Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om "folkerøystinga om grunnlova" i Nagorno-Karabakh 10.12.2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om "folkerøystinga om grunnlova" i Nagorno-Karabakh 10. desember 2006 (11.12.06)

Den europeiske unionen er merksam på at det fann stad ei "folkerøysting om grunnlov" i Nagorno-Karabakh 10. desember 2006. EU minner om at dei ikkje godkjenner Nagorno Karabakhs sjølvstende. Dei godkjenner heller ikkje verken "folkerøystinga" eller resultatet av ho.

EU understrekar på nytt si solide støtte til OSSEs Minsk-gruppe og formennene for gruppa og til deira innsats for å få ei løysing på konflikten i Nagorno-Karabakh. EU meiner at å gjennomføre ei slik "folkerøysting", og dermed føregripe resultatet av dei forhandlingane som er i gang, ikkje var eit konstruktivt bidrag til ei fredeleg løysing på konflikten. EU oppmodar alle partar i konflikten om å intensivere innsatsen for å komme fram til ei framforhandla løysing på konflikten.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.