Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om opningsmøtet i det føderale somaliske overgangsparlamentet (03.03.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om opningsmøtet i det føderale somaliske overgangsparlamentet

Den europeiske unionen (EU) seier seg svært glad for at den ekstraordinære sesjonen i det føderale overgangsparlamentet vart opna i Baidoa 26. februar. EU rosar leiarane for dei føderale overgangsinstitusjonane for motet dei har vist i arbeidet for å få til ein avtale som kunne leggje til rette for ein slik sesjon, og unionen er svært nøgd med at dei har lykkast med å gjennomføre avtalen under ekstremt vanskelege forhold.

EU meiner dette viser eit seriøst engasjement for å innføre eit demokratisk styre i Somalia, der alle kan delta, og unionen oppmodar innstendig alle medlemmene av det føderale overgangsparlamentet om å gå til arbeidet med ei konstruktiv og inkluderande haldning.

EU er glad for at byen har vorte tryggare og oppmodar alle partar om å halde fram med arbeidet for å betre tryggleiken. EU ser fram til ei brei semje om ein nasjonal tryggings- og stabiliseringsplan.

EU er framleis fast bestemt på å oppretthalde si politiske, moralske og materielle støtte til gjennomføringa av overgangsperioden gjennom dei føderale overgangs­institusjonane.

EU fordømmer derimot på det sterkaste bruken av vald i Mogadishu for å løyse konfliktar, og unionen uttrykkjer uro over kampane i hovudstaden den siste tida og dei mange ofra for desse kampane, særleg blant dei sivile. EU uttrykkjer si medkjensle overfor ofra og familiane deira og rettar ei inntrengjande oppmoding til partane om å vise atterhald og forplikte seg til å løyse konfliktane med fredelege middel.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.