Historisk arkiv

Veka som var - veke 47

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Europaportalen

Eit uhøgtideleg skråblikk på veka som var, sett frå Brussel

Ein slags einhjørning er funnen i Slovenia og du kan faktisk kjøpe deg hus på Sicilia for berre ein euro. Få med deg det uhøgtidelege nyhendebilete frå veka som var her.

Ein slags einhjørning er funnen i Slovenia og du kan faktisk kjøpe deg hus på Sicilia for berre ein euro. Her kan du få med deg det meir uhøgtidelege nyhendebilete frå veka som var.

Nokre dyr er sjeldnare enn andre, og aller sjeldnast er den magiske einhjørningen. Den er faktisk så sjeldan at ingen har sett eit einaste levande eksemplar. Til no har ein trudd at einhjørningen var ein hest med eit horn, men eit spektakulært funn i Slovenia tyder på noko heilt anna. I byen Celje har ein nemleg funne skjelettet til ein einhjørningshjort! Skjelettet har kun eit gevir midt i panna. Diverre for alle dei som elskar einhjørningar, er årsaka mest truleg ei skade hjorten fekk då geviret starta å vekse ut.

Kong vinter har tatt over og kveldane har blitt mørkare. Medan nokre elskar vinteren, har andre mest lyst å gjere som trekkfuglane og reise til varmare strøk. Om du ønskjer å sikre deg sol året rundt kan byen Gangi på Sicilia i Italia vere ei løysing.

På grunn av fall i innbyggjartalet bestemte byen seg for å legge 20 tome eigedomar ut for sal. Prislappen er svimlande låg, berre 1 euro! No kjempar minst femti personar om å fa fatt i husa, og byen som til no har vore kjent for få, har hatt besøk av minst 150 interesserte kjøparar frå heile verda. I tillegg til den eine euroen må ein også betale 6000 euro i kjøpskostnadar, og renovasjonsarbeid til rundt 35.000 euro. Lokale autoritetar vurderer søknadane, og ein må mellom anna kome med idear for å utvikle byen vidare.

Medan nokre vil vekk frå isen, vel andre å lage kunst av den. I Belgia arbeider no is-skulptørar med å lage ei kjempestor utstilling av Disney-figurar. Utstillinga er så stor at ein har valt å la to byar få kvar sin del, Liege og Antwerpen. I over ein månad har skulptørane skjært ut Hercules, Aladdin og Simba av isblokker. Totalt har 400 tonn vatn blitt nytta for å lage is-utstillinga. La oss håpe at finvêret i helga som var med 16 plussgrader ikkje smelta figurane…

At jula nærmar seg blir også spegla i nyhendebilete. Brussel har fått sin første julepresang i form av eit juletre frå Latvia. Treet frå Tireliwoud utanfor Riga reiste nesten 2000 kilometer før det no blir pynta og sett opp på Grand Place i hjartet av Brussel. I fjor kom juletreet frå Ardennene sør i Belgia.

Det har vore ei tøff veke for den irske oksen Benjy. Avlsoksen viste meir interesse for andre oksar, enn kyrne på garden i County Mayo. Bonden fekk ikkje den avlsoksen han ønskte seg, og mistenkte at oksen var homofil. Difor såg ikkje bonden noko anna løysing enn å sende oksen til slakting.

Ei lokal avis skreiv om saka etter tips frå eigaren, noko etterkvart både dyrevernsorganisasjonar, ein interesseorganisasjon for homofile og Sam Simon, ein av skaparane av The Simpsons, fekk med seg. The Gay UK starta ein innsamlingsaksjon for å redde oksen og transportere han til ein trygg stad der han kan leve lukkeleg. Saman klarte organisasjonane å samle saman 9000 pund på under ei veke, og eigaren av Benjy har rapportert om at oksen gløda av glede då han fekk dei gode nyhendene.

Befolkninga i den tyske byen Wunsiedel har i årevis vore plaga av nynazistar som marsjerer gjennom byen kvar november. Årsaka er at Rudolf Hess, Hitler sin nummer to, er gravlagt i byen. I år bestemte organisasjonen Rechts gegen Rechts (Høgre mot høgre) å lure ny-nazistane til å drive med veldedigheitsarbeid.

 I staden for å protestere mot marsjen, som innbyggjarane til vanleg gjer, blei innbyggjarar og butikkeigarar einige om å donere 10 euro for kvar meter nynazistane marsjerte. På slutten av marsjen hadde dei også hengt opp ei skilt der det sto at ny-nazistane akkurat hadde samla inn pengar mot seg sjølv. På slutten av dagen var heile 10.000 euro samla inn og donert til EXIT-Deutschland, ein organisasjon som hjelper folk ut av ny-nazistiske grupper.

God veke!