Historisk arkiv

Utveksla erfaringar i kampen mot valdeleg ekstremisme

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Av Ingvild Vereide Nave

Over heile Europa er problematikken rundt valdeleg ekstremisme og radikalisering på dagsorden. Førre vekke var representantar frå Justisdepartementet og politiet på besøk for å utveksle erfaringar med EU og Belgia.

I to dagar har medarbeidarar frå Justis- og beredskapsdepartementet si politiavdeling, Politidirektoratet (POD) og Politiets tryggleiksteneste (PST) vore i Brussel for å lære om korleis både EU og Belgia taklar desse utfordringane. Mellom anna har problematikken rundt framandkrigarar vore diskutert.

– Målet er at studieturar som denne skal gi oppdatert kunnskap og betre samarbeid med både EU og Belgia, fortel justisråd ved Norges delegasjon til EU, Astrid Solhaug.

Ny handlingsplan
Tidlegare i år la regjeringa fram ein ny handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Eit av måla i planen er eit tettare samarbeid med landa i EU, for å dele kunnskap og erfaringar med kvarandre.

– Både EU og Belgia har lagt ned mykje arbeid for å takle problemstillingar rundt radikalisering. Belgia er mellom EU-landa som har flest framandkrigarar per innbyggjar, og deira erfaringar er svært nyttige for Norge, seier Solhaug.

På turen har representantane frå Noreg mellom anna møtt Europakommisjonen sitt generaldirektorat for innanrikssaker, EU sin utanriksteneste (EEAS) og det belgiske føderale politiet.

Avgjerande å dele erfaringar
– Førebygging av radikalisering er ein topp-prioritet for POD, PST og regjeringa. Vi har mange av dei same utfordringane som andre land, og ofte liknande tilnærmingar til korleis vi taklar dei, fortel Elin Solberg i Politiavdelinga i Justisdepartementet.

Ved å møte både internasjonale aktørar som EU, og politimyndigheiter som opererer på nasjonalt nivå har delegasjonen skaffa seg oppdatert informasjon om trusselbilete og arbeidet som pågår for å møte dette heilt frå det overordna, internasjonale nivået til det meir lokale.

– Det er heilt avgjerande at vi deler erfaringar for å vidareføre dei tiltaka som verkar, og justere det som kan fungere endå betre, fortel Solberg. 


LES MEIR: