Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om situasjonen for menneskerettane i Usbekistan (08.11.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen for menneskerettane i Usbekistan (08.11.05)

Den 3. oktober 2005 uttrykte utanriksministrane i Den europeiske unionen uro over rapportar om fengsling og trakassering av personar, mellom dei menneskeretts­forkjemparar, journalistar o.a., som hadde sett spørsmålsteikn ved dei usbekiske styresmaktene sin versjon av hendingane i Andizjan 12.-13. mai, og dei oppmoda den usbekiske regjeringa om å gjere slutt på denne praksisen. Den 19. og 26. oktober uttrykte Den europeiske unionen også uro over behandlinga av Elena Urlaeva og Sanjar Umarov.

Den europeiske unionen seier seg glad for at Elena Urlaeva vart sett fri 28. oktober etter å ha vore internert i ein psykiatrisk institusjon, og unionen ber dei usbekiske styresmaktene stadfeste at behandlinga vert innstilt i påvente av ei uavhengig medisinsk vurdering av tilstanden hennar.

Den europeiske unionen er uroa over rapportar om dei "uakseptable forholda" som Sanjar Umarov, leiaren for Solskinskoalisjonen, vert halden internert under. Den europeiske unionen ber innstendig om at dei usbekiske styresmaktene må gå med på ei uavhengig vurdering av Umarovs tilstand.

Den europeiske unionen er òg uroa over omstenda rundt fengslinga og interneringa av Mukhtabar Tojibaeva og Saidjahon Zainabitdinov og ønskjer ei klargjering av skuldingane mot dei og helsetilstanden deira.

Den europeiske unionen har tidlegare gjeve uttrykk for uro når det gjeld omstenda Dilshod Khajiev, Tavakal Khajiev, Hasan Shakirov og Mukhammad Kadirov vart sende tilbake til Usbekistan under, trass i at dei hadde fått innvilga flyktningstatus av FNs høgkommissær for flyktningar. Den europeiske unionen ønskjer å få klargjort kva klagemåla mot dei går ut på, kor dei vert haldne og korleis helsetilstanden deira er. Den europeiske unionen ber dei usbekiske styresmaktene innstendig om at alle dei internerte vert behandla i samsvar med internasjonale normer, og at dei får full tilgang til sine advokatar, sine familiar og andre som er uroa over tilstanden deira.

Den europeiske unionen oppmodar på nytt dei usbekiske styresmaktene om å verne ytrings­fridomen ved å gjere slutt på trakasseringa og interneringa av dei som gjer bruk av denne grunn­leggjande retten, mellom dei menneskerettsforkjemparar, journalistar og andre.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.