Historisk arkiv

IKT eit viktig verktøy for EU si økonomiske framtid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Av Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

17. september samla kloke hovud i IKT-bransjen seg på Norges Hus, for å vise korleis IKT og ein digital indre marknad kan skape vekst og arbeidsplassar i EU.

Den påtroppande presidenten for Europakommisjonen, Jean-Claude Juncker, ser på IKT som ein viktig del av løysinga for EU sine økonomiske utfordringar. 17. september samla kloke hovud i IKT-bransjen seg på Norges Hus, for å vise korleis IKT og ein digital indre marknad kan skape vekst og arbeidsplassar.

EU står framfor krevjande utfordringar i åra som kjem. Mellom anna er den økonomiske veksten lågare enn ein ønskjer, arbeidsløysa for ungdom høg i mange land og ei gryande eldrebølgje spreier seg over Europa. Påtroppande president for Kommisjonen, Jean-Claude Juncker har plassert IKT høgt på agendaen, og skildrar det som ein viktig del av løysinga.

Under seminaret «IKT – vekst og arbeidsplassar» arrangert  av den norske ambassaden i Belgia, EU-delegasjonen, IKT Norge og belgiske Fedict var målet å gi deltakarane eit innblikk i korleis sektoren konkret kan skape vekst, og vise eksempel der ein har lukkast. I tillegg blei faktorane som i dag hindrar Europa i å utnytte kompetansen og potensialet IKT-sektoren sit på diskutert.

Foredragshaldarane var Jörgen Gren frå Kommisjonen, Toril Nag frå Lyse Energi, Torgeir Waterhouse og Roger Schjerva frå IKT Norge, Nils Vold frå Visma og Frank Leyman frå Fedict, som lagar IKT-løysingar for det offentlege i Belgia.

Mål om ein digital indre marknad
Ein av EU-ambisjonane er å skape ein digital indre marknad. Det betyr at forbrukarane vil kunne nyte fri flyt av digitale tenester og underhaldning innanfor heile EU, og ikkje berre innanfor grensene til eit land. EU ønskjer å oppdatere sine reglar i den indre marknaden til den digitale tidsalderen.

Jörgen Gren arbeider med akkurat denne problemstillinga i sin jobb som leiar for avdelinga for vekst og arbeidsplassar i Generaldirektoratet for informasjon og media (DG Connect). Han fortalde om utfordringane Kommisjonen har for å kunne realisere ein indre digital marknad. Mellom anna er personvernsspørsmål vanskelege å avklare når så mange nasjonalstatar skal samarbeide. Dei store språkforskjellane i Europa skapar også utfordringar som til eksempel USA ikkje har.

Dei økonomiske gevinstane av ein indre digital marknad er stadfesta gjennom fleire studiar. Land som USA og Kina har fordelen av å ha tilgang til store marknadar, og det er avgjerande at EU legg til rette for at bedrifter kan rulle ut nye IKT-løysingar i heile Europa og ikkje berre i eit land om gangen for å skalere opp bedriftene raskare.

God infrastruktur avgjerande
Eit av dei norske selskapa som i praksis har vist korleis IKT kan skape arbeidsplassar er Lyse Energi i Rogaland. Lyse, som tradisjonelt er eit kraftselskap, har bygd ut si bedrift ved å mellom anna satse på fiberutbygging, og er i dag den største aktøren i fibermarknaden i Norge.

– Lyse har som kraftselskap grave ned kablar i bakken i årevis. Difor var det ikkje ein unaturleg overgang å gå over til å grave ned fiberkablar. Norge har ein utfordrande geografi, høge arbeidskostnadar og større avstand til dei europeiske marknadane. Difor er god infrastruktur kanskje særskilt viktig for oss, sa konserndirektør i Lyse Tele, Toril Nag under sitt foredrag.

Mange av IT-bedriftene som fins i dag er små eller mellomstore. Direktør for forretningsutvikling i Visma, Nils Vold, gjorde greie for korleis desse bedriftene er med på å skape vekst i ein bransje som endrar seg raskt.

– Det tok radio 38 år å få 50 millionar brukarar, medan det tok Facebook 2 år. IKT-bransjen endrar seg raskare enn nokon gong, noko som sjølvsagt skapar utfordringar, men også store mogelegheiter for dei som har gode idear, fortalde Vold.

Vil lære born koding
I åra framover vil det blir viktig å rekruttere kompetent arbeidskraft inn i IKT-sektoren, for å vidareutvikle teknologien vi har allereie har og skape nye idear. Trass i at generasjonen som no veks opp er flinke å bruke datamaskiner, er det få som har kunnskap om korleis ei datamaskin fungerer og tenkjer.

– Ein måte å løyse dette på kan vere å lære born å kode enkle spel og program, meiner Torgeir Waterhouse, direktør for internett og nye media i IKT Norge.

På denne måten skal ein tidleg tenne gnisten og interessa for å forstå kva det er som ligg bak skrivebordet på ei datamaskin, og kvifor den oppfører seg som den gjer. IKT Norge har tatt initiativ til å reise rundt i landet og lære vekk koding til mellom anna skuleklasser. Waterhouse fortalde om korleis initiativet har fungert i praksis, og om korleis initiativet har spreidd seg over heile landet gjennom frivillige.

IKT sentralt i fornying av velferdssystema
Årsaka til at det nettopp er så viktig å oppretthalde interessa og rekrutteringa i IKT-sektoren er mellom anna eldrebølgja. Roger Schjerva er sjefsøkonom i IKT Norge og tidlegare statssekretær i Finansdepartementet. Han har stor kunnskap om korleis effektive IKT-løysingar gjer offentleg sektor som heilskap meir effektiv. Med stadig fleire eldre vil trykket på velferdsstaten auke, og det er difor viktig å heile tida nytte det effektiviseringspotensialet ein kan hente gjennom IKT.

Belgia er i gang med ein slik effektiviseringsprosess. Fedict produserer IKT-løysingar for det offentlege i Belgia. Dei laga eit ID-kort som alle i Belgia får, og som gir tilgang til mange av dei offentlege tenestene i landet. Mellom anna nyttast det som helsekort, førarkort, for å bruke bank på internett og som studentkort. Dei har gitt private bedrifter mogelegheita til å utvikle applikasjonar til kortet, og på den måten tiltrekt seg IKT-bedrifter og skapt vekst i sektoren.

Den påtroppande kommisjonspresidenten har signalisert kor viktig det er for Europa å henge med i den digitale utviklinga. Seminaret i Norges hus føyer seg inn i ei rekke aktivitetar og arrangement i Brussel knytt til den digitale agendaen. 29. september arrangerer mellom anna Europakommisjonen Digital Action Day før EU Code Week startar den 11. oktober.