktryggleiksarbeidet. Eg er i dag ikkje overtydd om at det er der vi no skal satsa. Betre vegar, tiltak overfor førar og målretta kontrollar gjer no resultat. Trygge førarar skal ha fokus framover. Opplæring, handlingsskapande arbeid; - mentale rekkverk er viktig!

Ungdom påverkar ungdom

• Å ta førarprøven og setja seg i bilen aleine for første gong gir ei enorm fridomskjensle! Endeleg kan ein komma seg på skulen, arbeid eller til venner på eigen hand.

• For mange ungdommar i distrikta er bil og motor sjølve livet, slik det var for Lars Ola frå Otta før det smalt. Det gjeld å få dei til å praktisera interessa si på ein ansvarleg måte.

• Dei beste til å påverka ungdom til tryggare åtferd i trafikken, er kanskje ungdommen sjølv. Det er derfor viktig å engasjera dei.

• Eg veit at det er mange slike engasjerte ungdommar i salen i dag. De har tatt dykk fri frå jobb og skole for å komma hit til Oslo på trafikktryggleikskonferanse. Det er bra og lovar godt for framtida. Det arbeidet de gjer lokalt retta mot folk på dykkar eigen alder betyr mykje!

• La meg også nytta høve til å omtala eit prøveprosjekt som landslinjene for transport no truleg får på plass til komande skuleår, som gjer at ein får høve til å ta opplæring som bussjåfør i trygge omgivnader.

• Vi på rett veg. Felles innsats nyttar! Sidan 2005 er talet på drepne i trafikken redusert med 25 prosent. Sidan 2009 er også andelen ungdomsulukker redusert. La det vera ein inspirasjon for oss alle i arbeidet framover!
 
• Lukke til vidare med konferansen – eg er trygg på at han ber frukter.

• Takk for meg.