Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om dei siste terroråtaka i India (09.03.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dei siste terroråtaka i India (09.03.06)

Den europeiske unionens formannskap fordømmer på det sterkaste bombeåtaka nyleg i hinduane sin heilage by Varanasi, og karakteriserer dei som brutale terrorhandlingar som har drepe og såra uskyldige menneske.

EUs formannskap ønskjer å gi uttrykk for si djupaste medkjensle med dei familiane som har mista sine kjære, og uttrykkjer ønske om ei snarleg betring for dei som vart såra under desse ugjerningane.

Den europeiske unionen håpar oppriktig at dei som er ansvarlege for desse barbariske terror­handlingane, vert arresterte og stilte for retten.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.