Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Pressemelding, 17.02.2012

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Status: Arkivert

Sletter Elfenbenskysten si gjeld med 20 millionar

Regjeringa har i dag vedteke å slette om lag 20 millionar kroner av Elfenbenskysten si gjeld til Noreg.

- Eg er glad for at Elfenbenskysten no er på rett spor mot endeleg gjeldssletting etter krisa i fjor. Landet har store utfordringar foran seg etter lang intern konflikt, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Sletting av gjelda byggjer på ei avtale som vart inngått i Parisklubben – kreditorlanda sitt felles forum – 15. november 2011. Parisklubben vedtok då å gje Elfenbenskysten gjeldslette under det internasjonale initiativet for å slette gjelda for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa, det såkalla HIPC-initiativet.

I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over anna utviklingshjelp til fattige land, men kjem i tillegg til denne. 

- Mindre gjeld er viktig for å betre økonomien når Elfenbenskysten skal byggjast opp at etter konflikt. Eg håper Noreg kan slette resten av gjelda allereie seinare i år, seier Solheim. 

Til saman har Noreg sletta om lag 300 millionar av Elfenbenskysten si gjeld dei siste 15 åra. Gjelda som står att er om lag 187 millionar kroner. Denne kan verte sletta seinare i år. Dette krev at landet møter dei krav til forsvarleg økonomisk styresett som krevjas under HIPC-initiativet. 

Noreg auka støtta til Elfenbenskysten til 100 millionar i fjor, les meir her.

Pressekontakt:
Pressevakta for utviklingssaker: Mobil 913 95 000 (ikkje SMS).

**** 

Pressemeldingar og nyheiter om bistand og utvikling skal være lett å lese. Solheims rådgjevarar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 39. Det er det same som i skjønnlitteratur og ukeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no