Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om dei egyptiske styresmaktene si behandling av sivilsamfunnsaktivistar (15.05.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dei egyptiske styresmaktene si behandling av sivilsamfunnsaktivistar

15.05.06

EU har med uro følgt med på utviklinga i Egypt, der det har vore arrangert fleire demonstrasjonar i samanheng med vedtaket nyleg om å forlengje unntakstilstanden i Egypt og den pågåande disiplinær­saka mot to egyptiske dommarar for m. a. å ha kritisert måten det egyptiske parlamentsvalet i 2005 vart gjennomført på. Politioperasjonens omfang og den hardhendte måten demonstrantane vart behandla på verkar heilt ute av proporsjon.

Den europeiske unionen uttrykkjer uro over at mange av dei som deltok i desse demonstrasjonane er arresterte og vert haldne internerte. Den europeiske unionen er særleg uroa over at ei rekkje av dei internerte etter utsegn frå advokatane deira er arresterte på grunnlag av føresegner i unntakslova. Dei er mellom anna arresterte utan arrestordre, ein prosedyre som berre skal nyttast når det føreligg unntakstilstand.

Den europeiske unionen merkjer seg avgjerda om å forlengje unntakstilstanden med to nye år, og fråsegna om at han ikkje skal forlengjast etter 2008. Den europeiske unionen minner om lovnadene om politiske reformer i valprogrammet til president Mubarak i 2005, særleg lovnaden om å oppheve unntakstilstanden.

Etter at det var vedteke å forlengje unntakstilstanden, erklærte den egyptiske regjeringa at unntakstilstanden berre skulle vere eit ledd i kampen mot terrorismen, og ikkje brukast mot politiske motstandarar. Den europeiske unionen rettar ei sterk oppmoding til dei egyptiske styresmaktene om å avgrense bruken av unntakslova til tilfelle der det er snakk om terror, og gjere slutt på unntakstilstanden så snart råd er.

Den europeiske unionen oppmodar den egyptiske regjeringa til å la sivilsamfunnsaktivistar og andre politiske krefter få ytre seg fritt, til å tillate fredelege demonstrasjonar og forsamlingsfridom, og til å oppretthalde den offentlege orden gjennom opne rettslege prosedyrar som står i eit rimeleg forhold til situasjonen.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.