Historisk arkiv

Praktikant på innsida av EU

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Av Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

Som praktikant i Europakommisjonen er Julie Vissgren er ein av få norske praktikantar på innsida av EU-institusjonane. – Det er kanskje ein mogelegheit mange ikkje veit om, trur ho.

Som praktikant i Europakommisjonen er Julie Vissgren er ein av få norske praktikantar på innsida av EU-institusjonane. – Det er kanskje ein mogelegheit mange ikkje veit om, trur ho.

Kvart år kjem fleire titals unge nordmenn til Brussel for å vere praktikantar, men svært få av dei arbeider på innsida av EU sine eigne institusjonar.

– Av rundt 600 praktikantar i Europakommisjonen er eg den einaste norske, seier Julie Vissgren, som er praktikant i kommunikasjonsavdelinga i generaldirektoratet for klima (DG CLIMA). Her har dei ansvar for klimapolitikk og tiltak mot klimaendringane. Eit DG er det næraste du kan kome eit departement i EU

Kvote for praktikantar frå ikkje EU-land
Det er langt mellom dei norske praktikantane i Europakommisjonen, Europaparlamentet og Rådet. Kvifor det er slik er ikkje lett å seie, men Vissgren har likevel ein teori om at praktikantmogelegheitene ikkje er formidla godt nok til studentar eller andre som kunne tenkje seg eit halvår på innsida av EU. Sjølv om Noreg ikkje er EU-medlem samarbeider vi på svært mange felt. Kunnskapen ein kan skaffe seg i løpet av eit slikt opphald er difor svært relevant.

– Eg hadde ikkje peiling på at eg som nordmann kunne søke meg til Europakommisjonen før ein nederlandsk ven fortalde at der fins ei kvote for personar som kjem frå land utanfor EU. Folk frå heile verda søker, så konkurransen om desse plassane blir sjølvsagt tøff, fortel Vissgren.

Over 15.000 søkjarar
Søknadsprosessen starta i januar. Vissgren var då nesten ferdig med ei mastergrad i internasjonale relasjonar i London, og hadde eit ønskje om å vere litt lenger i utlandet. Frå før hadde ho ein bachelor i journalistikk, noko som gjor at praktikantstillinga i kommunikasjonsavdelinga til DG CLIMA var perfekt. Her fekk ho kombinere kunnskapen ho hadde om både media og politikk.

– Eg hadde ingen forhåpningar om at eg skulle få praktikantstillinga sidan det var over 15.000 søkjarar på 600 plassar. Eg hadde ikkje tatt fag om EU i mastergraden, så eg mangla også fordjupande kunnskap om EU. Håpet blei litt større ut på våren då eg fekk beskjed om at eg var tatt ut til ei såkalla «blue book», fortel Vissgren.

Rask utvikling på klimaområdet
Ei «blue book»  er ein oversikt med dei 2800 søkjarane Europakommisjonen meiner er best kvalifiserte. Her kan dei forskjellige generaldirektorata gå inn å velje kven dei vil ha som praktikantar. Europakommisjonen tar inn to praktikantkull i året, eit på hausten og eit på våren. Midt på sommaren fekk Vissgren telefonen frå DG CLIMA. Dei ville gjerne at ho skulle kome til Brussel og ta til som praktikant frå 1. september.  

– Eg blei veldig glad, og sette i gong med å lese meg opp om EU. No har eg vore her i snart to månader. Eg trivst svært bra og har lært utruleg mykje. Det er ei spennande tid å vere i DG CLIMA fordi det skjer mykje på klimaområdet akkurat no. Mellom anna førebuingar til klimatoppmøtet i Paris neste år, fortel Vissgren.

Lett å få vener i Brussel
I DG CLIMA er det fem praktikantar, og Vissgren er den einaste i kommunikasjonsavdelinga. Oppgåvene er mellom anna å lage brosjyrar og informasjonsmateriell om arbeidet DG CLIMA held på med, halde sosiale media oppdatert og førebu arrangement.

– Det er svært bra å vere praktikant i Brussel fordi du får det sosiale servert. Ein treng ikkje legge noko særleg innsats i å få seg vener fordi byen er så sosial av natur. Eg har blitt kjent med personar frå heile verda, men det tok ei stund før eg fann nordmennene i byen, ler Vissgren.

Tips til dei som kunne tenkje seg å søke
Ho oppfordrar fleire til å søke, og har fleire tips til dei som ønskjer å prøve seg.

– Eg trur og håpar at dette er ei nyttig erfaring. Det er viktig å lese søknadsteksten godt og finne ut kva som er dine sterkaste sider. Det var slik eg prøve å tenkje då eg søkte. Ein må også skrive eit motivasjonsbrev. Det hadde vore kjekt å treffe andre nordmenn som også har vore praktikantar i Kommisjonen ein gong i framtida, seier Vissgren.

Det er ikkje berre i Europakommisjonen ein kan søke om ein kunne tenke seg eit halvår i EU sitt nervesenter. Også Europaparlamentet  tar inn praktikantar to gongar i året. I tillegg kan ein som nordmann søke seg til Norges delegasjon til EU, Noregs ambassade i Belgia, EFTA, FMO, ESA eller eit av dei seks regionkontora i Brussel. For full oversikt klikk her.