Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om avtalen mellom dei politiske partia og maoistane i Nepal (05.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avtalen mellom dei politiske partia og maoistane i Nepal (05.12.05)

EU rosar innsatsen til dei politiske partia i Nepal for å få til ein avtale med maoistane som kan danne grunnlaget for ein fredsprosess i landet. EU vil gå nøye gjennom kunngjeringane som kjem frå dei politiske partia og maoistane.

EU helsa kunngjeringa om ein einsidig våpenstillstand i september velkommen. Samtidig retta EU ei inntrengjande oppmoding til maoistane om å ta konkrete steg for å gjere endeleg slutt på praksisen med å bruke vald for politiske føremål. Avtalen mellom partia og maoistane ser ut til å innehalde visse positive steg i den retninga.

EU støttar framleis maoistanes overgang til å bli eit vanleg politisk parti, men unionen under­strekar på nytt at ein slik prosess krev ei forpliktande tilsegn frå maoistane si side om å gi avkall på bruken av vald, og at dei legg ned våpna på ein måte som kan verifiserast. Som eit første steg oppmodar EU maoistane til å forlengje våpenstillstanden og medverke til å skape ein gunstig atmosfære for å ta opp att fredsforhandlingane.

Som troikaen gav uttrykk for i oktober, ber EU kongen innstendig om å kome dei politiske partia i møte, slik at det kan utviklast ein felles agenda for ei fullstendig tilbakevending til eit demokratisk fleirpartisystem. EU ber derfor kongen og regjeringa i Nepal om å erklære våpenkvile og gå inn i seriøse forhandlingar for å finne ei løysing på konflikten.

EU stadfester på nytt sin vilje til å støtte ein meiningsfull fredsprosess.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.