Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om arrestasjonen av Mansour Ossanlou

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om arrestasjonen av Mansour Ossanlou (13.12.06)

EU fordømmer på det sterkaste at Mansour Ossanlou, leiaren for fagforeininga for dei tilsette i busselskapet for Teheran-området, er blitt arrestert på nytt, ein arrestasjon som det ikkje synest å vere nokon truverdig grunn til. EU er svært uroa over rapportane om at Ossanlou blei arrestert av sivilkledde politimenn som ikkje viste fram nokon arrestordre, og at han ikkje har fått tilgang til rettshjelp.

EU ber innstendig Iran om fullt ut å respektere retten til forsamlings- og ytringsfridom og retten til å skipe eller melde seg inn i fagforeiningar. EU oppmodar Iran om å etterleve dei pliktene dei har under den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar og den internasjonale konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, og å oppfylle sine forpliktingar under ILO-erklæringa frå 1998 om grunnleggjande prinsipp og rettar i arbeidslivet.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.