Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Algeries avgjerd om å gi amnesti til straffedømte journalistar i høve den internasjonale dagen for pressefridom (05.05.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Algeries avgjerd om å gi amnesti til straffedømte journalistar i høve den internasjonale dagen for pressefridom

05.05.06

EU seier seg glad for amnestiet som president Bouteflika har gitt straffedømte journalistar i høve den internasjonale dagen for pressefridom. Denne avgjerda er eit positivt signal om at den algeriske leiinga ønskjer å respektere pressefridomen. EU håpar at dette tiltaket vil verte følgt opp av ei endring i måten injurielova vert praktisert på, slik at denne kan bringast i samsvar med det Algerie har forplikta seg til innanfor ramma av Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.