Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Guinea-Bissau

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegne av Den europeiske unionen om Guinea-Bissau

Den europeiske unionen merkjer seg at innsetjingsseremonien for den nyvalde presidenten, general Joao Bernardo Nino Vieira, skal gå føre seg 1. oktober. Unionen håpar at denne seremonien vil gå etter planen, og verte gjennomført på ein fredeleg måte og i ordna former.

Den europeiske unionen understrekar på nytt kor viktig det er med politisk og institusjonell stabilitet i Guinea-Bissau, fordi dette er ein føresetnad for kontinuerleg støtte og hjelp frå det internasjonale samfunnet og for utviklinga av eit godt tilhøve til dei internasjonale finansinstitusjonane. Ein garanti for kontinuitet i finanspolitikken og den økonomiske politikken vil vere viktig med tanke på postkonflikt-naudhjelp (Emergency Post-Conflict Assistance (EPCA)) og for ei vellykka gjennomføring av rundebordskonferansen for gjevarar som skal haldast i november.

I denne samanhengen er det viktig for stabiliteten i Guinea-Bissau at alle som er involverte i den politiske prosessen i landet klart respekterer det demokratiske mandatet til dei valde styresmaktene, og forpliktar seg til institusjonelt samarbeid.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.