Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om presidentvalet, parlamentsvalet og dei lokale vala i Tanzania (20.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet, parlamentsvalet og dei lokale vala i Tanzania (20.12.05)

Den europeiske unionen seier seg glad for at det tredje president-, parlaments- og lokalvalet med deltaking frå fleire parti vart gjennomført i Tanzania 14. desember. Den europeiske unionen sender sine gratulasjonar til:

- Jakaya Kikwete, som er vald til president i Tanzania. Den europeiske unionen ser fram til ein strukturert politisk dialog med han og hans regjering frå CCM (Revolusjonspartiet) om grunnleggjande spørsmål som ansvarleg styring, politisk pluralisme, kamp mot fattigdom og økonomisk vekst basert på investeringar, arbeidsplassar og kompetanse,

- den nasjonale valkommisjonen og medarbeidarane i kommisjonen for eit profesjonelt gjennomført val, og for utarbeidinga av eit permanent nasjonalt veljarregister for 16 millionar tanzanianarar, som Den europeiske unionen har ytt bidrag til,

- folket i Tanzania for deira klare engasjement for demokratiet, og for tolmodet og viljestyrken som så mange viste for å få utøve retten sin til å røyste og gjere det klart kva dei meinte.

Den europeiske unionen er uroa over den politiske polariseringa på Zanzibar, der det igjen har vore valdelege episodar og påstandar om valfusk. Den europeiske unionen ønskjer å samarbeide med alle partar for å fremme forsoning, basert på dialog og eit ekte engasjement for demokrati, menneskerettar og økonomiske reformer.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.