Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om den zimbabwiske regjeringas avvising av humanitær hjelp (07.11.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den zimbabwiske regjeringas avvising av humanitær hjelp (07.11.05)

Den europeiske unionen merkjer seg erklæringa som FNs generalsekretær sende ut om Zimbabwe 31. oktober.

Den europeiske unionen deler FNs uro over den alvorlege humanitære situasjonen i Zimbabwe, etter at så mange er fordrivne i samband med Operasjon Murambatsvina ("Ut med søppelet"). Til liks med FNs generalsekretær er unionen forferda over at regjeringa i Zimbabwe ikkje har erkjent dei akutte humanitære behova som generalsekretærens spesialutsending har skildra i sin rapport, og at regjeringa har avvist hjelp til dei zimbabwarane som har vorte heimlause og naudlidande etter dei siste hendingane.

Den europeiske unionen oppmodar regjeringa i Zimbabwe til å samarbeide med FN og det internasjonale samfunnet for å skaffe hjelp og tak over hovudet til dei som lir naud som følgje av Operasjon Murambatsvina. Unionen ber regjeringa i Zimbabwe om å følgje opp alle tilrådingane i spesialutsendingens rapport. Den europeiske unionen oppmodar på nytt Zimbabwe til å respektere menneskerettane, særleg slik dette kjem til uttrykk i rapporten frå general­sekretærens spesialutsending for busetjingsspørsmål i Zimbabwe.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.