Kampen for å tryggja arbeidsplassane er jobb nummer éin for regjeringa. Difor har regjeringa fremja ulike tiltak for å stimulera økonomien, både gjennom statsbudsjettet som gjeld frå 1. januar og gjennom ekstraordinære verkemiddel.
Det var venta at det på eit eller anna tidspunkt ville koma eit omslag i økonomien. Likevel var det ingen som for få månader sidan klarte å forstå på førehand med kva kraft, omfang og fart den krisa me no ser ville spreia seg.
Les meir om regjeringa sitt arbeid med tiltak mot finanskrisa her.