Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om valet i Dei sameinte arabiske emirata (06.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Dei sameinte arabiske emirata (06.12.05)

EU seier seg glad for kunngjeringa 1. desember frå presidenten i Dei sameinte arabiske emirata om hans planar om val til ein del av plassane i det føderale Nasjonalrådet. Dette valet vil bli det første i historia til Dei sameinte arabiske emirata, og det vil vere eit viktig steg på vegen mot ei forfatningsreform.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.