Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 09.05.2011

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Status: Arkivert

Slovenia fokuserer på folkehelse i bruken av EØS-midlar

Noreg og Slovenia har i dag signert nye avtaler om fordelinga av 26,9 millionar euro i EØS-middel. Pengane skal bidra til å fremje den økonomiske og sosiale  utviklinga i Slovenia. Folkehelse, kulturarv, miljøvern og sivilt samfunn er prioriterte område i dei nye avtalane. 

– Med si strategiske plassering i hjartet av Europa, er Slovenia ein inngangsport til det søraustlege Europa og Balkan. Dei nye avtalene gjer det mogleg å ta eitt steg vidare i samarbeidet på mange område som er av felles interesse for oss, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.  

Rammeavtalene om bruken av EØS-middel frå Island, Liechtenstein og Noreg i Statssekretær Erik Lahnstein (tv) og Slovenias kommunal- og regionalminister Boštjan Žekš underteikner avtalen om fordelinga av EØS-middel. Foto: Nicola Johnston, FMOperioden fram til 2014 vart i dag signert av statssekretær Erik Lahnstein i Utanriksdepartementet og den slovenske kommunal- og regionalministeren Boštjan Žekš. Noreg bidreg med 97 prosent av midla.  

Over 40 prosent av pengane til Slovenia skal styrke folkehelse, likestilling og arbeidsliv.

Folkehelse
10,2 millionar euro skal nyttast på eit folkehelseprogram for å redusere ulikskapar på helseområdet, forhindre livsstilsrelaterte sjukdommar og forbetre psykiske helsetenester. Programmet blir gjennomført i samarbeid med Folkehelseinstituttet i Noreg. I tillegg vil 1,4 millionar euro gå til prosjekt med fokus på likestilling og arbeidsliv. 

Bevaring av kulturarv vil også vere sentralt. Omlag ein femtedel (5 millionar euro) av den totale støtta finansierer prosjekt som tek sikte på å verne historiske landemerke, å gjere desse meir tilgjengelege, og til bevaring av naturarv. 

Grønn satsing
Miljøvern er ein annan viktig sektor. 3,75 millionar euro er øyremerkt  program som har som mål å hindre tap i artsmangfald, verne økosystem og betre miljøovervaking og integrert planlegging. Statens kartverk i Noreg og Island vil fungere som rådgivarar i det komande artsmangfaldsprogrammet. 

Studentutveksling
Støtte til sivilt samfunn og stipend for studentar blir vidareført. I tillegg kjem ny støtte (144.000 euro) til å fremje trepartsdialog mellom sosiale partnarar og offentlege myndigheiter. Nærare 1,9 millionar euro blir fordelt gjennom eit fond for frivillege organisasjonar. Eit tilsvarande beløp vil gå til akademisk utveksling. Senter for internasjonalisering av høgare utdanning i Bergen (SIU) vil vere med å organisere stipendprogrammet.