Pressemelding, 20.04.2012

Nr.: 50/2012

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Status: Arkivert

Avskil for statssekretær

Kongen har i statsråd i dag gjeve Lotte Grepp Knutsen avskil i nåde som statssekretær for statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen i Helse- og omsorgsdepartementet.

Lotte Grepp Knutsen har vore statssekretær for helseministeren sidan 27. desember 2011. Ho var konstituert statssekretær på Statsministerens kontor i 2010, statssekretær i Kulturdepartementet i 2010, statssekretær i Kultur- og kyrkjedepartementet i 2009 og statssekretær i Barne- og likestillingsdepartementet i 2009. Ho var politisk rådgjevar i Barne- og likestillingsdepartementet 2008-2009.

Regjeringa er utgått frå Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Senterpartiet (Sp). Lista over statssekretærar ser nå slik ut:

For statsminister Jens Stoltenberg (Ap)
Rita Skjærvik (Ap)
Tor Brostigen (SV)
Dagfinn Sundsbø (Sp)
Hans Kristian Amundsen (Ap)
Svein Fjellheim (Ap)
Snorre Wikstrøm (Ap)
Inger-Anne Ravlum (Ap)

For miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV)
Heidi Sørensen (SV)
Henriette Westhrin (SV)

For kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Hege Solbakken (Sp) – permisjon 16. januar 2012-17. september 2012
Dag-Henrik Sandbakken (Sp)
Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp) – konstituert 16. januar 2012
                                                             -17. september 2012
Erlend Fuglum (Sp)

For utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap)
Gry Larsen (Ap)
Torgeir Larsen (Ap)

For justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap)
Astri Aas-Hansen (Ap)
Pål Lønseth (Ap)
Eirik Øwre Thorshaug (Ap) – permisjon frå 2. februar 2012
Kristin Bergersen (Ap)– konstituert frå 2. februar 2012

For finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap)
Hilde Singsaas (Ap)
Kjetil Lund (Ap)
Roger Schjerva (SV)
Morten Søberg (Sp)

For nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap)
Rikke Lind (Ap)
Halvard Ingebrigtsen (Ap)

For samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)
Lars Erik Bartnes (Sp)
Erik Lahnstein (Sp)

For helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap)
Ragnhild Mathisen (Ap)
Robin Kåss (Ap)

For kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV)
Elisabet Dahle (SV)
Kyrre Lekve (SV)

For kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap)
Mina Gerhardsen (Ap)

For landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp)
Harald Oskar Buttedahl (Sp)

For fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud (Ap)
Raimo Valle (Ap)
Tone-Helen Toften (Ap)

For arbeidsminister Hanne Bjurstrøm (Ap)
Jan-Erik Støstad (Ap)
Gina Lund (Ap)

For fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap)
Kristine Gramstad (Ap)

For olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp)
Eli Blakstad (Sp)
Per Rune Henriksen (Ap)

For forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap)
Roger Ingebrigtsen (Ap)

For utviklingsminister Heikki Holmås (SV)
Arvinn Gadgil (SV)

For barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen (SV)
Ahmed Ghanizadeh (SV)
Kjetil Andreas Ostling (SV)