Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om parlamentsvalet i Egypt (09.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om parlamentsvalet i Egypt (09.12.05)

Den europeiske unionen har med stor interesse følgt med på valet til Folkeforsamlinga i Egypt, som vart gjennomført i tre omgangar mellom 9. november og 7. desember.

EU seier seg glad for den opne politiske debatten som framleis finn stad i Egypt, og den rolla media i landet spelar i denne debatten. Valet har skapt ein ny parlamentarisk situasjon.

EU ser med uro på valdsepisodane som fann stad i ein del valkrinsar under den andre og den tredje valomgangen, med dødsfall og personskadar som resultat, og dei mange rapportane om regelbrot frå valobservatørane. Unionen er særleg uroa over den rolla tryggingstenesta spela under dei siste valomgangane, spesielt ved at dei hindra folk tilgang til vallokala, og vitnesbyrda om omfattande bruk av trugsmål.

Når det gjeld overvaking, er EU glad for avgjerda i det øvste valrådet om at nasjonale valobservatørar skal ha tilgang til vallokala. Samtidig seier EU seg lei for at observatørane ikkje fekk tilgang til alle vallokala. EU gjer merksam på at internasjonale valobservatørar kan spele ei viktig rolle som eit supplement til den nasjonale valovervakinga, og understrekar at unionen er parat til å yte hjelp i så måte i framtida dersom det skulle kome ein førespurnad.

EU legg stor vekt på den politiske reformprosessen som dei egyptiske styresmaktene har forplikta seg til å gjennomføre, og lovnadene om politiske reformer og valreformer som har kome under presidentvalkampen. EU er reie til å støtte Egypts arbeid med å fremme reformer, m.a. gjennom hjelp til gjennomføring av val.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlandet Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.