Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om førebuingane til presidentvalet i Madagaskar (03.11.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om førebuingane til presidentvalet i Madagaskar (03.11.06)

Den europeiske unionen er oppteken av å konsolidere demokratiet i Madagaskar, og vil difor på oppmoding frå dei madagassiske styresmaktene aktivt støtte førebuingane til presidentvalet 3. desember 2006. Den europeiske unionen er merksam på kor viktig det er at valprosessen blir rett gjennomført og får eit tilfredsstillande utfall, og ber om at det blir nytta ein framgangsmåte som det er konsensus om i førebuingane til avrøystinga. Unionen ber òg alle presidentkandidatane og dei madagassiske styresmaktene om å følgje dei grunnleggjande prinsippa for eit fritt, rettferdig og ope val. Difor oppmodar Den europeiske unionen alle kandidatane om å opptre korrekt. Unionen minner på nytt om at alle kandidatane må ha lik tilgang til dei statlege media, og vonar at valkampen vil bli gjennomført på ein open og demokratisk måte.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* >Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.