Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om avtalen mellom Chad og Sudan (13.02.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avtalen mellom Chad og Sudan (13.02.06)

Den europeiske unionen seier seg glad for avtalen som vart underteikna av presidentane i Chad og Sudan 8. februar 2006, på toppmøtet som vart halde i Tripoli under leiing av presidenten i Den afrikanske unionen, Denis Sassou N'guesso, og Libyas leiar Muammar Al Kaddafi.

Etter den spente situasjonen som oppstod etter at opprørarar frå Chad gjekk til åtak på byen Adre 18. desember 2005, ser Den europeiske unionen på denne avtalen som eit viktig bidrag til å byggje opp att ein atmosfære av tillit og samarbeid mellom dei to landa. EU oppmodar begge partar til å respektere denne avtalen, og særleg punktet der dei forpliktar seg til å avstå frå å gi ly til opprørarar frå den andre parten på sine respektive territorium.

Den europeiske unionen helsar òg Tripoli-erklæringa om situasjonen mellom Chad og Sudan velkommen, som eit uttrykk for at landa i regionen framleis er villige til å engasjere seg i spørsmålet, og at dei vil støtte opp om gjennomføringa av avtalen.

Den europeiske unionen håpar denne avtalen vil medverke til framgang i forhandlingane i Abuja, slik at ein kan kome fram til ei snarleg løysing på konflikten i Darfur.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.