Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 26.01.2011

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Status: Arkivert

Noreg glad for den nye Start-avtalen om atomnedrusting

- Eg er svært glad for at Russland no har ratifisert den nye Start-avtalen om reduksjonar av strategiske atomvåpen, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre. 

Parlamentet i Russland godkjente den nye avtalen i dag. Avtalen er allereie godkjent for ratifisering i USA. Den nye Start-avtalen er den viktigaste nedrustingsavtalen mellom USA og Russland på nesten 20 år. Avtalen avgrensar talet på utplasserte strategiske atomstridshovud til 1550 i kvart av dei to landa. 

- USA og Russland har over 90 prosent av alle atomvåpna i verda. Desse landa har difor eit særleg ansvar for atomnedrusting. At den nye avtalen no kan tre i kraft er eit positivt steg i riktig retning, seier Støre. 

- Reduksjonar i talet på atomvåpen er viktig for vår tryggleik. Eg vonar at den nye avtalen kan leie til ein enda breiare nedrustingsprosess, med større kutt i arsenala og kor alle typar atomvåpen vert medrekna. Målet er ei verd utan kjernevåpen, seier utanriksminister Støre.