Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet i høve 60-årsdagen til Aung San Suu Kyi (17.06.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeisk unionen i høve 60-årsdagen til Aung San Suu Kyi (17.06.05)

Den europeiske unionen merkjer seg at nobelprisvinnaren Daw Aung San Suu Kyi den 19. juni fyller 60 år mens ho sit i husarrest, avskoren frå kontakt med familie, venner og politiske kollegaer. EU håpar at dette blir siste fødselsdagen hennar som ufritt menneske, og oppfordrar Det statlege freds- og utviklingsrådet (SPDC) om straks å setje henne, U Tin Oo og alle andre politiske fangar fri. EU meiner at eit slikt trekk vil tene til å leggje til rette for dialog og forsoning i Burma/Myanmar. Som Daw Aung San Suu Kyi meiner også EU at det langvarige politiske problemet i Burma/Myanmar må løysast gjennom dialog og ikkjevald.

EU er særleg uroa over den rådande situasjonen i Burma/Myanmar, mellom anna terroriståtaka den 7. mai, som førte til at mange uskuldige miste livet og har skapt eit utrygt klima.

EU, som støttar den territoriale integriteten til Burma/Myanmar, er òg uroa over dei auka spenningane mellom nasjonalitetane, særleg Shanstaten og karenfolket (KNU).

EU forpliktar seg på ny til å støtte opp om nasjonal forsoning og respekt for menneskerettane og demokratiet i Burma/Myanmar, og ber SPDC om å gå inn i reelle samtalar med NLD og dei etniske representantane for å finne fram til fredelege politiske løysingar som tek omsyn til dei legitime interessene deira.

EU seier seg på ny sterkt engasjert i å innsatsen for å dekkje behova til dei fattigaste i Burma/Myanmar, særleg innan helse, skulegang og utvikling av lokalsamfunn, i samsvar med Felles posisjon 2004/730/CFSP av 25. oktober 2004.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, kandidatlanda Tyrkia og Kroatia 1Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen., landa i stabiliserings- og assosieringsprosessen og dei potensielle kandidatlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.