Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om presidentvalet i Venezuela

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Venezuela (07.12.06)

Den europeiske unionen gratulerer Hugo Chávez Frías med at han er blitt attvald som president i Republikken Venezuela, og dessutan folket og dei politiske kreftene i landet for den mogne valprosessen.

EU seier seg nøgd med at valet 3. desember 2006 fann stad i ein fredeleg og open atmosfære, og dermed skapte eit godt grunnlag for den vidare utviklinga av demokratiske institusjonar og politisk dialog i Venezuela. EU verdset òg det nasjonale valrådet si velvillige haldning til valobservatørsendelaget frå EU.

EU understrekar på nytt at dei er fast bestemte på å støtte konsolideringa av demokratiet og godt styresett i Venezuela, og dessutan kampen mot fattigdom, ulikskap og utestenging. EU støttar òg den kampen regjeringa fører mot korrupsjon og for å fremje toleranse. Alt dette er vesentleg for velferda til Venezuela og borgarane der.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.