Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om presidentvalet i Honduras (14.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Honduras (14.12.05)

Den europeiske unionen seier seg glad for det frie og fredelege valet som vart gjennomført i Honduras 27. november 2005, og sender sine oppriktige gratulasjonar til den nyvalde presidenten, Jose Manuel Zelaya Rosales.

Demokratiet har styrkt seg ytterlegare dei siste åra. Dette valet er det første som er arrangert etter at den nye lova om val og politiske organisasjonar vart vedteken, og Den europeiske unionen ber innstendig alle dei politiske partia i Honduras om å halde fram med å styrkje institusjonaliseringa av valprosessane.

Den europeiske unionen merkjer seg den økonomiske framgangen og den auka stabiliteten i dei offentlege finansane som er oppnådd under president Maduro. EU vil halde fram med å støtte den demokratiske, økonomiske og sosiale utviklinga i Honduras. Unionen ser fram til å styrkje banda til Honduras, særleg innanfor ramma av det regionale samarbeidet med Sentral-Amerika.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.